14. desember 2019

Flannery O'Connor: A Good Man Is Hard to Find (1955)

Flannery O'Connor fekk ikkje noko langt liv. Då ho døydde, 39 år gamal, hadde ho gjeve ut to romanar og ei novellesamling, og året etterpå kom det ei novellesamling. Målt i sidetal og bøker er det ikkje rare forfattarskapen, men bøkene hennar står likevel som pålar i den amerikanske litteraturhistoria. Det er spesielt novellesamlingane hennar som vert dregne fram, og dette er den fyrste av dei.

Det er jamt over glimrande noveller. Det handlar om folk på landsbygda i sørstatane, eit område og eit folk ho kjende godt frå eigen oppvekst. Ho er glad i dei ho skriv om, men ho kan òg le av dei. Slik er det til dømes i den avsluttande og lengste novella, "The Displaced Person", der ei av kvinnene er urkomisk, med si altfor store tru på seg sjølv og si altfor låge tru på alle andre.

Eg vart for alvor introdusert for O'Connor då eg tok engelsk mellomfag. Eg hugsar at eg tenkte at ho som leia det kurset var altfor oppteken av det religiøse i det O'Connor skreiv, og det meiner eg vel framleis, sjølv om det er stadige referansar til religion i tekstane. Nokre slit med sitt eige forhold til religion, nokre andre slit med andre sitt forhold til religion, medan andre igjen har lagt all religion frå seg. Her er òg mange referansar til tekstar frå Bibelen.

Sjølv gler eg meir over at novellene er så godt komponerte. Her kjem stadig uventa vendingar. Her er ein del vald og groteske hendingar, men det ligg like ofte ei kjensle av ubehag under tekstane, ei kjensle som ikkje alltid resulterer i noko gale. Og her er enorme mengder humor, både i situasjonar og i dei mange originale og treffsikre metaforane.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar