18. desember 2021

Flannery O'Connor: Good Things Out Of Nazareth (2019)

I 1979, femten år etter at Flannery O'Connor døydde, kom brevsamlinga The Habit of Being ut. Det er ei finfin bok, der O'Connor skriv mykje om både liv og verk. Denne boka er bygd over same leisten, men er ikkje like fengande. 

Det er fleire grunnar til det. Den viktigaste grunnen står truleg med lita skrift på framsida: "The Uncollected Letters of Flannery O'Connor and Friends". And Friends? Brev som er skrivne til O'Connor kan vera interessante, spesielt brev frå forfattarar som drøftar bøkene hennar, men brev som venene hennar skriv til kvarandre, og som stort sett handlar om heilt andre ting, er ikkje interessante. I denne boka står det mykje om religion, og det er greitt at religion spelar ei viktig rolle i forfattarskapen hennar. Men igjen - det er ikkje spesielt interessant å lesa katolske prestar drøfta litteratur. Det er òg litt rart at breva ikkje kjem kronologisk - eit par stader kjem det hopp langt tilbake i tid, utan at det er lett å skjøna grunnen til det.

Så her er mange innvendingar. Hadde her berre vore brev frå O'Connor hadde eg vore langt meir nøgd. For breva hennar er jo tidvis glimrande. Ho skriv om livet, om mora og hushaldet, om sjukdomen sin, om forfattarskapen sin, om møte med lesarar, osb. Når ho er i kjempeform smittar humøret over på breva, og fleire stader er her ting å le høgt av. 

Guffen er lunken.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)
A Prayer Journal (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar