28. desember 2021

Dave Grohl: The Storyteller (2021)

 

Det er rart med det. Eg har eigentleg ikkje sansen for Foo Fighters, men likevel les eg bøker og ser filmar om dei. Grunnen er vel opplagt - Dave Grohl, som er gitarist og vokalist og komponist i Foo Fighters, var trommeslagar i Nirvana, og det er eit band eg gjerne høyrer på.

Denne boka er finfin. Ein av grunnane er, paradoksalt nok for meg, at han ikkje skriv spesielt mykje om Nirvana. Grohl prøver ikkje å skriva ein komplett sjølvbiografi, han fortel i staden om episodar og hendingar som har vore viktige for han. Bolken om Nirvana sluttar omtrent då gjennombrotet kjem. Det står sjølvsagt litt om sjølvmordet til Kurt Cobain, men ikkje spesielt mykje. Courtney Love vert ikkje nemnt med eit ord.

Han skriv meir om tida i Foo Fighters. Det gjev òg meining, her har han ei sentral rolle, og dette bandet har eksistert i meir enn tjue år. Han skriv òg om oppvekst, han skriv flott om korleis han vart introdusert for punk, han skriv om tida i det fyrste verkelege bandet sitt, Scream. Han skriv om kor viktig musikken har vore for han, om korleis han møter mange av heltane sine, og mot slutten vert det litt i meste laget med namedropping. 

Og alt dette fungerer av di tittelen på boka er heilt korrekt. Grohl veit korleis han skal fortelja historier, og kvart kapittel er eksemplarisk bygd opp. Han framstår som ein triveleg person, ein som er fullt klar over at han har hatt ein god del flaks i livet sitt.

Guffen tilrår. 

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar