16. mai 2021

Ragnar Hovland: Bussen til Peking (1984)

 

Ragnar Hovland har ein variert forfattarskap, og bøker som dette er med på å auka variasjon: Her er ein bolk med attdiktingar, ein med korte tekstar, ein med litt lengre dikt, her kjem ein kriminalroman (utan konklusjon), her er ei samling med artiklar, osb. Alt er ikkje like fengande, men stort sett er det velstand.

Kriminalromanen, Døden kjem presis, er frå 1977, altså to år før Alltid fleire dagar, debutboka til Hovland kom ut. (Her er forresten òg teke med eit utelate kapittel frå debutboka.) Handlinga er lagt til Bergen, og vert fortalt av ein privatdetektiv som er slik privatdetektivar skal vera. Han skal finna ein forsvunnen person, men det greier han ikkje. I eit kort etterord skriv Hovland at det var meininga at romanen skulle fullførast, men at han aldri kom så langt. 

Dei korte tekstane, som vert kalla eksotismar, er jamt over fine, og peikar på ein måte framover mot Sjølvmord i Skilpaddekafeen. I bolken med artiklar, som denne boka er kalla opp etter, er der mellom anna lange referat frå Vossa Jazz 1977 og 1983, og der er òg referat frå to forfattarkveldar i regi av Vestlands-avdelinga av Norsk Forfattarsentrum, der mellom anna Ragnvald Vaage er med. Hovland er, som mange veit, ein av dei store kråke-forfattarane i norsk litteratur, og om Vaage skriv han at "han skreiv brukande dikt, han skreiv til og med om kråker utan å la dei vere symbol på noko".

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar