Dette var stas. Eg kjøpte boka på Mammutsal, og rekna vel eigentleg med at det var ei bok der det meste var kjent. Eg tok så til dei grader feil.
Eg har ein del bøker om Jotunheimen. I svært mange av dei står det om historia til dette fjellområdet, og det står som regel om akkurat det same. Og det er gjerne dei same replikkane og sitata som vert dregne fram. Om Keilhau og Boeck i 1820, om Wergeland som reiser over Sognefjellet, om Vinje (med sitat frå Pantebrevet), om Slingsby, Mohn og Lykken i Mohns skar i 1876 (der heile replikkvekslinga alltid er med), om Tre i Norge (der det kjem eit sitat om norske fiskeskikkar), om Therese Berthaeu, og så bortetter. Det var det eg trudde eg fekk her. Det gjorde eg for så vidt, men eg fekk så mykje, mykje meir.
Aasgaard har gjort noko alle dei andre forfattarane burde gjort. I staden for å bruka andre fjellbøker som kjelde har han gått til originalkjelda. Det kan vera DNT-årbøker, det kan vera andre publikasjonar, det kan vera brev og arkiv. Alt det innsamla materialet bruker han til ei kronologisk framstilling av Jotun-historia. Mest plass gjev han til åra 1868-1908. Det var då pionerane famla seg fram, og det er her boka er aller best. Han fortel om utviklinga, år for år, om nye ruter, nye fjelltoppar som vert erobra, nye hytter, nye klatrarar, og han gjer det grundig. Som regel stadfestar og utdjuper han den kjende historia, av og til kjem han med ny informasjon som gjer at dei etablerte historiene må etablerast. Legg til at boka har ei rekkje flotte (og relativt ukjende) illustrasjonar, og vips: Me har ei bok som går inn blant Jotun-favorittane, og som kan hentast fram ofte.
Noko skal det likevel trekkjast for: Det er framleis uforståeleg at ein samlar så mykje informasjon i sluttnotar. Den lengste sluttnoten dekkjer nesten ei heil side, og det må vera opplagt at viss all den teksten skal vera med, bør han få plass i hovuddelen av boka, gjerne i ein fotnote. Så kan sluttnotane vera reine referansar.
Guffen tilrår.
Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Free Solo (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
20. mai 2018
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar