21. februar 2022

Dag Johan Haugerud: Hva jeg betyr (2011)

Dette er ei solid bok. Forteljaren i boka, ein bibliotekar som ikkje har altfor stor tru på seg sjølv, bur ein stad i nærleiken av Oslo. Av og til dukkar sonen hennar opp, men dei har ikkje noko godt forhold. Ho har òg halvgod kontakt med kollegaene på biblioteket, men det er omtrent alt. Ho er på nikk med naboane. 

Ho seier ikkje nei til folk, i alle fall ikkje høgt. Fleire gonger angrar ho på kva ho har sagt, men minst like ofte angrar ho på kva ho ikkje har sagt. Det er lett å overtala ho, og utan at ho heilt skjønar korleis det har skjedd vert ho hyrt inn for å filma i eit bryllaup. Det kunne gått heilt gale, hadde det ikkje vore for at sonen arbeider med film, og redigerer det heile saman til eit meisterverk. Det fører til at ho tek på seg å filma i eit anna bryllaup. Også der hjelper sonen ho, og desse prosessane fører dei både tettare saman og lengre frå kvarandre.

På same måte som i filmane til Haugerud er her ein god historie, men det glitrar endå meir av dialogane. Mykje å humra av, mykje å verta imponert av. 

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar