18. juli 2021

Ragnar Hovland: Konspirasjonar (1990)

Ragnar Hovland har med ujamne mellomrom gjeve ut samlingar med tekstar skrivne for aviser, tidsskrift o.l. I denne boka har han kalla desse tekstane "stykke". Han skriv mykje om musikk, han skriv om seg sjølv, han skriv om norsk og utanlandsk litteratur, og undervegs er han innom mange andre emne. Med unntak av stykka om franske forfattarar, som eg diverre har altfor liten kjennskap til, var dette både godt og artig.

I dei to fyrste stykka, den nyskrivne innleiinga "Omskriving" og "Einaste løysinga var å bli forfattar", som var skrive for boka Å skrive for barn (1984), skriv han om korleis han kom inn i litteraturen, og korleis han les og skriv. Eg er gamal nok til å skjøna at ein må stå klar med ei klype salt når ein les Hovland, men det verkar som om han er er rimeleg sannferdig. Begge tekstane er av dei beste i boka.

Stykka varierer stort i lengd. Nokre er svar på enquetar knytt til skriving og lesing; andre er lengre artiklar henta frå tidsskrift. Han skriv til dømes godt om Captain Beefheart og om Lewis Carroll.

Her er òg, som vanleg, mykje å le av. I samband med 125-årsjubileet til BT i 1988 er han beden om å skriva ein tekst om avisa. Her ser han òg framover, for å varsla om kva som kjem på trykk det året BT fyller 150 år - det kjem mellom anna ein "artikkel i samband med lanseringa av Sissel Kyrkjebø si nye plate, der artisten m.a. seier at ho berre er seg sjølv". Ein annan stad kallar han Jan Erik Vold for norsk litteraturs Harald Are Lund. Og etter den lange teksten "Husene preller av veggene", som handlar om norsk kortprosa mellom 1967 og 1986, kjem denne fotnoten: 

"Dette er ein artikkel som skulle omsetjast til tysk og leggjast fram i ein eller annan samanheng på bokmessa i Frankfurt i 1986, derav alle greie forenklingar. Eg har aldri sjekka om den verkeleg blei brukt. Forfattaren Cindy Haug veit truleg noko om dette, men eg har aldri spurt og kjem aldri til å spørje."

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar