24. april 2020

Flannery O'Connor: The Complete Stories (1971)

Flannery O'Connor gav ut to novellesamlingar. Dei er med i denne boka, som i tillegg inneheld tolv andre noveller. Seks av dei er henta frå masteroppgåva hennar, The Geranium: A Collection of Short Stories. Fire er noveller som seinare vart ein del av romanane hennar, tre frå Wise Blood og ei frå The Violent Bear It Away. Ei novelle skulle etter planen vera med i den siste novellesamlinga hennar, men vart fjerna i ein av dei siste rundane. Den siste novella er eit kort utdrag frå ein roman O'Connor ikkje fekk ferdig før ho døydde. Det eg skriv her handlar om desse tolv novellene; dei to samlingane hennar har eg skrive om før.

Dei tolv novellene er høgst ulike i kvalitet. Dei seks frå masteroppgåva er ujamne, slik ein må rekna med. Ingen forfattar er utlært, og novellene viser ein forfattar som er på veg mot eit eller anna. Der finst lyspunkt, både i historier og enkeltsetningar, men ingen av dei seks novellene er meisterverk. Tittelnovella er den beste. Den handlar om ein eldre mann frå sørstatane som vitjar dottera i New York City, og som slettes ikkje skjønar korleis folk kan leva der. O'Connor skreiv seinare novella om, og ei betre utgåve av novella, "Judgement Day", avsluttar den siste novellesamliga hennar.

Dei fire utdraga frå romanane var alle publiserte som noveller i ulike publikasjonar. Dei tre frå Wise Blood tek aldri heilt av, men "You Can't Be Any Poorer Than Dead", som seinare vart opningskapitlet i The Violent Bear It Away, er glimrande. Novella står godt på eigne bein, og O'Connor er i toppform. Historia vert godt fortalt, og her er det ei perfekt blanding av humor og alvor.

At "The Partridge Festival" vart vraka frå Everything That Rises Must Converge syner at O'Connor hadde god teft. Novella går seg litt vill i seg sjølv. Utdraget frå den upubliserte romanen er for kort til å gjera noko inntrykk.

Så det er opp og ned. Det er likevel ei bok som absolutt er verdt å lesa, i alle fall for oss som set O'Connor høgt. Boka gjev eit godt innblikk i korleis ho utvikla seg som forfattar, og minner oss igjen på kor mykje stor litteratur me kunne fått glede av om ho hadde levd lenger.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar