8. februar 2022

Ragnar Hovland: Psst! Kubanske notat (2000)

Det er kjekt med forfattarskapar med stor variasjon. Denne boka kom året etter Åleine i Alpane, og er så kort at ho godt kunne ha vore med der. Boka er på rundt 80 sider, og sidene er ikkje spesielt tettskrivne.

Det er ei reisebok, der Hovland og Tove Bakke er ei tid på Cuba. Bakke har skrive nokre få av tekstane i boka; Ismael Gonzalez Castaner har skrive éin (og den har Bakke omsett). Tekstane fortel om dagleglivet på Cuba, om folk dei møter, om ting dei ser, om mat dei et og drykke dei drikk, om filmar dei ser, osb. Nokre tekstar er lange, andre er på berre ei setning. 

Det er ei fin lita bok. Hovland viser igjen at han er ein god reisekamerat, det treng ikkje vera så altfor travelt når han er på farten. Han viser òg at han drøymer spanande draumar - nokre av tekstane er referat av draumane hans, og dei er, ikkje uventa, rimeleg morosame.

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar