20. oktober 2019

Stephen Morris: Record Play Pause (2019)

Eg funderte litt på om eg skulle kjøpa denne eller ikkje. Morris var trommeslagar i Joy Division og er trommeslagar i New Order. Eg har lese fleire bøker om historia deira, spesielt Joy Division, og Morris vert gjerne sett på som den mest anonyme i det bandet. Begge dei to andre attlevande har skrive om tida si i bandet, og då var det kanskje nok?

Det var det ikkje. Morris fortel same historia som dei andre, men han ser det sjølvsagt frå ein litt annan vinkel, og han fortel det på ein langt betre og meir underhaldande måte. Begge dei to andre har streka under at medlemmane i Joy Division var langt meir lystige og glade enn musikken deira tyder på. Dette er den fyrste boka der det kjem tydeleg fram. Morris skriv godt, kreativt og morosamt - ved eit par høve lo eg høgt.

Boka vert presentert som "Volume 1", og det heile sluttar i overgangen mellom Joy Division og New Order. Han skriv litt for mykje om tida før han tek til i bandet, men mykje av det han tek med derfrå er relevant. Han var oppteken av musikk, han såg seg om etter alternativ til kontorjobben han hadde, og han var litt for glad i å rusa seg. Om bandet skriv han mest om eiga rolle - han var lenge ansvarleg for bookinga deira, og han var ein av dei som var mest open for å bruka trommemaskiner og synthar.

Kapitlet om den dagen Ian Curtis tok livet sitt er finfint. Biletmaterialet er suverent, og heilt annleis enn i dei aller, aller fleste rockebøker eg har lese. Her er det ikkje dyrking av eige ego, her er det i staden ei rekkje bilete som verkar malplasserte, men som likevel gjev meining under lesinga. Eg vonar det kjem ein del to av denne forteljinga.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar