14. august 2011

Ragnar Hovland: Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)

Dette er ei fornøyeleg bok. Her er ei rekkje korte tekstar, og nokre av dei er berre på ein eller to setningar. Boka kan minna om ein vag og uklar sjølvbiografi, der Hovland ser ut til å ta utgangspunkt i hendingar frå eige liv. I alle fall i den fyrste halvdelen av boka, i den siste halvdelen sprikar tekstane meir. Her kjem til dømes nokre småstykke om Himmelen, og det høyrer vel ikkje heime i ein sjølvbiografi.

Her er mykje å le av, men òg mykje alvorleg. Det verkar nesten som om Hovland ikkje heilt greier å bestemma seg for om han skal vera løyen eller alvorleg, og så er han like godt begge delar. Det er han for så vidt ofte, også i andre bøker, men her vert det meir komprimert. I så korte tekstar er det godt gjort å få inn både alvor og humor.

Viss me vel å lesa dette som ein sjølvbiografi, er det nokre tema som går att - livet, døden og jenter. I svært mange av stykka frå oppveksten står netter sentralt. Ting kan skje om nettene, han er på fisketur med bestefar sin, han høyrer lyder i huset, han ser ut vindauga og ser vaksne menn som ber på åtte likkister. Mange av stykka minner òg om draumar, desse kan sjølvsagt gjerne vera drøymde på dagtid, men dei er såpass surrealistiske at dei truleg er drøymt om natta.

Høgdepunkt? Mange. Den med dei to linjalane i nasen er sjølvsagt ein av dei beste, men også "Sjølvportrett med albatross og møkakjerre" er solid.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

1 kommentar:

  1. Dette er min favoritt:

    Inneklemde i ein liten fjord,utan veg, ventar vi på at isen skal leggje seg så vi kan kome oss over på hi sida og fornærme dei som bur der og stikke av med alle jentene deira, før vi reiser ut på handelsskule.

    SvarSlett