23. mars 2012

Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Logen, Bergen, 22.3.12)

Eg likar Hovland, eg òg. Det er ikkje spesielt originalt å gjera det, og den viktigaste grunnen er vel at han er ein rimeleg original forfattar. Eg har lese mykje av han, og eg har høyrt han lesa opp fleire gonger.

For ti år sidan, då han fylte femti, arrangerte me ein femtiårsfest for han i Aasen-tunet. Sekstiårsdagen vart markert med eit langt større arrangement i Bergen. Det vart ein fin kveld, der dei fleste av innslaga var verdt å få med seg.

Det ein kunne ha ynskt seg, var litt meir av Hovland sjølv. Fleire framførte tekstar av han, sjølvsagt, og han vart hylla med talar og blomar, men det hadde vore fint om han las noko sjølv. Han ville sikkert halda seg litt i bakgrunnen, men han var då opp på scena fleire gonger. Bortsett frå det var det ikkje noko i vegen med programmet, kanskje bortsett frå at det var litt få overraskingar - det var henta inn namn frå øvste hylle og slik, men det kunne godt vore noko meir uventa.

Det opna rett nok relativt labert. Dag Helleve og Per Olav Kaldestad har skrive fleire reisebøker saman med Hovland, og snakka litt om korleis det hadde vore. Det vart mest pludring, og det vart litt for internt. Men så tok det seg opp. Det var ei fin blanding av musikalske og andre innslag. Agnes Ravatn var beden om å intervjua han, men nytta heller høvet til å få Hovland til å ta ein test som skulle måla den mentale alderen hans. Spesielt truverdige var ikkje spørsmåla, slik at ho både fekk fram kor meiningslause slike testar og, og at ho meinte at den mentale alderen hans var 47 år. Maria Parr las ein finfin tekst frå Sjølvmord i skilpaddekafeen, og Brit Bildøen snakka varmt om korleis Hovland var som kollega. Dei Nye Kapellanane var gode; Finn-Erix hakket meir føreseielege.

Det var ein kveld i hovlandsk ånd. Litt å le av, mykje å smila eller humra av, og passeleg mykje alvor oppi det heile.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar