7. august 2021

Ragnar Hovland: Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)

Dette skodespelet handlar om to sogningar. Den eine, meistertjuven Gjest Bårdsen, er kjend for dei fleste; den andre, langdistanseløparen Mons Monsen Øyri (betre kjent som Mensen Ernst), er noko mindre kjend. Bårdsen er med i dei fleste av scenene; Øyri dukkar opp meir sporadisk. Begge er rastlause, begge har få faste haldepunkt i tilveret. Den eine sit ofte i fengsel, den andre vert heidra i storbyar over heile Europa. 

Bårdsen har hatt nærkontakt med mange kvinner, og ei av dei, Constance, kjem stadig tilbake til han, sjølv om ho er død. I samtalane med henne, og i dei mange oppmodingane frå lensmannen (og andre) om at ein så evnerik kar som Bårdsen burde verta skulemeister på heimstaden Sogndal, vert Bårdsen heile tida konfrontert med livsvalet han har gjort. Han finn ikkje ro, og, slik tittelen fortel om, reiser til Egypt for å leita etter Nilens kjelder.

Det er eit fint teaterstykke, som har vore vist fleire gonger. Google fortel meg at då Sogn og Fjordane teater sette det opp som skuleframsyning takka fleire skular nei til tilbodet, etter at det i presseomtale vart lagt mykje vekt på "dristige sexfantasiar" og "sexfokusering". Eg skal ikkje påstå at dette var noko som plaga meg under lesinga.

Guffen tilrår.  

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar