10. mai 2010

Control (2007)

It was thirty years ago today. Nesten. 18. mai 1980 hengde Ian Curtis seg. Bandet hans, Joy Division, hadde nyleg gitt ut den usannsynleg vakre singelen "Love Will Tear Us Apart", dei hadde spelt inn den andre LP-en sin, Closer, og skulle på USA-turné dagen etter.

Joy Division er eitt av dei banda eg har høyrt lengst på, og som eg framleis høyrer mykje på. Eg kjende ikkje musikken deira då Curtis tok livet sitt, men då eg omsider fekk høyra dei, vart dei verande blant favorittane. Tekstane høyrde eg lite på den fyrste tida, det var meir det samla lydbiletet som fenga. Bassen låg langt framme, relativt monotone trommer, ein gitar som ofte var som eit bakgrunnsinstrument, og den djupe, kraftfulle og tidvis resignerte røysta til Curtis.

Eg høyrde sjølvsagt på tekstane òg, men eg funderte ikkje mykje over dei. Det tok nokre år ved platespelaren før tekstane vart like viktige som musikken. Dei andre i Joy Division har sagt at dei heller ikkje tok tekstane alvorleg nok, at dei ikkje skjønte kor vondt Curtis hadde det.

Filmen opnar med at Sam Riley, som framstiller Curtis glimrande, les opp eit utdrag av ein tekst Curtis skreiv. "Existence, well what does it matter / I exist on the best terms I can / The past is now part of my future / The present is well out of hand". For Curtis var dette alvor. Han sleit med alt. Han gifta seg før han var tjue, og fekk ei dotter året før han døydde. Han hadde eit forhold til ei belgisk kvinne det siste året han levde, og han greidde ikkje å fnna ut av kva som var det beste - eit liv med kona og dottera, eller eit liv med den meir eksotiske og livlege elskerinna. Han var òg misnøgd med bandet, og meinte at det andre albumet ikkje var like bra som det fyrste, og han mislikte sterkt at publikum kom for å sjå han, utan å skjøna kor mykje han gav av seg sjølv. På toppen av alt hadde han epilepsi, og han fekk fleire gonger epileptiske anfall midt under konsertar. Det vart for mykje, og 23 år gamal tok han altså livet sitt.

Control er ein film om dei seks-sju siste åra han levde. Filmen er regissert av fotografen Anton Corbijn, som flytta til England av di han likte Joy Division, og som tok fleire glimrande foto av dei, mellom anna nokre ved nedgangen til ein undergrunnstasjon. Filmen er i svart-kvitt, og det passar både tida og musikken og stemninga flott. Filmen gjev eit truverdig og godt bilete av korleis Curtis hadde det, og er eit flott tidsbilete.

Noko av det beste med filmen er sjølvsagt musikken. Den står seg godt, det er ikkje mykje anna musikk frå inngangen til 80-åra som held seg så bra. Dei fire skodespelarane som spelar bandet framfører like godt musikken sjølv, i alle fall i konsertscenene.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar