6. desember 2021

Den 12. mann (2017)

 

Det er mykje rart i norsk film, og noko av det raraste er at filmen Ni liv frå 1957 har så høg stjerne. Filmen vart nominert til Oscar, og i 1991 vart han kåra til den beste norske filmen gjennom tidene. At han vart likt i åra etter krigen er forståeleg, kva folk tenkte på i 1991 er ikkje godt å vita.

Det er heller ikkje godt å vita kvifor nokon fann ut at det var lurt å laga ein ny versjon av filmen, eller rettare - ein ny film basert på dei same hendingane. Viss denne filmen var meint som ein parodi ville det vore eit meisterverk, men alt tyder diverre på at det er alvorleg meint. 

Handlinga er enkel: I 1943 kjem ein båt med norske soldatar frå England til Troms. Alt før dei går i land vert dei angripne av tyske soldatar. Ein vart drepen, ti vart fanga og drepne seinare, medan den siste, Jan Baalsrud, kom seg vekk. Med god hjelp frå mange langs ruta kjem han seg etter to lange månader over svenskegrensa.

Det meste er sant, medan noko er oppdikta. Det er ikkje det viktige her. Det viktige er at klisjeane står i kø. Dei tyske soldatane er slik me har sett dei mange gonger før - dei har store hundar og glatte andlet (gjerne med eit arr på kinnet). Naturen er storslegen, og mange gonger er det så vidt Baalsrud greier seg. Men han greier seg - det gjer ikkje denne filmen.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar