29. september 2012

Kevin Cummins: Manchester. Looking for the Light through the Pouring Rain (2009)

Manchester - so much to answer for, og alt det der. Manchester var den fyrste byen London-punken vart eksportert til, og i dei følgjande tiåra kom det ei rekkje interessante band frå byen - Buzzcocks, The Fall, Joy Division, New Order, the Smiths, The Stone Roses, Happy Mondays, Oasis. Nokre var kanongode, andre var meir interessante av di dei framstod som trendsetjarar, både musikalsk og motemessig. Fotografen Kevin Cummins har vore med heile tida, og har i denne boka samla bilete av band og artistar, og bilete frå byen.

Det er mange bra bilete her. Bilete frå konsertar, bilete frå øvingslokale, portrett ute og inne, osb. Cummins er på innsida, banda ser ut til å stola på han, slik at han får rimeleg fritt spelerom. Nokre av bileta er velkjende, som bileta av Joy Division i øvingslokalet og på veg rundt i byen, bileta av Morrissey som slangar seg i ein park, bileta av Stone Roses dekte av maling, osb. Bileta av Joy Division, og spesielt nokre portrett av Ian Curtis, er dei som gjer sterkast inntrykk. Den mest spooky opplevinga kjem etter det ekstremt intense biletet av Curtis, der han ser inn i kamera samstundes som han tek eit trekk av sigaretten sin. Eg blar om, og på neste oppslag er det eit bilete av dottera Natalie, teke 23 år seinare. Ho har arva augene til faren, og ser nesten like intens ut som han.

Innimellom bileta kjem det fleire essay. Nokre av desse er skrivne av journalistar, som fortel historien til bileta. Dei er stort sett verd å lesa, men nokre av dei er altfor, altfor ordrike. Då er det langt meir underhaldande å lesa kortare essay av tre musikarar - Peter Hook, Johnny Marr, og Mark E. Smith. Johnny Marr har alltid fornuftige ting på hjarta; Peter Hook har sansen for gode formuleringar ("I don't regret being involved in the Hacienda. But it was like sending the village idiot out with the whole government budget for the year. What's he gonna do? He's only gonna come back with six magic beans, isn't he?"), og Mark E. Smith er jo ein av dei beste intervjuobjekta nokosinne (... it was Paranoid by Black Sabbath which well that says a lot don't it this was when it first came out of course and I just bought it because of the name really I was getting into books then too 'paranoid' was like a newish word and I thought Black Sabbath what's that about something to do with witchcraft or something I was reading a lot of horror books at the time like you do when you're fourteen hur hur hurgh it wasn't something I thought I could do not particularly I remember seeing a picture of Black Sabbath and they were drinking beer in a garden and hahahahahaha I thought that would be all right for a job hahahahahahahaha ....").

Guffen tilrår.

Meir Cummins på kulturguffebloggen
Joy Division (2010)
New Order (2015)
Joy Division. Juvenes (2021)


Relatert på kulturguffebloggen
Here are the young Men (konsertvideo, 1982)
David Nolan: I swear I was there (2006)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How not to run a Club (2009)
Simon Goddard: Mozipedia (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar