31. desember 2021

Fanny og Alexander (1982)

 

I gamle dagar kjøpte eg ein del DVD-ar, og denne var ein av dei som har lege ubrukt i hylla. Til liks med alle andre vert det mindre og mindre DVD-avspeling, men brått vart me samde om å sjå denne. Det var eit godt val. Både Marit og eg har sett filmen før (for lenge sidan), men ingen av oss hugsa spesielt mange detaljar.

Det handlar om livet i ein heller velståande storfamilie i Uppsala, tidleg på 1900-talet. Det verkar som om dei eig ein stor bygard, der dei alle har store leilegheiter, og der dei jamleg møtest i store og små høve. Ein av dei godt vaksne mennene i familien døyr, og kona giftar seg opp att med biskopen som forretta i gravferda. Ho tek med seg dei to barna, Fanny og Alexander, og den flyttinga er som å gå frå himmel til helvete. I huset til biskopen er der ingen gleder - det er strengt, det er stramt og det er alvorleg, og den nye bispefrua gjer det ho kan for å flytta tilbake.

Dei to ungane filmen er kalla opp etter får ikkje like stor plass i filmen. Det meste handlar om Alexander, ein gut med stor fantasi og store ambisjonar. Han sprudlar aldri, men ser spøkelse og diktar opp historier. Filmen er laga av Ingmar Bergman. Han omtalte filmen som dels sjølvbiografisk, og sa at mykje av Alexander var henta frå eigen oppvekst. Det heile er ein fin film, der kameraet (og sjåarane) heile tida kjem svært tett på karakterane.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar