6. november 2022

David Leaf: God Only Knows (2022)

Dette var ei litt rar bok. I 1978 gav Leaf ut den fyrste boka om Beach Boys, ei bok som etter kvart fekk klassikarstatus. Det er lett å sjå kvifor - han går grundig til verks, og skriv om oppturar, nedturar og andre turar. I 1978 var ikkje Smile, meisterverket til Brian Wilson, å få tak i, og han skriv mykje om kvifor det stoppa. Leaf viser at motstanden Wilson møtte i det prosjektet prega han i mange, mange år etterpå.

Boka kom i ny utgåve i 1985. I dei nye kapitla korrigerer Leaf både fakta og konklusjonar, utan å endra på den opphavlege teksten. Den boka vart like etterspurd, ho har lenge vore utselt og har gått for store summar på antikvariat. Til Wilson sin 80-årsdag i år kom boka i ei tredje utgåve, også denne gongen med eit tillegg som delvis korrigerer det som står i dei to fyrste delane av boka. 

Som om ikkje det var nok, held ikkje Leaf det han lova i opningssetninga av boka. Der skriv han at "This is the story of Brian Wilson". Det er for så vidt rett, han vil få fram at det handlar meir om Wilson enn om Beach Boys, men likevel: I den siste delen av boka handlar det like mykje om Leaf som Wilson. Det er greitt at dei to etter kvart har fått eit nært forhold, og at Leaf har vore med på alle dei viktige hendingane i livet til Wilson dei siste tjue-tretti åra, men likevel. 

Så det er ei rar bok, men det er òg ei flott bok. Eg har lese eit par andre bøker om Beach Boys, inkludert sjølvbiografiane til helten Wilson og skurken Mike Love, men Leaf går langt lengre inn i materien. Han skildrar det nære forholdet Brian Wilson hadde til brørne Carl og Dennis (som begge har vore døde i mange år), det langt vanskelegare forholdet til Love (som nesten ikkje vert nemnt i den siste delen), og ikkje minst dei problematiske åra då "dokter" Landy styrte livet til Wilson. Her er mykje som kunne vore nemnt - det kunne nok stått meir om gjenforeiningskonsertane til Beach Boys, og søksmåla frå Love trur eg ikkje er nemnt i det heile. Men i det store og heile er dette informativt og godt, og er vel noko i nærleiken av ei essensiell bok for dei som vil gjera seg kjende med livet til Wilson.

Guffen tilrår. 

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar