17. november 2010

Frå arkivet: The Go-Betweens: Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)

Sommaren 1989 budde eg saman med Dina i København, i husveret til bror min. Ingen av oss hadde jobb, og ingen av oss hadde pengar, slik at me var mykje heime. Me høyrde sjølvsagt mykje på musikk, og denne plata var ein gjengangar. Om og om igjen, like bra heile tida.

For dette er ei av dei aller, aller beste platene som er gitt ut. Det er pop slik pop skal vera. Fire medlemmer i bandet, to gitarar, bass og trommer. Ti songar på plata, dei fleste av desse er rundt tre og eit halvt minutt. Gitarane dominerer, slik det skal vera, men med passelege mellomrom dukkar det opp nokre strykarar og tangentar.

Dei to som var The Go-Betweens var dei to gitarist-vokalistane Robert Forster og Grant McLennan. At McLennan vart musikar kan ikkje vera overraskande, etternamnet hans luktar jo McCartney/Lennon lang veg. Og det er altså pop det handlar om, glad og melankolsk pop.

Plata opnar med den ekstremt fengande "Spring Rain". Denne songen har, som alle andre songar på plata, ein flott og visuell tekst. Eg trur det er Forster som syng her, og han syng om noko som minner om eit slektstreff. Han passar i alle fall ikkje inn: "these people are excited / by their cars". Songen har eit todelt vers - i den fyrste halvdelen vekslar dei mellom to akkordar, i den siste halvdelen er det nok med éin. Så kjem det eit aldeles fortreffeleg refreng.

Med ei slik opning må nivået gå litt ned på dei følgjande songane. Det gjer det òg, men det er framleis klasse over det som vert servert. Den neste toppen kjem tidleg på side 2, songen "Head Full of Steam". Her er det ringlande gitarar overalt. Eg-personen fortel om ei jente han aldri vart godt nok kjend med, og igjen er teksten full av glimrande tekstliner. Smak til dømes på "Her father works / Her mother works in imports / but that's of no importance at all" eller "She plays hard to get / along with 'she might drop by' / She's never had a nickname / But then, nor have I".

Innimellom desse to meisterverka, som i USA vart gitt ut som A- og B-sida på ein singel, kjem det altså ei rekkje andre flotte, flotte songar. Plata vert avslutta med "Apology Accepted", som eg ikkje likte spesielt godt i gamle dagar, men som veks og veks og veks. Nokre tangentar ligg og lurer, songen er flott oppbygd, og også her er det minneverdige tekstliner. "Such a simple question / I pretented I was sleeping". Plater som sluttar slik får du lyst til å høyra om att. Og om att.

Kva skjedde etterpå: Gruppa vart opplyst rundt 1990. Eg såg dei i New York i 1989. I 1991 la McLennan og Forster ut på turne som duo, og etter eit langt opphald der dei gav ut plater kvar på sin kant kom dei saman att i 2000, med ny bassist og ny trommeslagar. Eg såg dei i i Oslo i 1991 og 2003. Dei er det einaste utanlandske bandet eg har sett i tre ulike tiår, og den siste konsterten, i 2003, var uvanleg solid. Dei var svært sikre på kven dei var, dei visste at dei hadde gode songar, og då Forster drog opningsriffet til "German Farmhouse" er det den mest komiske gitarspelinga eg har sett.

Dei kom med nye plater, og i 2005 kom eit nytt meisterverk, Oceans Apart, med den usannsynleg flotte "Finding You". Det er uvanleg at eit band kan gje ut to så gode plater med nitten års mellomrom, men dei som venta på endå meir flott musikk fekk ikkje meir herfrå: I 2006 døydde McLennan brått. Eg fekk klump i halsen då eg las den vesle notisen i Aftenposten, og slik er det framleis. Nokre folk skulle ikkje døy.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar