8. februar 2023

Mikal Gilmore: Shot in the Heart (1994)

Eg las nyleg The Executioner's Song, ein roman om livet til Gary Gilmore. Gilmore vart dømd til døden i Utah i 1976. Det var ti år sidan sist ein dødsdømt i USA faktisk vart drepen, og Gilmore kunne nok sluppe unna, han òg, viss han ville. Det ville han ikkje, og han vart skoten i januar 1977. 

Denne boka fortel ei litt anna soge om Gilmore. Boka er skriven av broren Mikal, og han fortel om oppveksten til Gilmore, og om ein familie som er så dysfunksjonell at ordet dysfunksjonell ikkje femner vidt òg. Far i familien, Frank, har ei fargerik fortid - han hadde vore gift fleire gonger og hadde mange ungar, han hadde vore (og var) innblanda i lugubre aktivitetar han heldt skjult for dei andre i familien. Han drakk, han var valdeleg, og det som kanskje overraskar mest er at kona, Bessie, vart verande hjå han. Ho hadde på si side meir eller mindre flykta frå familien sin i Utah, det mormonske livet var for strengt for ho. Dei tre eldste brørne er alle kriminelle, i alle fall tidvis, men ingen dreg det så langt som Gary. Mikal er ein attpåklatt, og er litt ulik dei andre.

Det er ei finfin bok. Familielivet vert verre og verre, og det kjem òg fram at farmora er rimeleg øren. Ho ser spøkelse, ho held seansar, ho spreiar ei løgn om at sjølvaste Harry Houdini var far til Frank, osb. Også fleire i familien ser spøkelse. Mikal står heile tida litt på utsida og er ikkje så glad i roping og skriking som alle andre - han reiser heller vekk. Mot slutten av boka er det berre han og broren Frank jr. som lever, og han prøver å få kontakt med bror sin, med vekslande hell.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar