26. februar 2023

La elva leve (2023)

Ein heilt grei film om Alta-saka. Kortversjon er at staten frå 1968 hadde planar om byggja ut denne elva. Planane møtte massiv motstand, både frå samar og miljøvernarar. I 1978 vart ein stor folkeaksjon skipa, men til ingen nytte: Utbygginga vart sett i gang sommaren 1979. Etter nokre pausar heldt utbygginga fram, og då høgsterett i 1982 stadfesta at utbygginga var lovleg gav folkeaksjonen opp.

Filmen fortel denne historia og litt til. Eit gjennomgåande tema er at det på den tida var krevjande å stå fram som same, og mange prøvde å skjula denne sida av identiteten sin. Hovudpersonen i filmen, Ester, er ein av dei. Ho kjem til Alta som nyutdanna lærar i 1979, og får jobb på ein skule der samar ikkje har høg status. Fetteren hennar, Mihkkal, er meir synleg same, og han meiner at ho bør fylgja eksempelet hans. Det gjer ho, etter kvart. Det vert vanskeleg, både på jobb og heime hjå mora - den nye mannen hennar er ikkje heilt sympatisk innstilt til samar.

Filmen er altså heilt grei. Undervegs er det uråd å ikkje tenkja på all uretten som vart gjort og korleis Noreg undertrykte samefolket.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar