11. februar 2023

Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

Ei fin bok, der Tracey Thorn skriv om langt meir enn det tittelen lovar. Råkkenråll-venen hennar er sjølvaste Lindy Morrison, trommeslagar i The Go-Betweens gjennom det meste av 1980-åra. Thorn spelte sjølv i Everything but the Girl, og fyrste gong dei to møtte henne var ein gong EBTG varma opp for The Go-Betweens. Dei vart nære vener, og boka handlar altså dels om denne venskapen.

Det gjennomgåande temaet er eit heilt anna: Korleis vert kvinner handsama i musikkverda, og i verda elles? Morrison vert eit ideal for Thorn. Ho er frittalande, ho er sjølvstendig, ho vil noko, og ho tek av og til mykje plass. 

Boka viser korleis ho var langt meir røynd, på alle måtar, enn dei to frontfigurane i bandet, Robert Forster og Grant McLennan. Samstundes var dette heilt uinteressant for dei mange journalistane som skreiv om bandet. Morrison vart gjerne redusert til noko kuriøst, til ei kvinne som spelte trommer i eit rockeband. Og dette skjedde til og med i eit band der dei to tydelegaste var rimeleg pinglete menn.

Akkurat her er det svært lett å vera samd med Thorn, og det er like lett å vera samd i at det vert heil feil når Go-Betweens vert redusert til ein duo og nokre andre musikarar. Sjølvsagt var alle viktige, spesielt i 1980-åra. Og det er like lett å vera samd i at måten Go-Betweens vart oppløyst på i 1989, der Forster og McLennan sparka dei tre andre på, var ekstremt ufin. Og ho var ein perfekt trommeslagar for dei, spesielt i åra der dei ikkje var så opptekne av at alt skulle gå i fire fjerdedels takt. Det er litt verre å følgja ho når ho meiner at Morrison var like viktig som Forster/McLennan. Ho var nok det dei fyrste åra, der ho altså var langt vaksnare og tryggare på seg sjølv.  Så ein liten del av meg har lyst til å innvenda at dei to gjorde stor suksess då dei kom saman att etter rundt ti år, medan Morrison ikkje fekk det heilt til musikalsk etter Go-Betweens.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar