20. januar 2017

Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)

Brian Wilson er, som dei fleste veit, eit musikalsk geni. To av platene han laga i 60-åra, Pet Sounds og Smile, er aldeles makelause. Eller - Smile vart ikkje gjeven ut då, dei andre i Beach Boys nekta, slik at prosjektet vart skrinlagt i fleire tiår. Og "andre i Beach Boys" vil i hovudsak seia Mike Love.

Wilson brukte ein del dop frå midten av 60-åra, og kombinert med ein heller ustabil psyke gjorde det at han tapte seg mykje. Han kom seg ut av det verste for om lag tjue år sidan, men er ikkje akkurat i toppform. Eg såg han i Oslo i 2004, då han med nye medmusikantar framførte Smile, som då endeleg var utgitt. Sjølv om konserten som heilskap var litt opp og ned, var det ufatteleg stort å sjå Wilson spela "Good Vibrations", der han sat på pianokrakken sin og dingla med beina.

I intervju snakkar han litt som ein liten unge. Han hoppar i tema, han kan svara på spørsmål som vart stilt for litt sidan, men det er vanlegvis eit djupt alvor i svara hans. Slik er òg denne boka. Medforfattaren, som etter alt å døma er den som har skrive boka, har greidd å ta tonen til Wilson. Det går litt etter innfallsmetoden, boka hoppar i tid og tema, men mot slutten av kvart kapittel er det likevel tydeleg at det er svært fint komponert.

Det lengste kapitlet i boka er òg det beste.Over femti sider fortel han om skapinga av dei to platene eg nemnde over. Både her og elles i boka skriv han om saknet av dei to brørne hans som var med i Beach Boys, Carl og Dennis. Og han skriv om faren og om Mike Love; han har eit hat/elsk-forhold til begge to. Wilson framstår som ein som helst vil at alle skal ha det bra, han kritiserer ikkje i tide og utide, og det må vera forklaringa på at han ikkje skriv meir om Love. Eg fekk begge bøkene frå Amazon samstundes, og rykta seier at Love er langt meir kritisk til Wilson i si bok. Me får sjå.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar