12. mars 2017

The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)

Denne DVD-en er todelt. Begge delane er bra, men det er bonusdelen som verkeleg tek kaka.

The Go-Betweens var, slik eg har skrive her før, eit aldeles glimrande band. Dei kom frå Brisbane i Australia, gav ut nokre fabelaktige plater i åttiåra, skilte lag, kom saman att rundt tusenårsskiftet, og fann verkeleg igjen toppformen med plata Oceans Apart, som kom i 2005. Hovuddelen av denne DVD-en er ein konsert i Brisbane same år, der dei spelar 16 songar - nokre nye, nokre gamle. Det er ein flott konsert, der det meste handlar om dei to gitarist/vokalistane Robert Forster og Grant McLennan. Dei to andre, Adele Pickworth på bass og Glenn Thompson på trommer, gjer eit uvanleg godt inntrykk, og får meir plass, både visuelt og musikalsk, enn på plate.

Men godbiten er bonusplata, som vart teke opp dagen etter. Forster og McLennan sit i stova til ein av dei, med kvar sin akustiske gitar. Dei snakkar saman, fortel om korleis dei hadde det då dei ulike songane vart skrivne, og framfører i alt elleve songar. Her plukkar dei jamt over frå øvste hylle heile vegen, og kjem med fantastiske versjonar av meisterverk som "Head Full of Steam" eller "Bye Bye Pride". Etter fleire av songane utbryt Forster "that was fantastic" (eller noko liknande), og han har heilt rett.

Diverre ligg det noko trist over det heile. Dei sluttar med den siste hit-en deira, "Finding You", som vert introdusert som radiohiten deira. McLennan tek av seg solbrillene for den songen, han seier at det ikkje passar seg å ha solbriller når ein spelar ein radiohit. Etter at songen er ferdig får han spørsmål om framtida til bandet. Han er optimistisk, og sluttar med å seia at "I personally think the future's so bright that I'm not gonna wear shades", medan han nikkar mot solbrillene på golvet. Han tok diverre feil - under eit år seinare, nokre månader etter at DVD-en kom ut, døydde han av eit hjarteslag.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar