3. februar 2017

Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)

Mike Love er den einaste som har vore (aktivt) med i Beach Boys heile tida. Brian Wilson er ofte òg oppført som medlem, men det er Love som turnerer under namnet Beach Boys. Dei to er slettes ikkje gode vener, og det er noko av det som gjer denne boka så fascinerande: Love skriv nesten meir om Wilson enn om seg sjølv.

Ein grunn til det ser ut til å vera rein misunning. Wilson var geniet i bandet, det var han som prøvde å dra musikken deira i stadig nye retningar. Love på si side var godt nøgd med det dei hadde, og meiner at han bør få skryt for at han har spreidd mykje glede på sin veg. Han er med rette bitter på Wilson av di han ikkje førte opp Love som tekstforfattar på mange av songane, og gjekk i 1990-åra til retten for å få dette på plass. Han gjorde dette for at folk skulle skjøna at han òg var med på å skapa hitane deira, han gjorde det ikkje for pengane si skuld, seier han. Og legg til, heilt utan ironi, at dei inngjekk forlik, og Wilson betalte Love fem millionar dollar.

For Brian Wilson stoppa det heile opp då den ambisiøse plata Smile vart lagt vekk i 1967. Wilson turnerte ikkje med bandet, han budde i staden i studio, og då dei andre kom tilbake frå ein turné likte dei svært dårleg det han hadde laga. Eit sentralt element i historia om Beach Boys er at det var Mike Love som sette foten ned. Han tek, ikkje uventa, eit oppgjer med dette, og meiner at det slettes ikkje var slik. Han likte musikken veldig godt, det var tekstane han mislikte. Jamført med dei svært enkle tekstane Love skreiv, er det ikkje rart at han reagerte på poesien til Van Dyke Parks. Og det høyrer vel òg med at Wilson sjølv stadfestar at det var Love som var problemet, i dokumentarfilmen om Smile seier Wilson "Mike hated it. He HATED it!"

Love framstår eigentleg som ein deig. Han er lite sympatisk, han har vassa i pengar heile livet (foreldra hans var svært velståande), og det ser absolutt ut som om det viktige for han er å tena pengar og å verta kjend. Han ser på Beach Boys som noko ur-amerikansk, og snakkar ofte om at bandet er familie for han, at han var nært knytt til familien han vaks opp i, og at folk kan seia kva dei til om han, men når dei seier noko om familien hans, må han reagera. Og det er jo eit artig poeng at ein så familiekjær mann no er gift for femte gong.

Den siste månaden har eg lese to versjonar av denne historien, skrive av Love og Wilson, som altså stod på kvar si side av gjerdet. Eg har ståande ein Beach Boys-biografi eg ikkje har lese, men det er fare for at eg må finna den fram for å sjå korleis ein (presumptivt) nøytral forfattar presenterer det heile.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar