20. februar 2023

Brian Wilson. Long Promised Road (2021)

Ein fin, fin film om sjølvaste Brian Wilson. Konseptet er rimeleg enkelt - han køyrer rundt i Los Angeles saman med Jason Fine, ein redaktør frå Rolling Stone. I tillegg er der ei mengd klipp frå gamle dagar, og nokre intervju frå andre stader enn bilen.

Wilson er på mange måtar eit ideelt intervjuobjekt. Han har mange historier å fortelja, både om musikk og livet elles. Det som gjer intervjua med han spesielle er at han svarar fort, og at han er ekstremt open om alt. Det kan føra til at me av og til kjem for tett innpå han. Jason Fine tek han med til hus han har budd i, og dei fleste stadene vil han berre sitja i bilen - det vert for emosjonelt for han å gå ut. Han vert ekstremt rørt når han får høyra at Jack Rieley, som var manager for Beach Boys nokre år i 70-åra, er død. Samtalen går heilt i stå. Rieley døydde i 2015, altså seks år før filmen var ferdig, og då han døydde la Wilson (eller hjelparane hans) ut ei melding om det på sosiale media. Det kan tyda på at minnet til Wilson ikkje er like godt alltid. Eit anna døme på det er at han seier at han aldri har høyrt (den glimrande) soloplata til broren Dennis, altså Pacific Ocean Blue

Her er òg mykje musikk, sjølvsagt. Der er nokre ufatteleg flotte sekvensar der alle instrumenta er fjerna frå Beach Boys-songar, me høyrer altså berre dei harmoniserande røystene. Der er glimt frå gamle dagar i studio, og ei rekkje folk frå musikkverda snakkar om kor stor Wilson er. 

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
David Leaf: God Only Knows (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar