30. juli 2018

Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)

Denne har visst vore tilgjengeleg digitalt ei stund - skrifter av Ivar Aasen vart fyrste gong publisert for fem år sidan, skrifter om Ivar Aasen eitt år seinare. Det fekk eg ikkje med meg, men sjølv om eg hadde gjort det hadde eg sikkert kjøpt denne. Undertittelen er heilt presis - "Skrifter av og om Ivar Aasen 1825-2017)". I tillegg er der fire innleiande og forklarande og utdjupande artiklar av Grepstad, to tidlegare uprenta artiklar av Aasen, ein artikkel av Ole Olsen, og nokre tabellar og slikt.

Grepstad har arbeidd i Aasen-tunet sidan 1999, som direktør i Nynorsk kultursentrum, og har samla stoff om Aasen heile tida. Her står om dei fem gongene Aasen vart intervjua av aviser, alle mot slutten av livet hans. Her står om små notisar og større bokmeldingar. Grepstad viser korleis talet på artiklar om Aasen aukar og minkar i takt med jubileumsåra hans. Her står om komponisten Aasen.

Det er eit finfint oppslagsverk, som fyller eit hol i litteraturen om Aasen. Det går sjølvsagt an å finna manglar i desse oversyna, men det er meir enn nok å gle seg over. Éin ting må likevel nemnast: Eg greier ikkje heilt å følgja Grepstad når han skriv om "Nordmannen". Det var eit dikt Aasen arbeidde mykje med, fram til den endelege versjonen som kom i 1875-utgåva av Symra. Fram til Aasen døydde i 1896 var det berre denne versjonen som vart trykt, skriv Grepstad, som legg til at den einaste som braut dette var Anders Reitan i 1874. Korleis han skulle bruka ein versjon som kom året etter forstår eg ikkje, også av di Reitan-boka frå 1874 kom ut posthumt - han døydde i 1872.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Symra (2013)

29. juli 2018

Mick Wall: Last of the Giants. The True Story of Guns N' Roses (2017)

Guns N' Roses var aldri mitt band. Ein ting er at dei hadde altfor mykje og feil hår, og at dei kledde seg heilt feil. Ein annan (og viktigare) ting er at stemma til vokalisten var heilt forferdeleg, og tekstane hans var heller ikkje all verda, der la han for dagen haldningar som ikkje var mykje å skryta av.

Denne biografien forsterkar det inntrykket. Mick Wall har skrive om musikk heile livet, han var lenge journalist i Kerrang!, ei rolle som gav han fri rolle til mange av tungrock-banda. Han kom på kant med vokalisten i Guns N' Roses, Axl Rose, og vart hengt ut i ein av tekstane på plata Use Your Illusion II. Dette pregar ikkje boka, Wall gjev ros der han føler for det, og prøver å forsvara Rose for dei verste tekstane hans. Likevel står Rose fram som den store skurken i denne boka, der han gradvis vart meir og meir diktator i bandet, og der han gradvis gav meir og meir blaffen i kva andre sa han skulle gjera. Det var ikkje uvanleg at han avlyste konsertar på kort varsel, eller at han gjekk på scena mange timar etter det tinglyste tidspunktet.

Bandet vart skipa i Los Angeles midt i 1980-åra, og debutplata deira, Appetite for Destruction frå 1987, er ei av dei mest selde platene i USA. Dei levde opp til tittelen, dei øydela både eitt og hitt. Rusproblema stod i kø, og ei tid verkar det som om minst éin av medlemmane i bandet til ei kvar tid var på avrusingsklinikk. Ein etter ein av dei fem originalmedlemmane slutta (eller vart sparka), og frå 1997 var det berre Rose att. Han heldt fram, saman med ei lett blanding musikarar, men det kom ikkje noko nytt album før i 2008. For eit år eller to sidan kom to av grunnleggjarane tilbake, gitaristen Slash og bassisten Duff McKagan, og dei held på med lukrative turnear framleis.

Wall baserer seg mykje på eldre intervju han har gjort med folk i eller rundt bandet, og har òg gjort nye intervju. Det er mange lange sitat, og det fungerer godt. Det er fargerike folk, som òg ordlegg seg godt. Det er òg passeleg med krangling og dritslenging, og boka er lettlest, også for oss som ikkje greier meir enn ein eller to GNR-songar. Og for oss som ikkje nødvendigvis meiner at gigantane er dei som bråkar mest, bruker mest rusmicdel, kler seg rarast, og viser fram eit mindre godt syn på andre menneske.

Guffen tilrår.

28. juli 2018

Charles Higham: Orson Wells. The Rise and Fall of an American Genius (1985)

Fyrste gong eg såg Citizen Kane var i 1988, då eg vitja to luringar i California. Eg var så vidt i gang med ei lang rundreise i USA, og hadde for vane å vitja antikvariat i byane eg var innom, for å finna lesestoff. Ein eller annan stad kjøpte eg denne boka, mest av di eg ville lesa meir om Kane-filmen - den er regissert av Orson Welles. Då eg slo meg til ro nokre månader i ein liten by i Colorado fann eg boka fram. Eg kom kanskje halvveges før eg la boka vekk.

Eg har lese fleire bøker om Kane i år, så eg prøvde meg like godt ein gong til. Det var både godt og gale. Boka er seig å koma gjennom, men samstundes var det jo greitt å sjå at eg viste nokolunde god dømmekraft for tretti år sidan.

Welles var ein vanskeleg person å samarbeida med. Han var stor, tidvis genial, både som regissør og skodespelar, og når han jobba med teater eller radio. Problemet var at han ville altfor mykje, både rekna i prosjekt, og når ein ser på korleis han ville gjennomføra dei. Av og til gjekk alt greitt, andre gonger vart ting forseinka og forseinka, av di han ikkje var nøgd med alt. Han hadde alltid mange prosjekt gåande samstundes, og kunne spela inn ein film i California samstundes som han kvar veke flaug til New York for å vera med i eit radioprogram der. Han sleit òg med å få alt finansiert, slik at det står mykje om korleis han prøver og prøver på å få inn meir pengar. Dette er viktigaste grunnen til at Higham slit i denne biografien - han legg opp til ei kronologisk forteljing, slik at han vekslar mellom fleire prosjekt på kvar side. Det vert uråd å følgja med, ikkje minst av di Higham skriv heller livlaust.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

27. juli 2018

Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)

Kjell er Kjell Aukrust; Ingjald Hoel var ein som vaks opp om lag same tid og same stad. Han har samla nokre minne frå oppvekståra i denne boka, og det er diverre ei oppgåve han ikkje kjem spesielt godt frå.

Her er ti-tolv historier, som handlar om Aukrust som ung musikar, som idrettsmann, som unge, som nabo. Ein skal leggja veldig mykje godvilje til for å finna noko å gle seg over i desse historiene. Dei flest opnar med altfor mykje bakgrunnsstoff, som Hoel tek med for å gje lesaren eit bakteppe til historiene. Når han bruker så lang tid på dette, bør historiene vera gode, og dei bør òg ha eit godt sluttpoeng. Det er dei ikkje, og det har dei ikkje. På grunn av dei lange opningane tek det òg tid før Aukrust vert omtala, slik at sjølv om boka er tynn, er det berre litt av ho som handlar om Aukrust.

Det verkar òg som om Hoel prøver å leggja seg opp til skrivestilen til Aukrust. Han, altså Aukrust, har skrive godt og særeige om eigen oppvekst, og viss Hoel hadde vore ein betre skribent kunne eit slikt skrift-slektskap vore fruktbart. No vert det berre pinleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

26. juli 2018

Bill Bryson: Neither here Nor there (1991)

Bill Bryson er amerikansk, og glad i å reisa. Han er gift med ei britisk dame, og etter å ha budd mange år i England legg han ut på ei reise gjennom Europa. Det er lystig lesnad - han er i kjempeform i denne boka, og briljerer med vitsar og metaforar ein ikkje ser mange andre stader.

Bryson reiste òg gjennom Europa tjue år tidlegare, saman med venen Stephen Katz, og denne reisa ligg som eit bakteppe til denne reisa. Fleire gonger kjem han inn på korleis det var då han og Katz reiste saman, og korleis dei likte kvarandre mindre og mindre. (Det var difor overraskande for alle at Katz dukka opp att i A Walk in the Woods.)

Bryson reiser gjennom store delar av Europa. Han likar å verta kjend med byar ved å gå gjennom dei, og han likar best å vitja katedralar og kunstgalleri. Han gjev ros der noko fortener det, men er eigentleg best når han gjer det han gjer oftast: Klagar. Han klagar på reinhald, han klagar på hotell, han klagar på dårleg mat, og han klagar på prisar. At det er dyrt for turistar i Noreg er greitt, det veit alle, men også i land der han betalar langt mindre meiner han at han betalar for mykje.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Notes from a Small Island (1995)
A Walk in the Woods (1998)
Notes from a Big Country (1998)
Down Under (2000)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)
The Body (2019)

23. juli 2018

Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)

Olav Bjaaland var ein av dei fem som kom fyrst til Sydpolen i 1911. Han var ein av dei mest dugande skiløparane i Noreg, og var mellom anna med i ein internasjonal konkurranse i Chamonix i 1909. På veg heim møtte han tilfeldigvis Roald Amundsen, som planla ein ekspedisjon til Nordpolen. Han inviterte Bjaaland til å vera med, Bjaaland takka ja, og eit par år seinare nådde dei altså det andre polpunktet. Når Bjaaland fyrst var invitert med på ekspedisjonen, sa det seg sjølv at han burde vera med heilt fram til polen - i tillegg til å vera ein suveren skiløpar var han òg skimakar, og ser ut til å ha vore ein svært habil snikkar. Den vinteren dei budde på Framheim og førebudde seg på å reisa sørover, reduserte han til dømes vekta på sledane deira frå 88 til 22 kilo, utan at sledane miste noko av kvaliteten sin.

Denne boka fortel kort om livet til Bjaaland. Det er ei merkeleg bok, der alt Bjaaland tek i vert til gull. I andre bøker om sydpolsekspedisjonen er det to episodar som ofte får stor plass: Den altfor tidlege avreisa frå Framheim, som førte til at ein av ekspedisjonsmedlemmane nesten fraus i hel, og til at Hjalmar Johansen ikkje fekk vera med sørover. Dessutan er det vanleg å nemna kva som skjedde med dei fem britane som miste livet i kappløpet mot Sydpolen. Austbø nemner ikkje episoden med Johansen, og lesarane får heller ikkje vita kva som skjedde med Scott og dei andre britane, bortsett frå at nordmennene var glade då dei kom til polpunktet utan å finna spor av andre.

Austbø fortel greitt om livet til Bjaaland før ekspedisjonen. Han var ein ivrig skiløpar, som gjorde det godt i nasjonale renn. Om livet etter ekspedisjonen handlar det stort sett om at han gifte seg, og at han flytta litt att og fram mellom to bygder i Telemark.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

22. juli 2018

Motorpsycho (Moldejazz, 21.7.2018)

Det snedige med at foreldra til Marit bur ein halvtime unna Molde er at ein lett kan kombinera feriebesøk der med konsertar på Moldejazz. Det er rett nok ikkje ofte eg tek turen dit, det er som regel viss det står noko Motorpsycho-relatert på programmet. I 2002 hadde dei med seg blåsarar frå Jaga Jazzist; ein fin konsert som dels vert hugsa for opningskommentaren om at sist dei spelte i Molde var det berre 18 stykk som kom. I 2007 var eg på Kanon, eit prosjekt styrt av Øyvind Brandtsegg, der dei to ur-psychoane mellom anna hadde selskap av Kenneth Kapstad.

I år hadde dei med seg Ola Kvernberg, som sist samarbeidde med Motorpsycho om rockeoperaen The Death Defying Unicorn, og Kristoffer Lo, som var med på store delar av turneen i fjor haust. På førehand hadde dei varsla at det vart mykje frå albumet The Tower, som kom i fjor. Slik vart det òg, seks av åtte songar var henta derfrå.

Dei to andre songane opna og avslutta konserten - ekstranummeret var ein mild og forsiktig "Feel" frå 1994, medan opningsnummeret var ein massiv "Un Chien d'Espace" frå 1997. Denne hadde fått ei ny opning, der dei brukte nokre minutt på å improvisera seg fram til det vanlege opningstemaet. Også før romskipet tok av var det nokre improviserande minutt. Sjølve romturen var solid, om enn ikkje like solid som i Bergen i september i fjor. Ei eg snakka med før konserten var ukjend med bandet frå før, og verka litt mellomnøgd etterpå. Det kan vera ei føremon å kjenna musikken frå før. Eg veit at jazzpublikum har for vane å klappa etter soloar eller andre prestasjonar som fortener applaus, men her verka det som om svært mange trudde at songen var slutt etter opningsversa. Kva dei tenkte då opningstemaet kom attende etter ein halvtime anar eg ikkje.

Også songane frå The Tower fekk tidvis nye og lange parti. Eg trur det var på "Pacific Sonata" at Kvernberg fyrste gong verkeleg viste seg fram, med ein lang fiolinsolo. Både han og Lo fylte ut lydbiletet godt, Lo veksla mellom gitar, tangentar og eit eller anna horn.

Det var ein fin kveld. Av dei siste Motorpsycho-platene er The Tower den eg har høyrt suverent mest på, og songane står seg godt. "Cuckoo" synest eg fungerte mindre godt; dei andre var ein rein fest. Og at dei roa det heile ned med ein svært roleg "Feel" var ei fin avslutning på kvelden.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

18. juli 2018

Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)

I 1898 fann svensk-amerikaren Olof Öhman ein stein med ei runeinnskrift i Kensington, Minnesota. Innskrifta fortalde om tretti skandinavar som var i Minnesota i 1362, altså 130 år før Columbus sigla over Atlanteren. Nokre trudde på innskrifta, dei fleste såg det heile som ein moderne bløff. Hjalmar Holand høyrde til dei som trudde fullt og fast på innskrifta, og gav ut ei rekkje artiklar og nokre bøker om steinen. Han møtte motbør frå fagfolk, men ingen av motstandarane hans tok til motmæle i bokform. Ikkje før Erik Wahlgren gav ut denne boka.

Wahlgren var professor i skandinaviske språk ved UCLA i Los Angeles. Han hadde altså ei heilt anna fagleg tyngde enn Holand, og det kjem tydeleg fram i boka. Wahlgren legg ikkje skjul på at det er skriftene til Holand som gjer at han skriv denne boka. Han finn så mange feil og så mange motseiingar i arbeida til Holand at han ikkje berre kan sitja roleg og sjå på det.

Han går grundig til verks, og plukkar alle argumenta til Holand frå kvarandre. Kortversjonen er at han viser at det er fullstendig uråd at innskrifta på steinen kan vera frå 1362. Han finn feil overalt, både ved språk og runer. Han viser at Ohman (og fleire av naboane hans) hadde tilgang til runealfabet, og at dei ikkje var så enkle som Holand påstår. Han viser at dette med skandinavar som var i Vinland var heftig debattert i norsk-amerikanske aviser i tiåra før funnet. Han viser at det mest uventa ordet på steinen, oppdagelsereise, var brukt heile tida i desse debattane.

Og han viser at Holand er ein uærleg forskar. Holand viser ofte til ein rapport utarbeidd av Minnesota Historival Society - Wahlgren viser at Holand var medforfattar til denne rapporten. Wahlgren viser kor inkonsekvent Holand var, og korleis han omtalar viktige punkt ulikt frå skrift til skrift, utan å grunngje det. Han viser korleis Holand kjem med eigne tolkingar av ordet "dagsreise" - på steinen står det at dei som laga innskrifta hadde leir ved ein innsjø med to skjer ei dagsreise nordover, medan andre passar på skipa deira fjorten dagsreiser nordover. Holand teiknar og fortel, og diktar opp avstandar som er absurde, like absurde som at dei skulle ha greidd å halda styr på det.

Så boka handlar om ein falsk runestein, men ho handlar like mykje om ein falsk forskar. Holand vert så avkledd i denne boka at det nesten er utruleg at han ikkje gav opp.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

14. juli 2018

Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)

I dei animerte glansdagane til Hollywood vart det laga ei lang, lang rekkje korte filmar. I desse filmane dukka gjerne teikningar av kjendisar opp. Marx Brothers var ikkje noko unnatak. Også i seinare animasjonsfilmar dukkar dei opp, eller det dukkar opp referansar til dei.

I filmane deira var det minimalt med animasjon, bortsett frå i rulletekstane, men denne boka viser at det finst svært mange animasjonsfilmar der det dukkar opp noko marxistisk. Det er diverre òg alt boka viser. Hahn sorterer filmane inn i seks kategoriar, og går kronologisk gjennom kvar kategori. Kvar film vert presentert, etter ein gjennomgang av dei som var med og laga filmen kjem eit referat av handlinga. Ingen av filmane handlar om Marx Brothers, ut frå desse referata kan ingen av filmane seiast å vera morosame, men det dukkar altså opp ei setning som fortel at ein eller av brørne har ei birolle, eller at det kjem ein replikk inspirert av ein Marx-replikk.

Eg går ut i ferie i dag, så eg legg inn ein positiv kommentar: Dette er ein nyttig dokumentasjon av kvar dei som er verkeleg desperate kan finna animerte Marx-brør. Men bortsett frå det kan eg ikkje sjå at denne boka har noko stor verdi.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

12. juli 2018

Canada på tvers (2005)

Går ein langt nok nord i Canada er landet ei einaste stor villmark. Mange bur der, mange har budd der, mange har reist der, men Lars Monsen vart den fyrste som for eiga maskin reiste frå vest til aust. Turen tok til ved grensa til Alaska, heilt nordvest i Canada, og slutta ved Goose Bay på austkysten.

I alt reiste han meir enn 8000 kilometer. Turen tok to år og sju månader, og han tek seg stort sett fram med hundespann om vinteren, og stort sett i kano resten av året. Undervegs stoppar han av og til, korte stopp ved små tettstader, lengre stopp i naturen, til dømes medan han ventar på at snøen skal koma.

Det som gjer serien verdt å sjå er entusiasmen til Monsen. Han kosar seg i naturen, også dei gongene han er utsliten eller vert truga av rovdyr. Han stortrivst der ute, og er klar over at dette er ei oppleving svært få har hatt.

Men det er òg ting som trekkjer ned. Av og til verkar det mest som om han viser lysbilete. Det vert mange solnedgangar, og det vert mange flotte naturbilete, men den store dramatikken manglar som regel. Han filmar sjølvsagt det meste sjølv, så det vert mange like scenar der han snakkar til eit kamera han held på strak arm. Noko dramatikk er det, som dei gongene han får selskap av ein eller fleire bjørnar (fyrste gongen ropar han til bjørnen at han må "go away", berre sånn i tilfelle bjørnen forstår engelsk betre enn norsk), eller dei gongene ein eller fleire av hundane er i trøbbel.

Guffen tilrår.

11. juli 2018

Jon Fosse: Eldre kortare prosa (1998)

It does exactly what it says on the tin: Her er fem av dei tidlege kortprosa-tekstane til Jon Fosse. Alle er publiserte før, fire av dei i antologiar. Den eldste teksten, "Han", stod fyrste gong på trykk i StudVest, studentavisa i Bergen, og var vinnarnovella i ein konkurranse i 1981. Dei andre er daterte mellom 1988 og 1992, og publiserte nokre år seinare, 1990 til 1998.

Det er freistande å bruka ordet ujamnt, men det er ikkje heilt presist. "Han" ligg nokre hakk under dei andre tekstane, men dei fire andre er jamt over bra. Dei er alle skrivne før Fosse debuterte som dramatikar, og det er lett å kjenna att skrivestilen frå romanar skreiv på den tida - her er ein del repetisjonar og mange komma også i desse korte tekstane. Her er tekstar frå kysten, slik det ofte er, og her er ein fin tekst om ungdommar som driv opp og ned langs vegen, og ein endå finare tekst om ein eldre mann som tenkjer på ho som no er død.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

9. juli 2018

Merethe Lindstrøm: Jeg kjenner dette huset (1999)

Endå ei fin samling noveller frå Merethe Lindstrøm. Eit par av novellene gjekk meg hus forbi, men dei fleste var svært, svært gode.

Det er ikkje lett å finna noko gjennomgangstema denne gongen. Men novellene har i langt større grad enn i dei tidlegare bøkene hennar ei særeiga stemning. Det er ikkje så mykje handlinga som gjer at novellene fengar, det er like mykje denne stemninga, som Lindstrøm får fram med få ord, og som regel med eit lågmælt språk. Nokre av novellene handlar òg om korte augneblink, der forteljaren gjerne ser bakover for å visa noko av grunnen til det som har skjedd.

Noko å trekkja for? Javisst, men ikkje mykje. Det var altså nokre noveller som ikkje festa seg så godt, og eg er heller ikkje altfor begeistra for dei partia der ho bruker mange korte og avhogde setningar etter kvarandre. Det verkar litt for tilgjort, og bryt med det elles finfine språket hennar.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

8. juli 2018

Where to Invade Next (2015)

Michael Moore er ei artig skrue. Gjennom ei rekkje dokumentarfilmar har han vist kor mykje som er gale med USA. Han tek for seg tema for tema, blandar fakta med humor, og lagar filmar som absolutt er verd å sjå.

Slik er det òg med denne. Utgangspunktet er at USA bruker så enorme summar på forsvaret sitt at dei heile tida må finna nye land å invadera, nærmast for å rettferdiggjera den enorme pengebruken. Så Moore legg ut til land i Europa og Nord-Afrika, for å finna ut kvifor akkurat dei landa bør invaderast. Kort fortalt finn han ut dette:

Italia må invaderast, slik at USA kan innføra dei rettane arbeidarar har der. Frankrike må invaderast, slik at USA kan kopiera skulelunsjane og seksualundervisinga deira. Finland må invaderast, slik at USA kan kopiera skulesystemet deira. Slovenia må invaderast, slik at USA òg kan gjera høgare utdanning gratis og dermed tilgjengeleg for alle. Tyskland må invaderast, slik at USA kan gjera som dei og gje arbeidarar eit klarare skilje mellom arbeid og fritid. Portugal må invaderast, slik at USA òg kan gjera narkotika lovleg. Noreg må invaderast, slik at USA får eit humant fengselssystem. Tunisia må invaderast, slik at USA gjev kvinner betre rettar. Island må invaderast, slik at USA kan læra seg å straffa bankmenn som gjer at det økonomiske systemet fell.

Moore er ikkje like lystig som han plar vera, men det er framleis bra å sjå korleis han festar seg ved rare ting. Som når han intervjuar ein mordar i eit norsk fengsel, og kommenterer at på kjøkenveggen bak han heng det ei rekkje store og skarpe knivar. Og Moore sender framleis ut stikk heile vegen, som heilt sikkert irriterer mange amerikanarar. Fleire stader, som i Noreg eller Finland, kommenterer dei han intervjuar at dei berre har sett amerikanske tankar og modellar ut i praksis. Og det er klart det stikk litt når han seier at å innføra alt dette sjølvsagt vil kosta litt, men det er jo berre å kutta i dei store forsvarskostnadene. Og det må stikka litt når han inviterer tre islandske forretningskvinner til å seia kva dei meiner om USA. Det vert ein liten pause, før ho eine seier rett ut at det ville vera heilt uaktuelt å flytta til eit slikt land, og går inn i ein halvlang tirade om kvifor USA må skjerpa seg.

Guffen tilrår.

Meir Moore på kulturguffebloggen
Bowling for Columbine (2002)
Fahrenheit 9/11 (2004)
Capitalism. A Love Story (2009)