28. juli 2013

Tomas Espedal: Hun og jeg (1991)

Medan me ventar på den nye Espedal-boka i september: Dette er den tredje romanen hans, og mykje av det som er kjenneteikna ved bøkene hans er på plass. Det verkar relativt sjølvbiografisk, og det handlar mykje om forholda mellom kvinner og menn.

Eg-personen bur saman med Nina. Dei har det oftast bra, men det går litt opp og ned. Ho vil ut av byen; han kan ikkje tenkja seg å bu nokon annan stad. Det ser ut som om dei syng på siste verset, men då det viser seg at ho er gravid, vert dei knytt saman igjen. Dei ferierer i Syden, og då dei kjem heimatt flyttar dei på landet. Han er framleis lunken, noko som viser seg i dei hyppige negative omtalane av folka som held til der. Skilnadene mellom dei to vert tydelegare på landet. Han går inn i ei meir stereotyp mannsrolle, der han drøymer om ein boksering, og der han (til ei viss grad) tek del i oppgåvene på garden der dei leiger hus. Men han vert òg meir sarkastisk, og han er langt mindre tolmodig med Nina. Sjølv om boka sluttar med at dei gifter seg, sit ein ikkje att med ei kjensle av at dette er noko som kjem til å vara.

Det er ein Espedal som prøver seg fram, dette. Noko glitrande roman er det ikkje, men som alltid er det spanande å lesa tidlege verk av store forfattarar.

Guffen er lunken.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)Biografi (glemsel) (1999)

Dagbook (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)

25. juli 2013

Johs. A. Dale: Hulda Garborg (1961)

Hulda Garborg var aktiv på mange område. Ho skreiv artiklar og bøker, ho var ein forkjempar for bunader, ein forkjempar for folkedans og folkeviseleik, ho var sentral i skipinga av Det Norske Teatret. Med den litt over perifere kunnskapen eg har til henne hadde eg ei kjensle av det var dei tre siste av desse områda som var dei viktigaste. Denne boka gjev meg eit anna inntrykk, men det burde ho ikkje ha gjort.

Boka kom ut året før Garborg ville ha fylt hundre år, og det ser ut til å vera ein viktig grunn til at boka vart skriven. Det er ikkje den mest innhaldsrike boka, Dale er innom alle områda Garborg var aktiv på, men det vert heller overflatisk. Heilt til han kjem til forfattaren Garborg. Då går han i djupna på romanar og skodespel, og gjev desse langt større plass enn dei burde ha. Det er nærliggjande å tru at grunnen er at Dale er litteraturvitar, og at han difor konsentrerte seg om sitt eige felt. Det er ein stor minus ved boka; det er ikkje primært på grunn av skrivinga hennar at Garborg var viktig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

21. juli 2013

Inger Bråtveit: Munn mot ein frosen fjord (2002)

Dette er debutromanen til Bråtveit, og det er ein glimrande roman. Eg-forteljaren er ei ung jente. Gjennom korte, ukronologiske episodar fortel ho korleis ho har det. Ho har god fantasi, og langt frå alt ho fortel om har verkeleg skjedd. Slik sett har ho mykje til felles med den senile bestemora, som ho ofte tek seg av. Ho saknar bror sin, som utvandra til USA for mange år sidan; eg-personen saknar syster si.

I den fyrste delen av romanen var eg usikker på om systera var verkeleg eller ikkje. Gradvis vert det tydeleg at ho har levd, men at ho døydde i ei ulukke. Kapitla der eg-personen nærmar seg ulukkestidspunktet er svært sterke, og Bråtveit får fram både korleis eg-personen tenkjer seg det som skjedde, og korleis systera må ha opplevd det.

Mora taklar ikkje dette, altså at ho misser ei dotter, og treng òg hjelp. Ho får det gradvis via medisinar, men mannen hennar må òg ta seg litt av ho, på same måte som bestefar til eg-personen tek seg av kona si. Det handlar altså mykje om sakn, dette.

Nokre år seinare kom Bråtveit med den fine romanen Siss og Unn. Tittelen på den boka viser at ho kan sin Vesaas, og også Munn mot ein frosen fjord har sine Vesaas-moment. Eg-personen snakkar mykje med dyr, både verkelege og førestilte, og ho kommuniserer svært godt med fuglane.

Guffen tilrår.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Alice A4 (2015)

Sven Moren: Menn eg møtte (1938)

I all verda - ei gledeleg overrasking i haugen av gamle forfattarar eg durer gjennom i sommarvarmen. Sven Moren var gardbrukar i Trysil, men var òg forfattar og folketalar, og aktiv i fleire norskdomsorganisasjonar. I denne boka fortel han om menneske han møtte - det er stort sett menn, men ei kvinne får òg sitt eige essay.

Det store med denne boka er at Moren både kan skriva og tenkja. Han skriv godt om dei han presenterer, både språkleg og elles. Her er ti-tolv essay, og alle desse gjev oss ei kjensle av at me vert kjende med dei han skriv om, me får ei kjensle av kvifor desse var viktige. Det er journalistar, forfattarar og kunstnarar, og Moren får svært godt fram korleis desse tenkte, og korleis dei arbeidde seg fram. Han skriv òg om nokre som var viktige for Østerdalen. Men mest av alt skriv han om seg sjølv, han er sjølv til stades i alle essaya, der han prøver seg fram som diktar og får støtte, der han prøver seg fram som folketalar og får støtte, osb.

Dei han skriv om er Håkon Nyhuus, Ivar Mortenson Egnund, Helge Væringsaasen, Lars Eskeland, Rasmus Steinsvik, Rasmus Løland, Nikolaus Gjelsvik, Sigbjørn Obstfelder, Hanna Castberg von der Lippe, Tollef Kilde og Anders Hovden.

Guffen tilrår.

Arne Falk: Frifant-epistlar (1969)

Arne Falk var journalist, som skreiv i og/eller redigerte fleire sentrale nynorske aviser og blad. Han var lenge i Den 17de Mai, eit par år var han medredaktør i Norsk Barneblad, han var innom i Norsk Tidend, og hadde nokre år spalta "Frifant-epistlar" i Dag og Tid. Denne boka strør ikkje akkurat rundt seg med referansar, men eg tippar at den siste halvdelen av boka er henta frå den spalta. Det er den klart minst interessante delen av boka. Fant er ingen stor skribent, og mykje av dette verkar halvferdig. Dei korte tekstane er dårleg oppbygde, og kan gjerne slutta med eit avsnitt som bryt heilt med resten, og som gjerne gjer teksten dårlegare. Han skriv om samfunn og politikk, og han skriv om presse og journalistar, og framstår sjeldan som original eller interessant.

Den fyrste halvdelen av boka er langt betre. Her fortel han om erfaringar frå dei nynorske blada, og om folk han har møtt. Han var ein av dei få som fekk intervjua Olav Duun, han intervjua Arne Garborg, han var på nikk med fleire av dei store forfattarane og journalistane, og fortel til dømes godt om Andreas Haavoll og Rasmus Steinsvik. Her er Falk meir levande, så hadde boka slutta halvveges hadde dette vorte meir verdt bryet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

20. juli 2013

Konrad Nerheim (red.): Lars Eskeland. Minneskrift (1950)

To bøker om Lars Eskeland på ein månad? Det var då svært. Denne veka gjorde eg nesten ferdig ein artikkel til Gamalt frå Voss, der Eskeland hadde ei viktig birolle, så eg fekk lyst til å lesa litt meir om han. Werring-boka eg las for nokre veker sidan tok uansett ikkje opp alle sidene ved livet til Eskeland, og denne boka utfyller Werring godt.

Samstundes er det eit minneskrift, eit heidersskrift. Det står ikkje mykje negativt om Eskeland her. Etter ei lengre opningsartikkel, der broren Severin og sonen Øystein skriv om slekt og oppvekst og tida fram til han kom til Voss, er der ei rekkje artiklar av folk som kjende han frå ulike samanhengar. Mange av desse hadde hatt Eskeland som lærar, og gjev han ros for å vera ein svært inspirerande og kunnskapsrik foredragshaldar og pedagog. Meir interessante er dei som går rett inn avgjerande situasjonar i livet hans, som då Olav Hoprekstad fortel om ein samtale han hadde med Eskeland rett etter at han hadde konvertert. Det er òg bra når Ola Perstølen skriv om dei mange måldebattane Eskeland hadde med riksmålsmannen Yngvar Brun.

Sjølv om ein tek omsyn til at dette er eit heidersskrift, og skavar av mykje av rosen det fører med seg, står ein framleis att med eit godt bilete av Eskeland. Han var viktig både for folkehøgskulen og målrørsla, og det seier litt når Bjørnstjerne Bjørnson rundt 1890 sa at Eskeland var "Norges høiest begavede ungdom".

Guffen tilrår.

Meir Eskeland på kulturguffebloggen
Henri Werring: Lars Eskeland (1954)

19. juli 2013

Milada Blekastad: Hallvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv (1983)

Dette er ei heilt grei bok, med ein stor mangel. Hallvard Blekastad var fødd i 1883, og voks opp i Gausdal. Familien var aktive i den veksande norskdomsrørsla, og Blekastad vart kjend med fleire sentrale folk. Han gjekk folkehøgskule i Ørsta og Askov, han var ei tid lærar på folkehøgskulen på Eidsvoll. Han la vekk lærarkarriera til fordel for eit liv som kunstmålar, og var mykje i utlandet for å studera og læra.

Boka bruker mange som brev som kjelde, og desse er det gjort eit svært godt utval av. Han var ein nær ven av svogeren Olav Aukrust, og breva mellom desse handlar mykje om korleis ein skal laga god kunst, og kva ein skal og vil med livet. Også breva mellom Blekastad og foreldre og sysken vitnar om at dei hadde ei leitande innstilling til livet. Blekastad var antroposof, og hadde god kontakt med Rudolf Steiner.

Mangelen med boka er at forfattaren ikkje er open nok om hennar rolle. Ho gifta seg med Blekastad i 1934, året etter at ho kom til Noreg frå Tsjekkoslovakia. Det har sjølvsagt gjeve ho god tilgang til det som finst av arkiv i familien, men det nære forholdet mellom dei burde vore nemnt og problematisert i innleiinga i boka. Etter at Milada kjem inn i livet hans vert ho omtalt som "Milada", og aldri som "eg" eller "forfattaren" eller noko slikt. Milada var ei svært oppegåande kvinne, men når ho har utelate at ho berre var 17 år då ho gifte seg med den 51 år gamle Blekastad, kan det henda at ho òg har valt vekk andre ting som kan setja Blekastad i eit litt uheldig lys.

Guffen tilrår.

12. juli 2013

Herbjørn Sørebø: Medieliv (2003)

Dette er ei rar bok. Sørebø var sytti år då boka kom ut, og fortel om livet som journalist (stort sett i NRK), om politiske hendingar han var vitne til (stort sett i Noreg), og om folk han har møtt. Det siste punktet var kanskje det viktigaste for meg; Sørebø var med i redaksjonen i Norsk Barneblad nokre år i 1950- og 1960-åra, og det er jo noko som fengar. Han skriv godt om den mangeårige redaktøren Andreas Haavoll, og om korleis utgåvene av bladet vart til.

Dette fenga meg kanskje av di eg har litt kjennskap til historia til Norsk Barneblad. Også andre gonger han skriv om miljø eg kjenner litt merkar eg at boka engasjerer, men det er stort sett berre då. Sørebø skriv ikkje grundig og godt nok til at omtalar av hendingar eller personar som er perifere for meg vert interessante. Han greier heller ikkje å disponera stoffet på ein god måte; det burde vore langt betre overgangar mellom dei ulike kapitla.

Alt er ikkje svart. Noko av det mest interessante kjem mot slutten av boka, der han skriv om rolla NRK har, og om korleis han med uro såg at den institusjonen gong på gong gjorde feil val, og korleis dei, etter at TV2 starta opp i 1993, altfor raskt la seg på den same lina som dei. Dette hadde vore ein fin slutt på boka; i staden kjem det nokre oppsummerande kapittel, før boka sluttar med ein omtale av eit kafebesøk med Gerd Høst i Berlin, eit kapittel som med hell kunne vore fjerna frå heile boka.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Berre ein hund (1975)

Det skulle litt til at me fekk sjå fjernsyn på jolekvelden i gamle dagar. Etter at jola var ringt inn skulle fjernsynet vera av. Det einaste unntaket var den jolekvelden NRK viste denne fjernsynsfilmen - ein kortfilm basert på ei forteljing av Per Sivle var altså det einaste som kunne få foreldra mine til å utsetja gangen rundt joletreet.

"Berre ein hund" er ei av fem forteljingar i Sogor, og er truleg den som er mest lesen. Det er ei fin forteljing, om korleis tolvårige Per vert knytt til ein hund. Hunden er eigd av ein engelsk turist, som døyr då han misser fotfestet på ein fjelltur. Per vil behalda hunden, men foreldra likar ikkje hunden, og det endar med at ein av mennene på garden skyt hunden.

I boka er altså mykje rett, men i denne filmen er det meste feil. Det verste er at det går så ubehjelpeleg seint. Med ei strammare redigering, der ein klipte filmen ned frå seksti til tretti minutt, ville mykje vore gjort. No vert det i staden endelause rekkjer med naturbilete. At ein bruker amatørskodespelarar er eigentleg greitt, men det må gå an å seia at dei kan prøva litt hardare. Skodespelet er livlaust og blodfattig, og fleire gonger er det faktisk slik at me som ser på byrjar å le, så dårleg er det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

11. juli 2013

Kjell Askildsen: Alt som før (1994)


Askildsen er ein av desse forfattarane eg gjerne skulle ha lese noko av. Eg fann denne boka, eit utval av novellene hans, på ein gjenbruksbutikk på Jæren sist veke, og noveller passar jo godt som feirelektyre. Det vert sjeldan rom for dei lange leseøktene.

Det finst to Askildsen-bøker med same tittel. I 2012 kom det ei samling med 34 noveller; denne kom i 1994, og inneheld 15 noveller og den relativt korte romanen Omgivelser. Den romanen er av det svakaste i boka.

Novellene vert gradvis betre utover i samlinga. Her er noveller frå alle samlingane han hadde gitt ut før 1994, og det er tydeleg at han meistrar denne forma betre og betre. Det er likevel òg tydeleg at han har eit godt grep om novellesjangeren.

Dei beste novellene kjem altså mot slutten av boka. Her er det fleire noveller som er i slekt, og som handlar om eldre menn som er leie av livet. Dei er misnøgde, einsame og negative. Den einaste av dei som likevel er misnøgd nok (eventuelt sterk nok) til å gjera slutt på eigne lidingar, er hovudpersonen i "En plutselig frigjørende tanke".

Både i desse og dei tidlegare novellene slit hovudpersonane med liva sine. Midt i samlinga er der fleire noveller om par som ferierer i Syden, og der det for alle andre enn dei sjølv er heilt opplagt at dei ikkje burde reist på ferie i lag. Forholda deira bryt saman, utan at nokon av dei bryr seg større om det.

Guffen tilrår.

Meir Askildsen på kulturguffebloggen
Vennskapets pris (2015)

6. juli 2013

Robert Louis Stevenson: Dr. Jekyll and Mr. Hyde (1886)

Dr. Jekyll har tenkt seg fram til at kvart menneske eigentleg er to - ein god og ein vond. Han forskar seg fram til to drikkar; ein som kan få fram det vonde i seg sjølv, og ein som kan få han tilbake. Det fungerer heilt greitt, i alle fall ei stund. Om nettene er han den vonde Mr. Hyde, om dagen er han seg sjølv - ein god likt dokter.

Men det går sjølvsagt gale. Han merkar at Hyde tek kontrollen - stadig oftare vert han Hyde utan å ha drukke væska han har laga. Etter at Hyde tek livet av ein prominent mann, prøver Jekyll å gøyma Hyde, å unngå at han viser seg. Det viser seg vanskeleg, og til slutt ser han sjølvmordet som den einaste utvegen.

Dette er ei berømt bok, og det er omtrent den einaste grunnen til å lesa ho. Ein som les ho utan å vita noko som helst om Jekyll og Hyde, vil kanskje verta overraska når han mot slutten av boka får vita at Jekyll og Hyde er ein og same person, men dei fleste andre vil altså vita det før dei tek til med lesinga. Stevenson gjer òg avsløringa enkel for seg sjølv, boka sluttar med eit langt brev frå Jekyll, der han forklarar alt som har skjedd.

Guffen er lunken.

5. juli 2013

Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Det finst verre måtar å lada opp til tohundreårsdagen enn å lesa dette minneskriftet, som kom for hundre år sidan. Det er ei ujamn bok, men det aller, aller meste av ho er verdt å lesa. Dei tre forfattarane gjer akkurat det ein ventar av dei. Koht skriv ordrikt og godt om livet og arbeidet til Aasen; Garborg skriv godt om diktinga til Aasen, og Hovden kjem med nokre anekdotar om Aasen, og nokre eigne minne frå samværet mellom dei to.

Artiklane til Koht og Hovden er til dels overlappande, og skilnaden i arbeidsmåtane deira er påfallande. Der Koht er nøyaktig og innsiktsfull, er Hovden unøyaktig og overflatisk. Boka tener ingenting på det Hovden skriv, og kunne med hell ha greidd seg med dei to andre artiklane. Det Koht skriv er glimrande. Eg er ikkje heilt sikker, men meiner at han var den fyrste som verkeleg gjekk inn i papira etter Aasen, som vart gjevne til Nasjonalbiblioteket etter at Aasen døydde i 1896. Han viser til brev Aasen skreiv eller fekk, han siterer frå dagbøkene hans, han siterer frå bøkene hans, og det er ein fryd å lesa. Dei som ikkje kjenner Aasen godt kan gjerne ta til her.

Koht er mellom anna heilt klar på Aasen ikkje har noko som helst med nasjonalromantikken å gjera. Det er reint tilfeldig at han gjev ut den fyrste viktige boka si i 1848. For Koht er det viktige at Aasen er ein mann av og for folket, for bøndene rundt om i landet. Det er dei han vil vera ein av, det er dei han vil gje eit språk, det er dei han vil hjelpa fram.

Det eine fellestrekket mellom dei tre artiklane er at alle nemner kor vondt Aasen hadde det. Han drøymde om eit liv på eigen gard, med kone og familie, men måtte nøya seg med eit liv i leigde rom i byen, der han gradvis vart meir og meir einsam. Hovden skriv til og med at det kunne gjerne gå ein månad mellom kvar gong han veksla ord med eit anna menneske. For meg vert i alle fall dette siste litt utruleg, og eg er òg litt skeptisk til dette at han budde femti år i ein by han helst ville vekk frå. Han kunne nok godt tenkt seg familie, men dagbøkene fortel då om hyppig kontakt med andre menneske. Og han må jo òg ha hatt stor glede av arbeidet sitt, og det kunne han nok gjera betre i byen, der han kunne nytta boksamlingar og treffa kunnskapsrike folk.

Guffen tilrår.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Handagard: Ivar Aasen (1956)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Aasen: Symra (2013)

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

4. juli 2013

Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)

Edvard Drabløs: Den største norske skodespelaren gjennom tidane. Det finaste mennesket verda har sett. Mannen som eigenhendig skipa Det Norske Teatret, og som var ansvarleg for å driva teateret både då han var teatersjef og elles. Og så bortetter, i alle fall viss ein skal tru opningskapitlet i denne boka. Heldigvis er det lenge mellom kvar gong slik panegyrikk får koma på trykk i ei bok.

Boka poserer som ein Drabløs-biografi, men spesielt godt kjend vert ein ikkje med han. Boka er på rundt 160 sider, men svært mykje av dette går med til å fortelja om korleis Sykkylven (heimbygda til Drabløs) og andre bygder vert gripne av norskdomsrørsla, og kvifor denne var viktig for å engasjera bygdeungdom i politikk og andre samfunnsspørsmål. Mykje plass vert òg brukt på å fortelja om striden for å få etablert eit nynorsk teater. Drabløs var sentral der, men fram til historieboka om DNT kjem seinare i år er eg litt usikker på om han var så sentral som denne boka vil ha det til. Etter turneane til Det Norske Spellaget var det lagt eit godt grunnlag for eit større og fast teater, men ingen hadde overskot til å driva det fram. Til og med Hulda Garborg hadde resignert; den einaste som hadde krefter nok til å jobba vidare med det var Drabløs. Slik det vert framstilt her, er altså han far til Det Norske Teatret.

Han var knytt til dette teatret det meste av yrkeslivet sitt, men ein kort periode dreiv han sitt eige Drabløs Teater. Dette var eit reisande teater, som skal ha greidd seg godt, men det vara ikkje lenge før han var attende hjå DNT. Der vart han verande lenge, og Klæbo gjer det svært lett for seg når han skriv om tiåra Drabløs var ved DNT - han ramsar opp alle rollene han har hatt, både store og små.

Drabløs var nok viktig, og han var nok ein meir enn habil skodespelar. Då hadde han òg fortent at det vart skrive ein skikkeleg biografi om han, i staden for desse greiene her.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.2017)

3. juli 2013

Henri Werring: Lars Eskeland (1954)

Lars Eskeland (1867-1942) sette spor etter seg på mange område. Han var ein sentral folkehøgskulemann, han var sentral i målrørsla, han skreiv rundt seksti bøker, han var aktiv i avisdebattar, han var ein stor folketalar, og etter at han konverterte til katolisismen i 1925 drøfta Stortinget om han kunne halda fram som styrar ved Voss folkehøgskule. Nokon burde ha skrive ein omfattande biografi om Eskeland; fram til det skjer må me greia oss med bøker som denne.

Werring tek ikkje mål av seg til å skriva ein fullverdig Eskeland-biografi. Det er han fullt klar over, og i føreordet kjem han med ei haltande grunngjeving for dette - "alt kan ikke få rom i en bok. Dette er overhodet ikke ment å være 'boken om Lars Eskeland'. Det er vel et spørsmål om en slik bok overhodet noen gang bør skrives". Det bør absolutt gjerast, då vil me få eit fullare bilete av kven Eskeland var. Det er eit sakn ved denne boka at Werring til dømes utelet målmannen Eskeland.

Det Werring skriv om er likevel greitt og informativt. Han har med det obligatoriske kapitlet om oppvekst og arv, før dei tre hovuddelane i boka kjem - folkehøgskulemannen, konverteringa, og følgjene av konverteringa. Det vert altså mykje religion. Den viktigaste grunnen til at Eskeland konverterte ser ut til å vera at han ville høyra til i ei kyrkje der ein ikkje drøfta Jesus, men det spelte òg inn at Noreg tidlegare var katolsk - den store helten til Eskeland var Heilag-Olav. Det verkar rart no, men at Eskeland vart katolsk var altså eit så stort problem at Stortinget truga med å dra tilbake statsløyvinga til Voss folkehøgskule. Løysinga vart at Eskeland eit par år seinare gjekk av som rektor, og at sonen Øystein tok over, men Eskeland var nok framleis den som heldt i trådane.

Som folkehøgskulemann og pedagog var han suveren. Han grunnla Voss folkehøgskule i 1895, saman med Olaus Alvestad, og skulen vart den største i landet. Dei hadde langt over hundre elevar kvart år, og sjølv om elevtalet fall til åtti i skuleåret etter at Eskeland vart katolikk, var skulen framleis den skulen med flest elevar i landet.

Det er altså ei bok med manglar, dette, men boka gjev likevel eit greitt bilete av kven Eskeland var.

Guffen tilrår.