12. juni 2018

Bill Bryson: A Walk in the Woods (1998)

Appalachane er ei rekkje fjellrekkjer i det austlege Nord-Amerika, frå ein stad i Sørstatane i USA til Newfoundland i Canada. I den amerikanske delen av fjella vart det i 1930-åra laga ein gjennomgåande sti, The Appalchian Trail. Denne er i dag om lag 3500 kilometer lang. Mange går heile eller delar av stien, og det er det som er utgangspunktet her.

Bill Bryson finn ut at han vil prøva å gå heile denne ruta. Han prøver å få selskap på delar av ruta, og får ein uventa telefon frå barndomskameraten Stephen Katz. Katz, som eigentleg heiter noko heilt anna, hadde òg ei birolle i Neither Here nor There, ei av dei fyrste bøkene til Bryson. Dei slår seg saman, kjøper altfor mykje turutstyr, og flyg til Georgia. Planen er å gå heile vegen heimatt til Maine. Det går ikkje, dei er altfor dårleg trente, men det gjer ingenting.

Dei møter mange rare folk, dei er redde for dei ville dyra (som dei omtrent ikkje møter), dei lengtar etter god mat og god drikke, og går leie relativt fort. I alle fall leie nok til at dei avbryt turen. Dei møtest igjen seinare for å gå ein vidgjeten strekning i Maine, der ruta går gjennom 160 kilometer med villmark. Dei avbryt også den delen.

Bryson er i toppform i denne boka. Han drit ut dei han kan drita ut, og veldig mange av dei andre turgåarane dei møter får så hatten passar. Samstundes drit han òg seg sjølv ut. Innimellom refereringa frå turane kjem han med historikk, både knytt til ruta og til områda dei går gjennom. Her er han som vanleg open for det som måtte finnast av kuriøse fakta. Det var stas å lesa denne boka igjen, og det passar bra før ein sommar då det ser ut til å verta litt turgåing igjen.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
Notes from a Small Island (1995)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar