23. april 2024

Øystein Milli: Dødelig brorskap (2023)

I 1990-åra var det kniving mellom ulike MC-miljø i Noreg, fyrst og fremst mellom Bandidos og Hells Angels. Miljøet var ikkje spesielt stort, men det var eit hardt miljø, og det toppa seg då ei bombevart detonert utanfor lokala til Bandidos i Drammen. Ei kvinne som tilfeldigvis køyrde forbi vart drepen. Begge MC-klubbane var internasjonale, slik at knivinga var ein del av noko større.

Denne boka gjer ikkje akkurat det framsida fortel. Boka handlar lite om brorskapet, og endå mindre om den norske MC-krigen. Det aller meste i boka handlar om etterforskinga av eksplosjonen, der politiet mistenkjer folk, har dei inne til avhøyr, finn nokre spor, går ned nokre blindvegar, osb. Det vert litt livlaust, og det hadde vore langt meir spanande og interessant dersom me faktisk hadde kome på innsida av motorsykkelgjengane. No vert det litt for oppramsande, altfor detaljert, slik at det me gler oss over når politiet endeleg finn dei siste viktige spora er ikkje at saka er løyst: Det er meir at no går boka mot slutten.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. april 2024

Curb Your Enthusiasm, sesong 12 (2024)

Dette var den siste sesongen av Curb Your Enthusiasm. Larry David har sagt det same fleire gonger, men no er det høgst truleg alvor. Her er som vanleg ein gjennomgåande historie i sesongen, og denne gongen endar det opp med ei rettssak der David er tiltalt. Det er altså klare parallellar til den siste episoden av Seinfeld, og det kjem stadig referansar til det. Jerry Seinfeld dukkar opp fleire gonger, mellom anna heilt til slutt, der dei i den siste scena er samde om at denne slutten var langt betre enn måten dei slutta Seinfeld på. Og den siste episoden er eit høgdepunkt, i ein sesong (og i ein serie) som har mange, mange høgdepunkt. 

Leon Black er som vanleg med, og det er som alltid stas å sjå han. Han snakkar mykje om damer og sex. Han har aldri sett Seinfeld, men då han ser det er det stort sett damer og sex han får ut av det òg. Pluss at han, høveleg nok, meiner det er rart med Kramer som heile tida går inn til naboen utan å banka på.

Den gjennomgåande historia handlar om at Larry David er i Atlanta under eit presidentval. Det er langt køar, det er steikande sol, og han gjev ei av dei i køen litt vatn. Det er forbode, viser det seg, og utan at David er klar over det vert han ein helt for alle menneskerettskjemparar i USA. Historia er fin og rar nok i seg sjølv, men i tillegg er det minst éin annan historie i kvar episode. Det handlar om alt mogeleg, på same vis som Seinfeld handla om alt mogeleg. Og dette er ein betre serie enn Seinfeld.

Guffen tilrår. 

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)

21. april 2024

Gunnhild Øyehaug: Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (2023)

Eg trur ikkje dette skodespelet har vore framført enno, men eg skulle gjerne sett det. Det er leikande, det er absurd, det er morosamt, osb. 

Det handlar om ei kvinne på ein sjukeheim. Ho vaknar, og snakkar litt med seg sjølv og mest med andre. Det kjem fram at ho er Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, og nokre av dei ho snakkar med er òg frå vikingtida. Ho får til dømes besøk av Egil Skallagrimsson, som vert rekna for å vera hovudfienden hennar. Andre er frå meir moderne tider - Lille Eyolf (frå Ibsen-skodespelet) dukkar til dømes opp, slik at me hoppar ein del i tid og rom. 

Det kan godt henda at kvinna i senga berre innbiller seg alt dette. Det er ikkje så viktig. Det er fornøyeleg og innsiktsfull lesnad, og igjen - eg skulle gjerne sett dette stykket på ein scene.

Guffen tilrår. 

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

20. april 2024

Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)

Dette er den nest siste romanen Vesaas gav ut. Han var 66 år då, og berre det er uvanleg: At forfattarar er på ei stigande kurve så seint i livet. Dette er ei makelaus, makelaus bok, som gjer like stort inntrykk kvar gong eg les ho.

Det handlar om Siss og Unn. Unn har nyleg flytta til bygda, og bur hjå moster si. Siss vitjar henne ein kveld, yr av glede av di ho vert den fyrste som får koma så tett innpå Unn. Ho kjem tett innpå, men ikkje heilt inn til den inste grinda - Unn fortel at ho har vore med på noko, utan at ho vil seia kva. Dagen etter skulkar Unn skulen, og me vert med ho på ei vandring inn i ein frosen foss, eit is-slott, der ho går seg vill og døyr. Alle leitar etter ho, utan resultat. 

Siss vert ein annan. Ho er ikkje lenger leiaren i klassen, men tiner sakte opp. Mot slutten av vinteren foreslår ho at klassen skal gå til den frosne fossen. Ho går litt for seg sjølv, og får då sjå Unn innfrosen i isen. 

Det er ei fabelaktig bok, der språket er minst halve gleda. Nokre av kapitla er omtrent som dikt, og ved eitt høve kjem det òg eit dikt. Det er imponerande korleis Vesaas lever seg inn i sinna til dei to elleve år gamle jentene. Og det er vel på sin plass å ta med det Doris Lessing skreiv om boka: "How simple this novel is. How subtle. How strong. How unlike any other. It is unique. It is unforgettable. It is extraordinary". 

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

18. april 2024

USA og Holocaust (2022)

Av og til dukkar det opp seriar absolutt alle burde sjå. Dette er ein slik serie. Det handlar om korleis jødane vart handsama før og under andre verdskrigen, med vekt på handlingane i USA. 

Det kan verka som noko me har sett og høyrt før, men det verkar nytt. Serieskaparane har intervjua ei mengd relevante folk - nokre vaks opp i Europa, andre var amerikanske. Dei bruker originalfilmar, og dei bruker ei mengd flotte foto, slik at det nesten hadde vore bryet verdt å sjå serien utan lyd.

Men det handlar altså om jødane. Hitler kjem til makta i Tyskland i 1933, og det ikkje lang tid før jødane i Tyskland skjønar at dei bør vekk. Det er berre eit lite problem: Nesten ingen vil ha dei. Jødehatet var svært utbreitt, ikkje minst i USA. Franklin Roosevelt, president i USA 1933-45, var sympatisk innstilt, men vågde ikkje å auka kvotene for jødar. Han var redd for at det ville føra til at senatet vedtok at færre jødar skulle koma inn i USA kvart år. 

Det er kanskje dette som verkeleg var nytt for meg: Kor organisert og omfattande jødehatet i USA var. Filmsnuttar av amerikanarar som i 1930-åra marsjerer under hakekorset. Foredrag og innlegg av flyhelten Charles Lindbergh, som var ein rein rasist. Han var ikkje åleine, serien opnar alt i 1920-åra, då KKK var ein maktfaktor i USA, og då USA innførte strenge kvotar for ulike land. 

Serien sluttar med at konsentrasjonsleirane vert avslørte og frigjorte. Det heile kunne altså ha slutta optimistisk, men det gjer det ikkje: Dei viser foto og filmar frå tiåra etter andre verdskrigen, foto og filmar som viser at rasismen slettes ikkje er vekke frå USA.

Guffen tilrår. 

16. april 2024

Sigurd Petersen: På Voss med bestefar (1990)

Eg var vel på nikk med Petersen, sjølv om eg aldri hadde han som lærar. Han var inspektør då eg gjekk på gymnaset, og eg møtte han av og til i andre samanhengar etterpå. Eg hugsar han som litt seriøs og keisam, men ting endrar seg med åra: Eg hadde nok sett pris på å snakka med han i dag.

Denne boka er greitt lagt opp: Petersen hadde fire barneborn då boka vart skriven. I boka smeltar han dei saman til guten Tron, og han fortel om turar dei har teke på Voss. Det er oftast skiturar. Bestefaren er den faktainteresserte forteljaren som vil læra guten alt mogeleg; guten utviklar seg til å verta interessert, han òg. Han set meir og meir pris på desse turane, og i det siste kapitlet avlyser han ein slalåm-avtale med ein jamaldring, av di han heller vil gå på ski med bestefaren. 

Den viktigaste bodskapen i boka er å sjå det store i det små. Petersen og Tron finn meir enn nok av interesse i heimbygda; det gjeld berre om å sjå seg om. Det handlar òg om å vidareformidla kunnskapen ein har samla, og Petersen har mykje kunnskap å formidla. Han var lektor i den tida då lektorar var kunnskapsrike og kunnskapshungrige, og det viser godt att her. Det er nesten trist å tenkja på kor få lektorar ved gymnaset i dag som kunne skrive ei liknande bok.

Guffen tilrår.

14. april 2024

Praying for Armageddon (2023)

Denne filmen kunne vore ganske morosam, hadde det ikkje vore for at det er blodig alvor. Det handlar om evangeliske kristne i USA som lengtar etter dommedag. Dei tolkar Bibelen slik at etter ein blodig krig på jorda vil Jesus koma tilbake og sortera levande frå døde. For oss som ikkje er spesielt religiøse verkar det relativt absurd.

Det som gjer det alvorleg er mengda av folk som trur på dette. Filmen snakkar om 100 millionar amerikanarar, altså nær ein tredel av alle som bur i USA. Ein kan seia mykje rart om amerikanarar, men det talet må vera for høgt. Men sjølv om det rette talet er 50 millionar, er det framleis svært, svært mange amerikanarar. Dei er mange nok til å vera ein maktfaktor, og det er ikkje spesielt overraskande å sjå Donald Trump dukka opp som talar på eit arrangement i ei av dei enorme mega-kyrkjene. Å blanda religion og politikk er ikkje spesielt lurt.

Filmen vekslar mellom USA og Israel. Dei evangeliske kristne er sjølvsagt heilt på Israel si side, og også der verkar det som om dei har eitt mål: Krig. 

Eg såg filmen på NRK, der han vart introdusert av Thomas Seltzer, og der det var ein interessant og innsiktsfull debatt rett etterpå.

Guffen tilrår. 

13. april 2024

Arnfinn Haga: Aksjon Telavåg (1993)

Eg vart gåande og tenkja på Telavåg-aksjonen her ein kveld, og fann ut at dette var noko eg burde gjera meg litt meir kjend med. Eg fann denne boka på nettsidene til Nasjonalbiblioteket, og sette i gang. 

Arnfinn Haga har skrive svært mykje om andre verdskrigen. Frå 1979 til 2010 var det berre eitt år han ikkje gav ut bok, og dei aller fleste bøkene ser ut til å handla om krigen. Det er eit høgt tempo, og sjølv om det altså er bøker frå eit avgrensa felt, er det fare for at bøkene kunne vorte betre dersom han hadde sett ned tempoet litt. Det er i alle fall tilfellet her - historia om Telavåg-aksjonen er så dramatisk at ho fortener ei langt betre skildring enn dette. 

Kortversjonen er at mange flykta til Storbritannia via Telavåg. Litt tilfeldig oppdagar ein norsk politimann at to som ventar på skyss gøymer seg i eit hus i Telavåg. Politiet og tyskarane går til aksjon, nokre av tyskarane vert drepne, og hemnen vert grusom: Alle menn i bygda vert sende til Tyskland, alle kvinner og born vert sende i eksil i Norheimsund, alle hus i bygda vert brende. 

Boka kan nok reknast som god dokumentasjon. Haga har snakka med mange som overlevde, og eg er ikkje i tvil om at han kan stoffet sitt. Likevel burde det vore presentert betre.

Guffen er lunken. 

9. april 2024

Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø: Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år (2005)

Denne jubileumsboka er todelt: Den fyrste delen fortel soga til Kringkastingsringen, den andre handlar meir om stoda for nynorsk og samisk og dialektar i media. Det er ei heilt grei todeling, sidan Ringen arbeider for meir nynorsk i media. 

Samstundes er det ikkje tvil om at den fyrste delen er meir interessant enn den andre. Det heile opnar med eit godt intervju med Magne Rommetveit, før Erling Lægreid kjem med minne frå den tidlege tida, då både han og Rommetveit var sentrale. Så kjem sjølve lagssoga, der eg vart både overraska og imponert: På kort tid bygde dei opp ein målorganisasjon som hadde fleire medlemer enn Noregs Mållag. Sjølv meinte dei at ein av dei viktigaste grunnane var at dei ikkje engasjerte seg i rettskrivingsspørsmål. Ein annan viktig grunn var at dei ikkje hadde lokallag - dei ville ikkje konkurrera med Mållaget. 

Så er det nok ein veikskap med framstillinga av soga til Ringen at dei ikkje skriv noko om nedgangen i medlemstal. Eg fekk det i alle fall ikkje med meg, og det burde vel òg ha stått noko om kvifor nedgangen kom (og kvifor Noregs Mållag igjen var størst).

Guffen tilrår. 

6. april 2024

Johan Austbø: Olav Sletto. Ein studie (1923)

Slike bøker burde det vore fleire av. Ho er på 45 sider, og gjev seg ikkje ut for å vera noko anna enn ho er: Ein introduksjon til ein kunstnar. Mange av biografiane som vert gjevne ut i dag er omfangsrike og er gjerne resultatet av mange års arbeid. Ofte er dei verdt bryet, men dei kan vera tunge å ta fatt på for dei som ikkje les så mykje. Då er ein slik introduksjon betre, og det kan godt vera at det er slik boka fungerer: Lesarane vert nyfikne og prøver seg kanskje fram.

Men når alt det er sagt: Akkurat denne boka kunne vore betre. Austbø er mest interessert i bøkene til Sletto, men han skriv òg litt om livet hans. Han framhevar at han er ein stor talar, og at han høver godt som skulemann. Men det meste av boka er altså ein gjennomgang av bøkene Sletto hadde skrive fram til 1923, og det vert for livlaust. Han refererer meir enn han analyserer, og når han finn fram til omgrep han likar godt, kjem dei attende fleire gonger. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Meir Austbø på kulturguffebloggen
Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)

Meir Sletto på kulturguffebloggen
Per Spegil (1939)