26. august 2018

Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)

Kort repetisjon: Ein svensk-amerikansk nybyggjar fann ein runestein i Minnesota i 1898. Alle ekspertar som såg innskrifta, som skulle vera frå 1362, sa at dette var humbug. Hjalmar Holand fekk høyra om steinen, vart overtydd om innskrifta var ekte, og gav ut ei bok om steinen i 1932. Seinare kom det fleire bøker. I 1958 gav Erik Wahlgren ut ei bok som i stor grad var eit svar til Holand, og Wahlgren viste på ein overtydande (og kanskje litt for krass) måte at innskrifta ikkje kunne vera ekte.

Fire år seinare, i 1962, gav Holand ut denne boka. Det vart den siste boka hans, han døydde året etter. Han forsvarar seg mot åtaka frå Wahlgren, han finn feil i det Wahlgren skriv, og tek opp att det som var hovudpoenget hans gjennom det meste av livet: Innskrifta er ekte. Ho fortel om ein norsk/svensk ekspedisjon som leitte etter Vinland frå 1355 til 1364, og som altså i 1362 var i det som seinare vart Minnesota.

Han overtyder ikkje denne gongen heller. I 1355 bad den dåverande kongen om at Paul Knutson skulle reisa til Grønland for å finna ut kva som hadde hendt med dei som budde der. I eit brev skrive mange år seinare, i 1577, vert det referert til Jacob Cnoyen, som skal ha sagt at det i 1364 kom åtte menn frå Grønland til Bergen. Holand legg saman desse to hendingane, og meiner at dei åtte må ha vore med på Knutson-ekspedisjonen. To problem melder seg: Ingen historikarar trur at Knutson nokon gong reiste - midt i 1350-åra var kongestyret svært ustabilt, og det var òg kort tid etter at svartedauden hadde herja. Og i brevet frå 1577 står det klart at dei åtte ikkje hadde vore på nokon ekspedisjon, men at dei åtte var etterkomarar av dei som budde på Grønland.

Holand finn som regel det han leiter etter, og bruker det som passar inn med hypotesen hans. Han har funne langt fleire steinar med hol i, "mooring stones", og meiner med det å ha funne alle stadene gruppa med svenskar og nordmenn tok kveld. Han viser til ei rekkje funn av gjenstandar han skriv må vera nordiske, og meiner at dette må stamma frå ekspedisjonen. Og han meiner at mandan-indianarane, som var lysare i huda enn andre indianarar, må ha den hudfarga av di dei på eit tidspunkt må ha slege seg saman med ekspedisjonsmedlemmane. Ingen av desse tre hypotesane vert støtta av forskarar i dag. Holand omtalar dei likevel som prov. Han er altså like sikker som før, og er diverre like nøyaktig i metodane sine.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

21. august 2018

Siri Hustvedt; The Enchantment of Lily Dahl (1996)

Lily Dahl er 19 år. Ho bur i ein småby i Minnesota (det kan godt vera Northfield, sidan det vert referert til Iris Vegan, hovudpersonen i The Blindfold. Og Northfield er òg byen Hustvedt vaks opp i), der ho arbeider som kelner på ein diner. Ho har vanlegvis morgonskiftet, der både bønder og luringar og andre kjem innom for å eta det same kvar morgon.

Dahl drøymer om eit liv ein annan stad, gjerne i ein storby som New York, og gjerne eit liv der ho arbeider i kulturlivet. Det er difor ikkje så rart at ho er med i eit amatørteater, eller at ho fell for kunstnaren Ed Shapiro, som bur på eit hotellrom tvers over gata frå leilegheita hennar. Ho har òg mykje kontakt med naboen sin, ei eldre dame som har vore rundt kvartalet nokre gonger.

Portrettet av Dahl er fascinerande. Det er slettes ikkje sikkert at ho har det som trengst for å koma seg vekk, det kan henda at ho eigentleg trivst godt med å vera ung og fager og full av livslyst. Boka er likevel mykje meir enn dette. Ho er full av merkelege personar: Nokre brør som samlar på bos ute på farmen sin, ein farm der far deira drap mora og gravde ho ned, kanskje før ho døydde. Ein ung mann som er lettare forstyrra, og som prøver å kommunisera med Dahl gjennom obskure rebusar, og som vert observert fleire medan han nattestid går rundt og ber på eit lik (som viser seg å vera ei dokke). Det vert nesten som i Twin Peaks, der småbyharmonien vert forstyrra av litt av kvart.

Her er det likevel ikkje så mykje som er gale, viser det seg. Med unntak av han unge mannen med dokka er alle heilt i balanse likevel, viser det seg.

Guffen tilrår.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)

19. august 2018

My Scientology Movie (2015)

Scientologi-kyrkja er både eit fint og eit vanskeleg tema for ein dokumentarfilmskapar. Det er nok av kontroversar å hengja seg opp i, og det er nok av folk som har sterke meiningar om denne sekta. Men dei er sjølve aldeles uinteresserte i å snakka med skaparane av slike filmar, slik at det er berre den eine sida som kjem til orde.

I alle fall nesten. Louis Theroux er ein brite som har laga mange dokumentarfilmar eller -seriar, og utan at eg skal lyga på meg mykje kunnskap om desse, har eg fått med meg at han mellom har laga program om ulike tilhøve i USA. Her er han i California, der scientologikyrkja har hovudkvarteret sitt. Han snakkar med fleire avhopparar som tidlegare var høgt på strå i kyrkja, fyrst og fremst Mark Rathbun. Saman med Rathbun hyrer Theroux inn unge skodespelarar, som prøver å skapa det same skremmande miljøet som leiaren for kyrkja, David Miscavige, skapte. Det er eit godt grep, som ein kan sjå at gjer inntrykk på skodespelarane, på Theroux, og på Rathbun.

Kyrkja kjem ikkje godt frå desse leike-skodespela, og dei gjer òg mykje anna rart. Ein ting er at dei kastar ut Theroux og kameratemaet hans når dei (visstnok) står på scientologane sin eigedom og filmar. Verre er det at dei sender ut kamerafolk som filmar Theroux medan han jobbar, og at framståande scientologar konfronterer Rathbun på ein flyplass. Dei verkar aldeles paranoide, og det verkar rimeleg meiningslaust at dei skal oppnå mykje med dette. Theroux er altfor røynd til å verta skremd.

Mot slutten av filmen skjer det seg mellom Theroux og Rathbun. Dei kranglar, og Rathbun framstår etter kvart som ein litt ustabil kar. Det er den eine innvendinga eg har mot filmen - Theroux burde ha kommentert rolla til Rathbun meir. Han er ei viktig kjelde for Theroux, men kan òg vera ei usikker kjelde, med den fortida han har.

Guffen tilrår.

18. august 2018

Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)

Eg såg nyleg fjernsynsserien der Lars Monsen kryssar Canada. Det var ein eller to referansar til Helge Ingstad der, og det fekk meg til å henta denne fram frå bokhylla. Eg er jo vorten så pass gamal at eg les bøker om att. Det er sikkert tretti år sidan eg las denne fyrste gongen, og ho held seg godt.

Helge Ingstad var utdanna advokat, og dreiv eige kontor i Levanger frå 1922. Fire år seinare selde han det, og reiste til Canada for å gjera det han drøymde om - å leva som pelsjeger i øydemarka. Det gjorde han, og han gjorde det godt nok til at han vart der i fire år. Kvar sommar var han, slik dei fleste jegrane var, i den vesle byen Snowdrift, men resten av året var han jeger.

Det er ikkje jaktinga hans som gjer dette til ei så fin bok. Ingstad er ein svært habil skribent, og flotte naturskildringar og flotte formuleringar kjem strøymande heile tida. Han legg for dagen ein stor respekt for naturen og for dei som lever der, og det er heller ikkje vanskeleg å sjå at han trivst i naturen. Han prøver heile tida noko nytt - han jaktar saman med ein norskamerikanar, han jaktar og lever saman med indianarar, han prøver å greia seg heilt åleine, osb.

Guffen tilrår.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

17. august 2018

Øystein Hovden: Anders Hovden. Eit nærportrett (1960)

Anders Hovden var ein viktig person i målsoga. Han skreiv dikt og salmar og forteljingar, men var kanskje viktigare i debattar. Han var overtydd målmann. Han var prest, og arbeidde heile livet i bokmålsområde. Dette er den tredje boka eg har lese om han, slik at eg får eit godt bilete av livet hans, med eit lite atterhald: Denne er skriven av son hans, han skreiv ein sjølvbiografi, og for rundt femten år sidan kom det ein biografi skriven av Jens Kåre Engeset. Det er nok den mest kritiske, men det seier eigentleg mest om dei to andre: Engeset levde det meste av livet i Hovdebygda, nokre hundre meter frå garden der Hovden vaks opp, og hadde Hovden som ein av dei to store heltane sine.

I denne boka går Øystein Hovden tematisk gjennom livet til faren. Det er oppvekst, det er salmedikting, det er familiemannen, talaren, og så vidare. Han siterer flittig frå dikt og andre tekstar, og frå brev Hovden har skrive og fått. Han får godt fram korleis han ser på faren, og boka må vera ei god innføring for dei som ikkje kjenner Anders Hovden frå før.

Boka kom ut i ein serie med portrett av forfattarar, skrivne av folk som stod dei nær. Slike idear er gode, og eg plukkar gjerne opp andre bøker i serien.

Guffen tilrår.

16. august 2018

Brynjulf Jung Tjønn: Eg kom for å elske (2002)

Dette er debutboka til Tjønn. Det er ein kort roman - boka er på rundt 70 sider, og på dei fleste av desse sidene dekkjer teksten under halve sida. Gjennom desse korte tekstglimta kjem historia fram - det skjer ikkje kronologisk, men gradvis får me vita at dette har skjedd:

Forteljaren er ei ung jente. Ho bur saman med mora - dei hadde eit harmonisk familieliv heilt til broren døydde, og faren forlot dei. Mora har funne seg ein ny kjærast, ei kvinne, og jenta som har ordet veit ikkje heilt kva slags framtid som ventar ho.

Det skjer altså mykje i romanen, og det er imponerande korleis Tjønn får så mykje fram med så få ord. Han vekslar mellom notid og fortid, og samstundes vekslar stemninga i boka. Før broren miste livet og før faren flytta var livet betre, medan jenta er meir usikker i kapitla som handlar om samtida. Kanskje ho kjenner seg trua av den nye kjærasten til mora, kanskje ho føler at ho er i ferd med å missa den siste ho har i familien, men ho veit altså ikkje heilt kvar vegen går vidare no. Ei fin bok.

Guffen tilrår.

Meir Tjønn på kulturguffebloggen
Lyden av noen som dør 2008)
Så vakker du er (2013)
Kvar dag skal vi vere så modige (2021)

15. august 2018

Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)

Motorpsycho har heile tida sett både framover og bakover. Dei har sett framover når dei har skapt musikk, men dei har samstundes sett bakover, gjerne for å henta inspirasjon. Dei har god musikalsk teft, og slik det stod i ein konsertomtale i Beat for lenge, lenge sidan -  dei veit kvar dei skal låna, og kvar dei skal styra unna.

Dei siste åtte-ti åra har dei òg sett bakover på ein annan måte. Dei har gått til eigne arkiv, og fleire av hovudverka deira frå 1990-åra har fått nye utgjevingar, og har vorte framførte frå scena. I 2015 var turen komen til Demon Box, kanskje den aller beste plata deira. Dei framførte denne på Slottsfjell, og tre gonger på Rockheim. I denne boksen, som kom i fjor, er det med ein DVD frå Rockheim (som eg ikkje har sett enno).

Inni boksen ligg det òg tre andre boksar - boksar med to lange essay av Lars Ramslie. Han skreiv òg langt om "The Golden Core" i boka Supersonic Scientists, der han las ting inn i Timothy's Monster eg aldri har tenkt på eller sett før. Bidraget hans der skal ha vore fem gonger lengre enn det som var avtala, og også her har han skrive mykje - i eit etterord skriv han at det opphavlege manuset var mykje, mykje lengre.

Kva ser han etter her? Det er tekstane han skriv mest om, og ikkje berre tekstane på plata. Plata er oppkalla etter ei essaysamling av Ken Kesey. Ramslie har lese denne boka, han har lese bøker av eller om andre beatnikar frå 1960-åra, og har desse lesingane med seg når han høyrer plata om igjen, og om igjen. Han finn mange spor og referansar, mest etter Kesey, men òg referansar til Kerouac, Ginsberg, og Charles Manson. Teksten på plata han hentar mest døme frå er "Plan #1", og då spesielt bidraget til Matt Burt.

Det er to fascinerande essay. Han overtyder meg ikkje om at alt dette låg i bakhovudet til bandet då dei skapte plata, men han viser korleis dette var ein periode då bandet var påverka av desse LSD-guruane. Den neste plata er oppkalla etter Timothy Leary, og nokre år seinare kjem songen "Dr. Hofmann's Bicycle". Men det vert for ordrikt, og utdraga og referansane frå tekstane til dei andre forfattarane vert for mange.

Guffen er lunken.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

14. august 2018

Frank Rossavik: Smilefjestyranniet (2014)

Frank Rossavik er ein god aviskommentator. Han skriv for tida for Aftenposten, men har tidlegare skrive mykje for Bergens Tidende og Morgenbladet. I denne boka er over hundre kommentarar samla. Dei fleste er frå tidsrommet 2000-14, men det er òg teke med tre frå 1990-åra og ein frå 1987.

Rossavik skriv fritt og godt. Noko endrar seg likevel om lag midtveges i boka, slik òg Agnes Ravatn er inne på i føreordet sitt. Ho tidfestar det til debatten rundt publiseringa av Mohammed-karikaturane. Før dette skiljet er Rossavik meir personleg, han bruker oftare humor som eit verkemiddel. Etter skiljet ser han litt mindre lyst på tilveret, og det vert meir alvor i det han skriv.

Her er svært mykje bra i denne boka. Eg er slik laga at eg sette mest pris på den lystige delen av boka, der eg fleire gonger lo høgt. Best i så måte er truleg kommentaren om norsk film. Poenget Rossavik vil ha fram er at han og andre med nedsett høyrsel ikkje kan sjå norske filmar på kino, av di dei ikkje er teksta. Han innleier denne kommentaren med å fortelja om at han ikkje har sett ein norsk film på kino på tjue år. Då såg han filmen Hud saman med sin dåverande flamme, og dei vart så nedtrykte av å sjå Vibeke Løkkeberg "stå og glo foran en båt i 25 minutter, at vi begynte og krangle og slo opp senere på kvelden".

Guffen tilrår.

8. august 2018

Colson Whitehead: The Underground Railroad (2016)

Under slavetida i USA var det mange som hjelpte slavar med å flykta. Det vart etablert eit nettverk av gøymestader og ruter, og mange slavar kom seg trygt til nordstatane via dette nettverket. I røynda var det (sjølvsagt) ikkje snakk om ein jernbane, men i denne romanen er det slik: Det finst faktisk ein hemmeleg undergrunnsjernbane som tek slavar med nordover.

Cora er ein slave på ein farm i Georgia. Ein annan slave, Caesar, overtalar henne til å flykta saman med han. Den viktigaste grunnen til denne invitasjonen er at mor hennar er den einaste som har greidd å flykta frå denne farmen, og Caesar meiner difor at Cora kjem frå ei slekt med flaks. Han som eigde farmen hyrer inn den legendariske slavefangaren Ridgeway, og han møter dei fleire gonger. Cora og Caesar greier å ta seg til den næraste undergrunnsstasjonen, og lever eit langt betre liv i Sør-Carolina. Dei har jobbar, men er undertrykte, og ho flyktar vidare til Nord-Carolina, der ho må liggja i dekning. Ho vert teken, men greier å flykta, og gradvis kjem ho seg til fridomen. Det greier ikkje Caesar, og det greidde heller ikkje mor hennar, viser det seg.

Det er ei fin bok. Whitehead skriv godt, og både romanen og kapitla er eksemplarisk oppbygde. I nokre kapittel fortel han om kva som skal skje alt i opninga, andre gonger kjem det dramatiske vendingar ut av det blå.

Guffen tilrår.

3. august 2018

Paul Auster: Timbuktu (1999)

Romanen Mr. Vertigo kom i 1994. Dei neste åra arbeidde Auster mykje med film - han skreiv manus til Smoke, han var vel med som regissør av Blue in the Face, og skreiv og regisserte Lulu on the Bridge. I 1999 vende han tilbake til romanformatet, og gav ut denne romanen. Det var den veikaste romanen hans så langt, og eg var på nippet til å gje opp Auster då han kom ut.

Hovudpersonen, eller hovuddyret, er hunden Mr. Bones. Grovt sett går hunden gjennom fem fasar i boka: Han er fyrst saman med eigaren sin, Willy, ein heimlaus kar som syng på siste verset. Etter at Willy døyr spring Mr. Bones vekk. Han bur ei kort tid i ei pappøskje, der ein gut som ikkje får lov til å ha husdyr gøymer han. Så kjem han til ein familie som er vellukka på utsida, men der mora ikkje toler faren. Når dei skal på ferie plasserer dei Mr. Bones på eit hundepensjonat, og han rømmer derfrå. Då boka sluttar er han klar for ein sjølvmordsleik på tvers av ein sterkt trafikkert motorveg.

Boka er ikkje stort meir fengande enn referatet over. Det verkar som om Auster tenkte at det var ein god idé å skriva ein roman med ein hund som forteljar. Nokon burde ha fortalt han at det kunne ha fungert, men at det må vera meir ved ei bok enn at ho har ein litt uvanleg skapning i sentrum. Det er livlaust og engasjerande, og det heile fungerer svært, svært dårleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)
The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)