29. april 2018

Der Untergang (2004)

Ein film som har undertittelen "Det tredje rikets siste dager" er sjølvsagt ikkje nokon gladfilm, men det er ein veldig god film.

Rammeforteljinga handlar om Traudl Junge. Det opnar med at ho i 1942 får jobb som privatsekretær for Adolf Hitler. Eller - det opnar med eit utdrag av eit intervju med Junge, teke opp mange år seinare. Filmen hoppar til april 1945, då alle skjønar at krigen er så godt som over. Dei tyske leiarane er samla i ein bunker under Berlin, og den einaste som trur at krigslukka kjem til å snu er Hitler sjølv. Alt raknar, folk flyktar, men han trur det skal snu. Heilt til han òg gjev opp, og han tek livet sitt. Junge greier å flykta.

Det er altså ein god film. Me er nede i bunkeren så godt som heile tida, slik at filmen får godt fram korleis dei som er der ikkje har nokon utveg. Og Bruno Ganz, som spelar Hitler, er aldeles overtydande. Når han snakkar med Junge eller med hundane sine er han heilt i balanse; når han snakkar med generalane om framdrifta i krigen er han så til dei grader rabiat.

Guffen tilrår.

28. april 2018

Rasmus Løland: Hundre år (1910)

Rasmus Løland var fyrst og fremst kjend for barnebøkene sine. Han var òg ein strålande redaktør av Norsk Barneblad dei siste fire-fem åra han levde. Han skreiv likevel meir, mykje meir, mellom anna denne boka. Han leverte inn manuskriptet i 1903, men fekk det i retur frå forlaget, som meinte at dette "ikkje var høveleg lesnad for ungdomen". Det er ei bok som handlar om andre tema enn barnebøkene hans, det er rett, men det er likevel vanskeleg å sjå at ungdommen bør skjermast frå dette. Boka kom ut i 1910, tre år etter at Løland var død.

Forteljinga opnar med ein fest i ein liten by i Alpane. Det er inngangen til eit nytt hundreår, og nokre kunstnarar er samla til lystig lag. Dei vert samde om å møtast igjen om hundre år, for å fortelja kvarandre kva dei har fått gjort i mellomtida. Så går dei kvar til sitt. Løland følgjer så kunstnarane gjennom livet. Nokre få gjer det godt, nokre gjer det mindre godt, andre igjen gjer ingenting.

Det kapitlet som kan ha påverka forlaget til å refusera boka handlar om ei kvinne som flyttar frå Oslo til Nord-Noreg. Der døyr ho, og der vert ho gravlagd. Så tek eit jordras gravplassen, og både likkister og skjelett kjem fram att i dagen. Skjelettet til kvinna vert flytta til eit museum, der det vert utstilt - ho var ikkje med på laget i Alpane, men er den personen i boka som vert synleg for dei komande generasjonane.

Boka sluttar så med eit nytt lag i Alpane, hundre år seinare. Nye kunstnarar er samla, eit nytt hundreår står for døra. Dei snakkar om at det kanskje sat nokre her for hundre år sidan, og at det vil sitja andre her om nye hundre år.

Det er ei lita bok, på litt over hundre sider. Boka skulle gjerne vore lengre, for det er ein fryd å lesa ho. Dei fleste portretta er glimrande skildra, og samla vert det ei finfin forteljing. Då eg var ferdig med boka tenkte eg at dette er ei bok eg skal henta fram att ein gong, og det er jo alltid eit godt teikn.

Guffen tilrår.

Meir Løland på kulturguffebloggen
Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)
Noveller (1972)
Sjølvbiografi (1988)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

Patti Smith: Devotion (2017)

Sidan 2015 har Yale University invitert ein forfattar til å halda eit foredrag i serien Why I Write. Viss eg forstår den knappe baksideteksten rett, tek denne boka utgangspunkt i eit foredrag Smith heldt i 2017.

Boka er tredelt. Det opnar med ei reiseskildring, der Smith reiser til England og Frankrike. Den andre delen er ei novelle (med tittelen "Devotion"), før ho i den siste delen held fram reiseskildringa, og så vidt kjem inn på spørsmålet om kvifor ho skriv.

Alle delane heng saman. Novella fortel om ei ung kvinne som har ein stor draum - å verta ein kunstløpar i verdsklasse. I opningsdelen skriv Smith nokre gonger om kunstløp - ho ser det på fjernsyn og vert fanga av det ho ser. Dei to reiseskildringane er delar av den same reisa, der ho i fyrste del les om og vitjar grava til Simone Weil, ein fransk filosof. I den andre delen vert ho invitert til huset der Albert Camus budde, og der ho får lesa det upubliserte og ufullstendige manuset til den siste boka han arbeidde med.

Dei to reiseskildringane er dei sterkaste delane av boka. Novella er ikkje like god. Smith skriv som alltid godt, og den siste setninga i boka, der ho svarar på spørsmålet, er spesielt fin: "Because we cannot simply live".

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Year of the Monkey (2019)

24. april 2018

Ian MacDonald: Revolution in the Head (1994)

Brått kjende eg at det var på tide å lesa denne boka att. Eg kjøpte ho omtrent då ho kom ut, og det tok ikkje mange sidene før eg skjøna at all rosen ho hadde fått var velfortent. I boka skriv MacDonald om alle songane The Beatles gav ut på plate, og lanserte dermed ein heilt ny sjanger, trur eg. Eg har sett liknande bøker om andre artistar - i farten kjem eg berre på éi eg har lese, men eg har vondt for å tru at andre bøker er like gode som denne.

For det er altså ei finfin bok. MacDonald har suveren kontroll over emnet sitt. Han er brutalt ærleg, og ikkje berre når han omtalar songane. Han kan gjerne skriva om korleis ulike stoff, fyrst og fremst LSD, påverka mykje av musikken deira, og ikkje berre på godt vis. Han skriv om når dei fire spelar feil, han skriv om når dei fire ikkje snakkar saman, og så bortetter.

Men han skriv òg om det som er bra, og han forklarar kvifor det er bra. Han gjer seg god nytte av CD-teknologien, som midt i 90-åra vel var så godt som allemannseige, og viser til det nøyaktige tidspunktet noko av interesse skjer i ein song. Nokre songar får brei omtale, andre kortare, og i dei lange omtalane skriv han gjerne om det som elles skjedde i og rundt bandet.

Det var stas å lesa boka denne gongen òg, og eg er redd for at det kan det verta også neste gong eg les ho.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

22. april 2018

Legends of the Fall (1994)

Fredagskveld på sofaen, og dette var noko eg fann på Netflix. Og det var vel ikkje all verda.

Me er i Montana, i tida rundt den fyrste verdskrigen, på farmen til ein tidlegare offiser i den amerikanske hæren. Han slutta som soldat i protest mot korleis hæren mishandla indianarane, og vert skuffa når dei tre sønene hans alle vervar seg for å kjempa i verdskrigen. Den eldste vert drepen der, dei to andre kjem heim. Ho som den eldste var trulova med bur hjå far deira, og dei prøver begge å verta den nye kjærasten hennar. Det greier dei, etter tur. Ho giftar seg med den yngste, men det er han i midten ho likar best. Dei to brørne har gått heilt ulike vegar - den yngste går inn i politikken og vert pill roten, han andre er meir eit nautrmenneske.

Det er ein rar film, der mange lause trådar heng og sleng. I mangt og mykje minner han om britiske overklasseseriar, der alle går høfleg rundt kvarandre medan dei spelar tennis. Andre stader kan han minna om ein westernfilm, der den finfine naturen i Montana spelar ei stor rolle. Men samla sett fungerer det ikkje noko større.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. april 2018

Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien (2017)

Ottar Grepstad har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999. Han gjev seg til hausten, og eg misunner ikkje den som skal ta over. Grepstad har gjort svært mykje - han har gjort Nynorsk kultursentrum til ein nasjonal kulturaktør, han har vore med på å dra i gang Hauge-senteret i Ulvik og det komande Vinje-senteret i Vinje, han var sentral då nettleksikonet Allkunne vart etablert, og han har gjort mykje meir.

Han har mellom anna skrive ei rekkje bøker. I fleire av desse har det vore samla store mengder dokumentasjon - slik var det i Ivar Aasen-bibliografiane som kom i 2013 (skrifter av Aasen) og 2014 (skrifter om Aasen). Og slik er det her, der han tek med det som er skrive både av og om Aasmund Olavsson Vinje.

Eg skal ikkje påstå at eg har lese kvart ordet i denne boka. Ho er på rundt 440 sider, og det meste er annoterte lister over artiklar og bøker. Det har eg bladd roleg gjennom, og lese litt histen og pisten. Meir tid brukte eg på dei to artiklane i boka - den lange "Krønikeskivaren A. O. Vinje" og den litt kortare "Å lese og forstå A. O. Vinje". Her skriv Grepstad om kvar Vinje skreiv, kva han skreiv, og om kva andre skreiv. Han går djupt inn i kjeldene, av og til så djupt at poenget kjem litt ut av syne, men han kjem opp att, og at har med denne boka gjeve oss endå meir kunnskap om den tidlege nynorske kulturhistoria.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Toril Moi leser A.O. Vinje (2016)

19. april 2018

Merethe Lindstrøm: Kannibal-leken (1990)

Dette var rart. Det er den tredje boka til Lindstrøm. Den fyrste var heller veik, men den neste var langt betre. Eg hadde forventa at også denne skulle vera på eit høgt nivå, men det er ho ikkje. Det er ei samling noveller, der få av dei engasjerer noko større.

Dei fleste novellene handlar om folk som er litt på utsida. Det kan vera vaksne, det kan vera ungar, men det er heile tida eitt eller anna som gjer at livet deira ikkje er heilt i vater. Slik er det med mange bøker, og det er eit miljø også Lindstrøm har skrive om i andre bøker, men her går det ikkje som det skal. Det er lite ved novellene som festar seg, og sjølv om det rett nok er nokre dagar sidan eg las boka ut, er det vanskeleg å henta fram att ei einaste novelle.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

16. april 2018

Gregg Allman: My Cross to Bear (2013)

Det er mykje som er stas med Motorpsycho, mellom anna det dei har av referansar til andre grupper. Dei spelte Allman Brothers Band-songen "In Memory of Elizabeth Reed" på konsertar på slutten av 90-åra, og då dei returnerte til countryverda i 2004 sa dei at grunnen til at dei hadde to trommeslagarar var at Allman Brothers Band hadde det.

Allman Brothers Band var fyrst og fremst eit liveband. Eg er ingen stor kjennar av bandet, men eg har høyrt nok på At Fillmore East til å verta imponert. Og til å forstå at dette er musikk Motorpsycho set høgt.

Dei to brørne i bandet var Gregg og Duane Allman. Duane var den som samla musikarane, i 1969, og han var òg den aller beste musikaren i bandet. Han såg at noko mangla, og meir eller mindre kommanderte Gregg til å flytta frå California til Florida for å verta med. Det gjekk slag i slag, dei vart etter kvart eitt av dei store banda i USA, og greidde seg godt også etter at to av medlemmane døydde i motorsykkelulukker, om lag på same staden, med eitt års mellomrom - fyrst Duane Allman, deretter bassisten Berry Oakley. Dei tok ein pause i 1976, kom saman att i 1978, gjekk frå kvarandre igjen i 1982, og var igjen samla i tidsrommet 1989-2014.

I denne boka fortel Gregg Allman om livet sitt, både i og utanfor Allman Brothers Band. Det var berre eitt år mellom dei to brørne; Duane var eldst. Dei miste faren tidleg, og treivst ikkje altfor godt i oppveksten. I alle fall ikkje før dei fann musikken. Der var dei heime, og der fekk dei det som etter kvart vart nesten like viktig for dei - sex, drugs og rock'n'roll. For Gregg vart det i meste laget med rusmiddel. Han var narkoman, han var alkoholikar, og spesielt i 80-åra var det mykje drikking.

Boka er finfin, sjølv om det tapar seg litt mot slutten. Allman har eit friskt språk, han har gode karakteristikkar og gode uttrykk, og han er forfriskande open om både eitt og hitt.

Guffen tilrår.

8. april 2018

Henrik Svensen: Bergtatt (2011)

Utanfor Granvin folkebibliotek står det ein telefonkiosk. Biblioteket bruker denne kiosken eksemplarisk - for om lag eitt år sidan hadde dei i alle fall samla nokre øskjer med bøker dei hadde kassert der. Det var fritt fram for alle å ta med seg så mange bøker dei ville, og eg var som vanleg lett å be. Dette var ei av bøkene eg tok med meg. Ho var heilt ukjend for meg, men tittel og undertittel ("Fjellenes historie og fascinasjonen for det opphøyde") var meir enn lovande.

Meir enn lovande var òg føreordet. Der fortel Svensen kva han vil med boka. Det er ikkje direkte uvanleg, men det var nok liv og løye i føreordet til at eg gleda meg til resten av boka. Her er mykje bra i boka, alle bøker som nemner Motorpsycho får jo automatisk ei høg stjerne, men her er òg mykje som ikkje fengar like mykje.

Boka er todelt, i alle fall grovt sett. I den fyrste delen skriv Svensen om korleis folk har sett på fjell gjennom historia, og korleis dei vert meir og meir interesserte i det. Alt i denne delen fortel han at han er geolog, og i den andre delen vert det litt for mykje geologi for meg. Han skriv mykje om korleis fjellkjeder vert skapte. Her er det mest interessant å lesa om dei ulike teoriane som rådde grunnen før kunnskapen om kontinentalplatene vart ålment akseptert, for uventa kort tid sidan.

Guffen er lunken.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

7. april 2018

Sverre Tusvik og Guri Vesaas (red.): Einar Økland 50 (1990)

På mystisk, men likevel lovleg, vis fekk eg kloa i ei fin samling eldre samlagbøker. Denne var ei av dei tok med av di det var fritt fram. Eg har ikkje noko nært forhold til forfattarskapen til Økland, og har berre lese litt hist og her.

Dette festskriftet er slik festskrift ofte er. Her er ei lett blanding av lange og korte tekstar, av prosa og dikt, av tekst og bilete. Mange av tekstane er skrivne av forfattarkollegaer (akkurat her merkar eg at det kunne vore fint med ei innhaldsliste, men det vart det visst ikkje plass til). Her er mellom anna diktet "Issa" i Olav H. Hauge si handskrift (og ein gong eg var innom i heimen til Økland hekk dette diktet i glas og ramme i gangen). Her er teksten "Reisa til Valestrand eller: kom tilbake Pearl Bailey" av Ragnar Hovland, illustrert av forfattaren. Her er eit intervju med Martin Natås, som var lærar då Økland gjekk i barneskulen. Her er nokre sider med bilete som viser den private Økland, ein fotoartikkel som naturlegvis har fått tittelen "Amatøralbum II".

Og så vidare. Noko er midt i blinken, noko anna bommar litt, noko anna igjen bommar mykje.

Guffen er lunken.

2. april 2018

George Orwell: Nineteen Eighty-Four (1949)

Eg gjekk på folkehøgskule i 1984-85. Det var ikkje noko spesielt vellukka år, korkje for meg eller for folkehøgskulen - i ein tale den siste kvelden sa rektor noko slikt som at dei som jobbar på folkehøgskular har gode og mindre gode årskull, og dette kullet hadde vore eitt av dei minst gode han hadde hatt. Éin av lærarane var heilt fiksert på denne boka, han hadde eitt seminar om boka, og refererte til ho i ei rekkje andre samanhengar.

Eg las boka i samband med det seminaret, og hugsar ikkje at boka gjorde noko stort inntrykk. Slik er det no òg. Det er altfor ordrikt, altfor tydeleg, og utan spesielt mykje piff.

Boka fortel om eit samfunn der styremaktene har full kontroll over livet ditt. Hovudpersonen, Winston Smith, arbeider med historieomskriving, men er djupt skeptisk til systemet han er ein del av. Han kan likevel ikkje gjera opprør, ein ting er at han er overavaka overalt, inkludert i heimen, ein annan ting er at det er stor fare for at dei han eventuelt planlegg opprør eller motstand saman med er ein angivar. Og surprise, surprise - det er akkurat det som skjer. Smith har leigd eit rom der han møter kjærasten sin, og sjølv om rommet ligg i ein del av London dei rekna som trygt, er utleigaren ein angivar. Og då endar Smith (og truleg kjærasten) opp i rom 101, der ein vert konfrontert med det ein er aller, aller mest redd for.

Guffen er lunken.