30. januar 2017

Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)

Hm. Dette vart ikkje like bra som eg hadde vona. Stykket er bygd opp rundt eit utval av songane til Stein Torleif Bjella. Seks personar (og fem musikantar) ventar på eit tog som er forseinka. Dei syng Bjella-songar, og gjev oss dermed eit lite innblikk i kven dei er.

Tekstane til Bjella er jamt over finfine, og han framfører dei på ein suveren måte. Han tek sjeldan av, han syng lågmælt om stort og smått. I dette stykket verkar som om ingen trur heilt på den krafta som ligg i desse tekstane. Fleire av tekstane vart heilt øydelagd av at songane vart ropt ut. Det vert heilt feil. Dei songane som fungerte best var dei rolege. Både arrangement og melodiar er endra - arrangementa var vellukka, medan mange av melodiane vart for svake.

Men heilt gale var det likevel ikkje. Utanom songane er det svært få replikkar, men Bjella har sjølv nokre av desse. Han spelar stasjonsmeistaren, som med jamne mellomrom dukkar opp for å fortelja at toget er forseinka. Her er det litt å le av, og det er òg fin humor når ein av dei seks seier fram opningslinene på "Det er den draumen". Andre av replikkane er mindre vellukka; nokre er der berre for å skapa ein halvgod overgang til neste song.

Guffen er lunken.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)


Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

Alice Munro: Something I've Been Meaning to Tell You (1974)

Eg les meg sakte gjennom bibliografien til Alice Munro, og det er stas av fleire grunnar. Med det rolege tempoet eg har lagt opp til er det framleis lenge til eg har vore gjennom alle bøkene hennar. Like viktig er det, slik det står i eit avissitat på baksida, at det er nok å lesa ei novelle for dagen. Då slår ikkje novellene kvarandre i hel, og ein kan tenkja vidare på det ein nett har lese.

For det er altså glitrande noveller Munro skriv. Eit særdrag ved denne samlinga ser ut til å vera møte på tvers av generasjonar, der ei ung kvinne vitjar eller bur saman med eldre slektningar. Novellene er bygde opp på same viset - den fyrste halvdelen får på plass stemninga og me vert kjende med karakterane, før det som er av dramatiske høgdepunkt og uventa vendingar kan dukka opp.

Det er det ikkje alltid det gjer, utan at det svekkar novellene. Jamt over er dette svært bra. Aller best er "Tell Me Yes or No", der det i høgste grad er ei uventa vending i den andre halvdelen.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

23. januar 2017

Jon Krakauer: Where Men Win Glory (2009)

Eg har likt det aller, aller meste av det eg har lese av Krakauer. Denne boka har eg vore litt skeptisk til, og har hatt ho ståande i hylla ei stund før eg tok ho fram. Eg trudde det var ei bok om amerikanske soldatar i Afghanistan, og det kan jo verta keisamt i lengda. Eg var ikkje heilt på bærtur, men inntrykket mitt var like fullt feil.

Boka handlar om Pat Tillman. Han spelte amerikansk fotball i NFL, altså på høgaste nivå, og var i ferd med å etablera seg som sentral på laget. Det endra seg 11. september i 2001. Han såg verdien av at amerikanske soldatar reiste til andre land for å kjempa, og følgde opp denne haldninga med handling: Han sa nei takk til vidare NFL-spel, og verva seg for tre år i militæret. Han var ein tur i Irak i 2003, og i 2004 var han i Afghanistan. Der vart han skoten og drepen på eit oppdrag.

Framleis verkar dette litt feil. Eg generaliserer det eg er god for: Amerikanske fotballspelarar og soldatar er ikkje av dei mest spanande. Det fann Tillman fort ut òg. Då han og broren kom til den fyrste leiren sin, ein stad i USA, var dei sjokkerte over kor unge og lite utvikla dei andre soldatane var. Primitiv humor, ikkje altfor mykje intelligens, og mange veldig skyteglade unge menn. Dette spelte inn då Tillman vart drepen. For det er akkurat dette som er det gjeve med denne boka. Det er ikkje ei rein hylling av det amerikanske forsvaret. Tvert imot. Tillman vart skoten av ein medsoldat, etter nokre hektiske minutt der nokre amerikanske soldatar skaut og skaut og skaut mot andre på same lag.

Dette var sjølvsagt dårleg PR for forsvaret - ein ting var at her var (endå) ein soldat drepen av amerikanske kuler, ein annan ting var at det var Pat Tillman, som mot sin vilje var gjort til ein heltefigur i Amerika. Forsvaret gjorde alt dei kunne for å leggja lok på korleis han var drepen, dei laug, dei dekte over fakta, dei trekte tilbake rapportar som viste korleis det heile hadde skjedd, osb. Boka fortel altså ikkje om dei heroiske soldatane, boka fortel om korleis det amerikanske forsvaret dekkjer over fakta for å tvihalda på støtten frå det amerikanske folket.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)
Under the Banner of Heaven (fjernsynsserie, 2022)

20. januar 2017

Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)

Brian Wilson er, som dei fleste veit, eit musikalsk geni. To av platene han laga i 60-åra, Pet Sounds og Smile, er aldeles makelause. Eller - Smile vart ikkje gjeven ut då, dei andre i Beach Boys nekta, slik at prosjektet vart skrinlagt i fleire tiår. Og "andre i Beach Boys" vil i hovudsak seia Mike Love.

Wilson brukte ein del dop frå midten av 60-åra, og kombinert med ein heller ustabil psyke gjorde det at han tapte seg mykje. Han kom seg ut av det verste for om lag tjue år sidan, men er ikkje akkurat i toppform. Eg såg han i Oslo i 2004, då han med nye medmusikantar framførte Smile, som då endeleg var utgitt. Sjølv om konserten som heilskap var litt opp og ned, var det ufatteleg stort å sjå Wilson spela "Good Vibrations", der han sat på pianokrakken sin og dingla med beina.

I intervju snakkar han litt som ein liten unge. Han hoppar i tema, han kan svara på spørsmål som vart stilt for litt sidan, men det er vanlegvis eit djupt alvor i svara hans. Slik er òg denne boka. Medforfattaren, som etter alt å døma er den som har skrive boka, har greidd å ta tonen til Wilson. Det går litt etter innfallsmetoden, boka hoppar i tid og tema, men mot slutten av kvart kapittel er det likevel tydeleg at det er svært fint komponert.

Det lengste kapitlet i boka er òg det beste.Over femti sider fortel han om skapinga av dei to platene eg nemnde over. Både her og elles i boka skriv han om saknet av dei to brørne hans som var med i Beach Boys, Carl og Dennis. Og han skriv om faren og om Mike Love; han har eit hat/elsk-forhold til begge to. Wilson framstår som ein som helst vil at alle skal ha det bra, han kritiserer ikkje i tide og utide, og det må vera forklaringa på at han ikkje skriv meir om Love. Eg fekk begge bøkene frå Amazon samstundes, og rykta seier at Love er langt meir kritisk til Wilson i si bok. Me får sjå.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)

18. januar 2017

Vladimir Nabokov: Lolita (1955)

Dette er ei bok som jamleg dukkar opp på lister over dei beste bøkene i verda. Tittelen på boka er òg vorte eit omgrep, og eg har av og til tenkt at eg burde lesa ho. Omsider kom eg så langt, og ... eh ... boka var slettes ikkje verdt å venta på.

Det heile vert fortalt av Humbert Humbert, og har form av eit forsvarsbrev. Han er slettes ikkje ein truverdig forteljar, men i korte trekk er det dette han fortel: Han flyttar frå Europa til USA, leiger seg rom i eit hus der han vert fjetra av den tolv år gamle Dolores (Lolita). Han gifter seg med mor hennar, mora døyr, og Humbert og Dolores reiser med bil gjennom USA. Dei deler stort sett seng heile vegen, og slik han framstiller det er dette noko begge vil. Det er det nok ikkje, etter ei stund rømmer ho. Han vitjar ho noko seinare, då er ho gravid (med ein annan). Han prøver å få ho med seg, ho nektar, og boka endar med litt vald.

Boka fall ikkje i smak her. Ho har ofte fått ros for godt språk, for meg var dette livlaust, ordrikt og tungt. Det går seint framover, korkje Humbert eller Lolita er spesielt interessante karakterar, og det var i det heile svært lite å gleda seg over.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

15. januar 2017

Sauls sønn (2015)

Ein film frå den andre verdskrigen. I konsentrasjonsleiren Auschwitz har nokre fangar jobben med å rydda i gasskammera - klede, verdigjenstandar og lik skal ut før neste gruppe kjem inn. Saul er ein av dei som arbeider med dette, og ein dag ser han liket av ein ung gut. Han innbiller seg at dette er son hans, greier å røva med seg liket, for å gje guten ei skikkeleg gravferd.

Saul er til stades i heile filmen, og han er verkeleg til stades: Kameraet er aldri meir enn ein meter frå han. Bileta fortel oss ikkje alt som skjer, ofte ser me berre fjeset til Saul. Lydane fortel oss meir. Me kjem altså svært tett innpå han, og dermed tett innpå korleis livet kunne vera i konsentrasjonsleirane.

Det er ein film det ofte er vondt å sjå på. Saul og dei han arbeider saman med er sjølve i livsfare kvar dag, og veit at livet deira ikkje er noko verdt - trør dei feil, er det over. Dei veit òg godt kva som ventar dei mange som vert sende i gasskammera, men dei gjer ingenting for å åtvara dei, og oppfører seg så normalt som råd.

Guffen tilrår.

Bølgen (2015)

Høgt oppe i lia over ein sunnmørsfjord, på Åkerneset, er det ei fjellsprekk som sakte utvidar seg. På eit eller anna tidspunkt kjem fjellet til å rasa ut og laga ei flodbølge inn fjorden mot Hellesylt, og inn ein sidefjord til Geiranger. Det er utgangspunktet for denne filmen.

Det er mykje fint å seia om filmen, men det er òg mykje som ikkje er så bra. Kristoffer Joner spelar ein geolog som har arbeidd ved senteret som overvåkar sprekka. Han skal flytta til Stavanger, men - surprise #1 - akkurat den dagen kjem det eit lite forvarsel frå fjellet. Sjefen hans meiner det ikkje er noko å bry seg om, og vert dermed ein slags skurk i det heile. Dagen etter vert signala tydelegare, og sjefen tek med seg ein medarbeidar opp i sprekka for å sjå kva det er. Her - surprise #2 - ofrar han livet sitt for å redda han andre. Joner har kone og to born, og desse deler seg i to nokre timar før raset. Kona arbeider på hotellet i Geiranger, og vert innestengd i kjellaren saman med sonen og ein danske. Vatnet stig i rommet deira, men - surprise #3 - Joner finn ut kvar dei er, og reddar dei. Han held pusten i fleire minutt på veg inn til dei, på veg ut - surprise #4 - greier han berre å halda pusten i tjue sekund. Dei greier ikkje å redda livet hans. Men sonen vil nett prøva ein gong til - og vips: surprise #5.

Ser ein vekk frå det med at alt dette skjer akkurat når Joner sluttar i jobben er den fyrste helvta av filmen heilt grei. Men etter at raset kjem vert det heile for enkelt og klisjeprega.

Guffen er lunken.

12. januar 2017

Jeff Guinn: Manson (2013)

California, slutten av 1960-åra. Hippiane er overalt, og nokre av dei slår seg saman i kollektiv, gjerne utanfor tettbygde strøk. Der et dei god mat, og lever eit avslappa liv, og kan nyta narkotikaen sin i fred. Nokre av dei gjorde ingen katt fortred, som det heiter. Denne boka handlar om eit kollektiv som gjorde mange kattar fortred.

Charles Manson hadde ein tøff oppvekst. Ikkje noko stabil familie, inn og ut av fengsel, drikking, doping, før han kom til San Francisco tidleg i 60-åra. Han ville verta popstjerne, og sjølv om dei fleste som høyrde songane hans opplevde dei som ordinære, gav han ikkje opp. I 1967 strøymde unge misfits frå heile USA til California, og Manson bygde opp eit harem av unge og ikkje altfor oppvakte jenter. Nokre menn slo seg saman med han, dei kalla seg Manson Family, og flytta til ein ranch utanfor Los Angeles.

Manson kontrollerte alt. Han bestemte kven som skulle gjera kva, kva som skulle etast, kven som skulle stela/skaffa mat, kvar alle skulle bu, osb. Han var dommedagsprofet, og fekk dei andre til å tru at det snart kom ein rasekrig som var så alvorleg at alle kvite menneske kom til å verta utrydda. Dei som følgde han ned i ei stor hole i Death Valley ville overleva der i fleire hundre år, utan å verta eldre, for så å stiga opp att og ta over heile verda. Det verkar sjølvsagt like stokk dumt som mykje anna, og det hjalp sikkert at dei rundt han ikkje var altfor oppvakte, og at dei stappa i seg LSD kvar kveld.

Men så gjekk det heilt gale. Ein i Familyen vart arrestert for eit mord han hadde gjort. Manson kokte saman ein plan om at dei burde drepa nokre andre for å skapa inntrykk av at det var ein seriemordar laus, slik at venen deira vart sett fri att. Fire av tilhengjarane hans drap fem menneske ein kveld, og to den neste. Manson og dei andre vart arresterte for heilt andre ting, og fleire greidde ikkje å halda tett. Fleire vart dømde til døden, men før dei kom så langt gjekk California vekk frå dødsstraff. Nokre sit framleis i fengsel, mellom dei Manson, sjølv om han ikkje var direkte involvert i drapa.

Boka er velskriven, og det verkar som om historia vert fortalt nokolunde objektivt. Guinn er likevel litt for glad i ting som kan verka sensasjonelle og pirrande, og han er spesielt glad i å fortelja om korleis Manson og dei andre mennene kunne gjera som dei ville med alle kvinnene i gjengen, og om korleis Manson kunne kommandera kvinnene til å ha sex med folk som kom på vitjing.

Guffen tilrår.

8. januar 2017

Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)

Det er to ting som er imponerande ved denne boka. Det eine er at Koestenbaum har sett gjennom alle Marx Brothers-filmane, stoppa opp kvar gong Harpo Marx viser seg, og sett dei scenene i sakte film, slik at han kan skriva om korleis Harpo oppfører seg. Det andre er at han fann eit forlag som ville gje boka ut.

For Koestenbaum er som regel så langt ute på viddene at det verkar som om det er akkurat det han prøver på. Han tolkar altfor mykje inn i filmane, og spesielt i Harpo sine roller. Han jamfører med Walter Benjamin, med Dostoyevsky, med Gertrude Stein, og ser ting det er rimeleg opplagt at var langt unna intensjonane då filmane vart laga. Det er sjølvsagt greitt at han tolkar filmane som han vil, men det må vera eit minstemål av meining i det.

Koestenbaum er homo. Not that there's anything wrong with that, men det påverkar ei rekkje av tolkingane hans. Kvar gong me ser ein skodespelar bakfrå, anten det er Harpo eller andre, legg Koestenbaum vekt på at her vert det vist fram ein bakende. Det vert det jo, sjølvsagt vert det det, men det kan ikkje vera slik at alle mannlege bakendar i ein film er meint å vera homoerotiske.

Og Koestenbaum ser noko seksuelt overalt. I Go West er det ein scene der Chico snakkar med ei kvinne. Bak kvinna står Harpo med ein stor magnet, som han bruker til å stela ei brosje ho har på seg. Magneten er forma som ein stor U, der dei to parallelle linene i U-en er bøygde mot kvarandre. Kva får Koestenbaum ut av dette? "Harpo magnetixes jewelry to mock sexual magnetism. Though he can't seduce June, his props draw a response. Antiromantic, he pretends not to want human contact, only to want jewels, money, objects. His comically big magnet, an elliptical orifice, tells Chico: I, too, have a hole. Choose me!" Hadde det vore meir humor i dette kunne det vore meint som ein parodi, men det verkar som om Koestenbaum har skrive heile boka i fullt alvor.

Eg har lese dei aller fleste bøkene om Marx-brørne, og det står to andre relativt nye bøker i bokhylla og ventar på tur. Dei ser heldigvis langt meir interessante ut enn dette mølet her. For her er jo ein tredje imponerande ting ved denne boka - eg greidde å koma meg gjennom ho.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

7. januar 2017

Tarjei Vesaas: 21 år (1953)

"21 år " er ei av novellene i samlinga Leiret og hjulet, som Tarjei Vesaas gav ut i 1936. Han omarbeidde novella til eit skodespel i 1953, og novella vart òg filmatisert av René Bjerke i 1990 (med Aasmund Nordstoga i ei sentral rolle),

Me viste filmen i den høgt interne filmklubben i Aasen-tunet, og i introduksjonen min refererte eg ei replikkveksling far min hadde frå skodespelet: - Du Hild? - Ja? - Det var ikkje noko. Han hugsa litt feil, det korrekte er - Kva er det? - Kva slag? - Nei ikkje noko.

Uansett - dette viser noko av det Vesaas var suveren på. Det viktigaste vart ikkje sagt med ord, og i alle fall ikkje når han skriv om unge, og korleis det er når dei vert kjende med det rare. I 21 år er me på ein gard, der den unge jenta Hild arbeider nokre dagar med kornskurd. Begge dei to gutane på garden, den framfusne Olav og den litt meir forsiktige Knut, vil verta betre kjende med henne. Olav snakkar i store ord; Knut snakkar meir i gåter. Han fyller 21 år den andre dagen ho er der, og det er han som går av med sigeren.

Novella er langt betre enn skodespelet. Som skodespel vert det litt lett, det er heller opplagt kva som skal skje, og både foreldra og ungdommane er ganske enkle å forstå. Det er likevel fint å lesa dette, her er mange fine replikkar.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

5. januar 2017

Atle Grønn: Sjakken eller livet (2016)

Eg skulle gjerne spelt meir sjakk. Når eg spelar no for tida kjenner meg som ein nybyrjar. Eg har aldri vore spesielt god, men veit at eg var eit eller to hakk betre for mange år sidan. Eg har sett mange av sjakksendingane på NRK, litt frå dei to fyrste VM-kampane til Magnus Carlsen, meir frå den siste VM-kampen, og mykje frå VM i dei to kortare variantane.

Sendingane frå NRK er jamt over gode. Av og til har Atle Grønn vore gjest der, og har imponert meir enn dei som sit der kvar gong. Kunnskapsrik, og med ein langt betre humor enn dei andre. Slik kjenner eg han òg frå den fine sjakkspalta han har i Dag og Tid, og det er omtrent der han legg lista i denne boka. Mange andre sjakkspalter handlar om utvalde sjakkparti, Grønn skriv meir om sjakkspelarane, om miljøet og om spelet i seg sjølv.

I denne boka bruker han mykje av si eiga sjakkhistorie, men skriv òg mykje om spelarar han har møtt, eller store og særeigne spelarar frå den store sjakkhistoria. Det er mykje bra her, sjølv om eg av og til har ei kjensle av at det vert litt internt. Det må òg seiast av nokre av historiene er heller ordinære. Men jamt over er dette bra. Magnus Carlsen går som ein raud tråd gjennom boka, og det er som det skal vera når Grønn friskar opp att kvart parti i dei to VM-kampane mellom Carlsen og indiske Anand.

Guffen tilrår.

2. januar 2017

Frode Grytten: Hallo? (2008)

Bodoni forlag har gjeve ut (minst) fem miniatyrbøker. Dette er éi av dei, og det er verkeleg miniatyrformat - boka er om lag 6 x 4,5 cm. Ho er på om lag 400 sider, men det tek ikkje spesielt lang tid å lesa ho.

Boka vert presentert som ein roman, og er ein roman etter Bikubesong-modellen. Der kapitla i Bikubesong henta handlinga frå den store Murboligen midt i Odda, hentar kapitla i Hallo? handlinga frå ein liten telefonkiosk på Bryggen i Bergen. Vala av desse to bygningane seier altså noko om den fysiske storleiken på bøkene.

Det seier òg noko om kvaliteten på bøkene. Bikubesong er ei langt betre bok, med langt meir variasjon mellom dei ulike kapitla. Denne boka, som slettes ikkje er dårleg, gav meg assosiasjonar til Twitter-boka til Grytten, Vente på fuglen, på det viset at Grytten får sagt mykje med få ord. Kor mange telefonsamtalar Grytten har fått plass til veit eg ikkje, men nokre er korte, nokre er lange. Nokre er til feil nummer. Nokre er meldingar til telefonsvararar. Nokre er varme, andre er kalde. Nokre er lokalsamtalar, nokre går til utlandet.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

1. januar 2017

Shaun Usher (red.): Letters of Note (2013)

Shaun Usher har samla på brev sidan 2009. Ikkje på fysiske kopiar av breva, i alle fall ikkje berre det, men på innhaldet. På nettstaden letterofnote.com ligg det hundrevis av godbitar. I denne boka har han samla mange av desse, og det er stort sett stas. Nokre brev fenga meg lite, dels av di både avsendar og mottakar var heilt ukjende for meg, dels av di innhaldet var keisamt.

Men om nokre brev fenga lite, var der langt fleire som fenga. Som brevet Virginia Woolf skreiv til mannen sin same dagen ho tok livet sitt - eit brev som sluttar med "I don't think two people could have been happier than we have been". Eller brevet der sjefen for humoravdelinga i BBC slaktar manuset til ein ny serie John Cleese vil laga - han skriv om Fawlty Towers at "I can't see [this one] being anything but a disaster". Eller eit brev frå 1957, der ein australsk skulegut sender det australske flyvåpenet nokre framlegg til korleis dei kan markera seg i romkappløpet, eit brev han omsider får svar på i 2009. Eller brevet frå Stephen Tvedten i Michigan, som svarar på eit brev der styresmaktene skuldar han for å bygd ulovlege dammar på eigedommen sin - dammane er bygde av beverar, og Tvedten fyller brevet med setningar der ordet damn vert skrive dam. Eller brevet der sonen til Abraham Lincoln fortel om eit av dei store samantreffa i verdshistoria - nokre månader før John Wilkes Booth drap Lincoln, redda bror til Booth livet til sonen til Lincoln. Eller brevet der Mark Chapman prøver å få ein platesamlar til å vurdera verdien på LP-en John Lennon signerte rett før Chapman skaut han. Eller brevet frå juni 1945, der Kurt Vonnegut skriv om månadene han sat i tysk fangenskap - hendingar han brukte i Slaughterhouse five. Og mange, mange andre.

Guffen tilrår.