11. september 2016

Bill Bryson: The Road to Little Dribbling (2015)

Bill Bryson har eit møte med ein frå forlaget sitt. Forlagsmannen seier at det er tjue år sidan bestseljaren Notes from a Small Island kom ut - kanskje Bryson skulle skriva ein oppfølgjar? For ein forlagsmann er dette eit heilt greitt spørsmål - Notes ... skal vera ei av reisebøkene som har selt best på verdsbasis. Bryson let seg overtala, og legg ut på ei ny reise gjennom Storbritannia. Han held seg klart mest i England, men tek òg nokre svippturar til Wales og Skottland.

På desse tjue åra har mykje endra seg. England er annleis, og det er òg Bryson. Det er lenge sidan han skreiv ei reisebok, han har i staden skrive om emne frå historia og frå vitskapsmiljø. Det pregar denne boka, her er langt fleire faktadelar enn i forgjengaren, altså delar der Bryson fortel detaljert om personar eller hendingar som er knytte til stader han vitjar. Det er òg heilt greitt.

Det som er mindre greitt er at mykje av humoren er vekke. Bryson verkar meir oppteken av å klaga. Han klagar over at gamle hus og monument ikkje vert tekne godt nok vare på. Han klagar over at folk er dumme. Han klagar over at dei ser for mykje på fjernsyn. Han klagar over at søppelet. Han klagar over dårlege kommunikasjonar. Han klagar over dårleg service. Han klagar over at hotell og restaurantar er dårlege. Han klagar over at alt er så dyrt. Kanskje det er meint å vera eit humoristisk innslag, for meg vart det berre trist.

Heilt fritt for humor er det ikkje (kommentaren om at det til ei kvar tid er 600 000 personar på undergrunnen i London, og at det gjer undergrunnen til ein større og meir interessant stad enn Oslo er til dømes fin), og det er ikkje slik at det han må blanda inn humor for å gjera boka interessant, men likevel: Eg trur Bryson burde halda seg til sine eigne bok-idear, og ikkje høyra for mykje på forlaget sitt.

Guffen er lunken.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Notes from a Small Island (1995)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar