13. mars 2010

Citizen Kane (1941)


Redondo Beach, ein forstad til Los Angeles, mars 1988: Eg vitjar Richard og Meike, og ein kveld finn me ut at me vil leiga ein film. I videobutikken foreslår eg Citizen Kane, som det viser seg at alle tre har høyrt om, men ingen har sett. Me ser filmen, og alle er samde i at det var ein stor film. Me kjenner ikkje namna på nokon av skodespelarane, og ser presentasjonen av rollelista på slutten. Alle dei store birollene i filmen vert presenterte, men ein manglar. Meike spør ”But who played Kane?” Det vert opplyst diskret heilt til slutt – Orson Welles, som regisserte og produserte filmen, spelte òg hovudrolla. Han var berre 24 år.

Det var ikkje berre skodespelarane som debuterte; det var òg den fyrste filmen Welles regisserte. Før denne filmen var han best kjend som for arbeidet ved Mercury Theatre, som mellom anna laga eit altfor livaktig skodespel av H.G. Wells-stykket The War of the Worlds. Stykket handlar om ein invasjon frå ein annan planet, og Welles la det opp som ein vanleg radiokonsert, der ein stadig braut inn med fiktive nyheitssendingar, som fortalde om at USA vart invadert frå rommet. Dei som skrudde på radioen midt i programmet fekk ikkje med seg at det var radioteater, og det braut ut panikk fleire stadet. Orson Welles vart henta frå New York til Hollywood.

Citizen Kane er ein fantastisk film. Charles Foster Kane er død, og redaksjonen i eit magasin vil finna ut kven han var. Ein av journalistane oppsøkjer folk som arbeidde med Kane, og vitjar òg den andre kona hans, for å få eit svar på kven han var, og for å finna ut kva han meinte med ”Rosebud”, det siste ordet han sa før han døydde. Alle fortel litt, og til saman får me ein versjon av livet til Kane.

Kort fortalt var han ein av dei rikaste i USA. Han dreiv aviser, og hadde god startkapital frå inntektene frå ei gruve han hadde arva. Han prøvde å verta guvernør, men etter at ei konkurrerande avis fortalde om forholdet han hadde til ei ung dame, Susan Alexander, vende veljarane seg vekk frå han, og han tapte. Han brukte i staden meir og meir tid på å samla kunst i Europa, og bygde drøymeslottet Xanadu i Florida, komplett med dyrehage og golfbane. Han styrde alt, inkludert livet til Alexander, som han gifta seg med. Han tvinga ho til å syngja opera, og bygde like godt eit operahus til ho i Chicago. Mot slutten lever dei eit tilbaketrekt liv i Xanadu, før ho forlet han.

Langs denne forteljinga får me fleire flotte scener. Sjå opningsscena, der kameraet klatrar over eit gjerde med eit No trespassing-skilt. I det fjerne ser me Xanadu, med lys i berre eitt vindauga. Ei rekkje bilete avløyser kvarandre, der me gradvis kjem nærare slottet, men vindauga står nøyaktig på same plass på skjermen. Sjå sekvensen der Kane som ung gut skal flytta frå foreldra – scena der mora, glimrande spelt av sjølvaste Agnes Moorehead, ropar han inn frå vindauga er stor. Replikken hennar, ”Charles!”, er ein av dei største i filmhistoria. Det er flott filming, det er fleire flotte detaljar. Sekvensane frå Xanadu viser kor stormannsgal Kane var, her er det peisar så store at ein kan gå inn i dei. Desse sekvensane viser òg kor kjedeleg liv Alexander hadde, ho sat heile tida med store puslespel, utan å vita om det var dag eller natt. Ho kan puslespela så godt at ho morar seg med å pusla dei slik at bitane formar land i Europa og Asia ho kunne ha vitja, men ikkje kom til av di Kane var vorten heimekjær på sine gamle dagar.

Det er stor film, og det er stor filming. Det heile er godt fortalt, me ser ein ung og aktiv Kane, som strør om seg med gode replikkar, og me møter ein eldre og livstrøytt Kane, som ikkje har så mykje meir å gje.

Filmen fekk gode meldingar då han kom ut, i alle fall i nokre aviser. Han vart nominert til ni Oscar-prisar, men fekk berre éin, for beste manus (Welles og Herman Mankiewicz). Etter at me hadde sett filmen i Redondo Beach i 1988, sa Heike at filmen var basert på ein sann historie, på livet til avismogulen William Randolph Hearst, og at Xanadu eigentleg var San Simeon, som låg litt lengre nord i California. I kjent stil kjøpte eg ein Hearst-biografi dagen etterpå, og det tok heller ikkje mange vekene før eg vitja San Simeon.

Som bonus på DVD-en kjem ein glimrande dokumentarfilm, The Battle over Citizen Kane. Her vert liva til Hearst og Welles presentert. Det er ikkje vanskeleg å sjå at filmen hentar handlinga frå livet til Hearst; like fascinerande er det når det vert fortalt at filmen òg kan sjåast som ein film om livet til Hearst. Han var òg stormannsgal, han gjorde som han ville utan å ta omsyn til dei rundt han, og mot slutten av livet var han einsam, han mangla både pengar og vener.

Dokumentaren viser òg at Hearst gjorde det han kunne for å stoppa filmen. Det var ikkje lite, han kontrollerte ei rekkje aviser, tidsskrift og radiokanalar over heile USA. Ingen av desse skreiv eitt ord om filmen. Dei skreiv i staden mykje om Welles, og kor forferdeleg han var – var han homo? Var han kommunist? Kanskje han var begge delar? osb. Hearst skal ha reagert mest på måten Susan Alexander vart framstilt. Den rollefiguren var basert på Marion Davies, ein skodespelar som budde lag med Hearst på San Simeon. Ho spelte inn ei rekkje filmar, som i alle Hearst-media vart hausa opp til kanonfilmar. Det var dei ikkje. Kor mykje ros filmen hadde fått utan at den mektige Hearst gjorde det han kunne for å stoppa han, er uråd å vita i dag. Men han hadde garantert fått fleire Oscar-prisar.

Citizen Kane har vore ein gjengangar på lister over verdas beste filmar sidan 1950-åra, og det er ein omtale han forsvarar med glans. Forteljinga, skodespelet, kameravinklane, lyset – alt er bra, og det er ein film eg gjerne ser om og om igjen. Men mest av alt er det eit døme på kva Welles fekk til, både som regissør og skodespelar, og ein peikepinn på kva han kunne gjort, om ikkje han hadde vorte frosen ut av Hollywood. Det neste filmprosjektet hans, The Magnificent Ambersons, vart fullført av andre enn han sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar