2. mai 2020

Bowling For Columbine (2002)

Det er ikkje den ferskaste Moore-filmen, dette, men han er likevel dagsaktuell. I går gjekk væpna demonstrantar inn i senatet i Michigan, i protest mot Corona-tiltaka i den staten. Det er sjølvsagt aldeles absurd at dei får gå væpna fritt inn og ut av senatet, og det vert ikkje mindre absurd av at presidenten støttar dei. Eg trur ikkje eg er åleine om å vera uroa av det som skjer i USA for tida.

Denne filmen er òg absurd, og eg er heller ikkje åleine om å verta uroa av det han handlar om. Utgangspunktet er ei av mange skuleskytingar. I Columbine i Colorado vart 13 personar drepne av to elevar ved skulen, som avslutta det heile med å ta liva sine. Moore prøver å finna ut kvifor ikkje fleire reagerer på dette, og kvifor ikkje lovverket vert stramma inn. Han snakkar med våpenseljarar, han snakkar med lokale militsgrupper, han snakkar med dei som overlevde Columbine, osb.

Mange av samtalane er det vondt å sjå på, spesielt dei der våpenglade personar insisterer på at dei har ein grunnovsfesta rett til å bera så mange våpen dei vil. Sluttscena, der Moore vitjar skodespelaren Charlton Heston, er sterk. Heston var president for National Rifle Assocation, som like godt hadde ein stor konferanse i Colorado nokre dagar etter Columbine, og som òg kom til Flint, Michigan, kort tid etter at ein seks år gamal gut skaut ein seks år gamal jente i ein barnehage. Heston vil ikkje sjå noko samanheng mellom NRA og all denne drepinga, og går til slutt frå intervjuet.

Moore gjev oss ikkje noko tydeleg svar på kvifor så mange fleire vert skotne og drepne i USA enn i andre land. Det nærmaste han kjem er at det er ein del av den amerikanske kulturen å skyta folk.

Guffen tilrår.

Meir Moore på kulturguffebloggen
Fahrenheit 9/11 (2004)
Capitalism. A Love Story (2009)
Where to Invade Next (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar