30. mars 2017

Jon Fosse: Prosa frå ein oppvekst (1994)

På kontoret mitt i Aasen-tunet hadde eg ein av dei amputerte klassikarane til Steffen Kverneland - teikneserieversjonen av teksten "Han der originalen". Teksten er henta frå denne samlinga, der mange av tekstane har noko til felles med "Han der originalen". Det er korte tekstar frå ein oppvekst på landet.

Det viktige i denne oppveksten er jenter, musikk, alkohol, og etter kvart litteratur. Tekstane kan godt opna harmonisk, men omtrent utan unntak dukkar det opp noko som bryt med harmonien. Det er ikkje noko udelt god oppvekst som vert skildra, her er folk som døyr, her er folk som slår seg så blodet sprutar, her er utsegner som kan setja djupe spor.

Det er jamt over flotte tekstar. I baksideteksten seier Fosse at dette er "ei bok alle kunne ha skrive", men det er jo sjølvsagt ikkje. Det er altfor bra til det.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

29. mars 2017

John Steinbeck: Cup of Gold (1929)

Dette er debutboka til Steinbeck, og her er minimalt i denne boka som hintar mot dei store bøkene han skreiv seinare. Det er så ulikt det andre han har skrive at det er nærliggjande å tru at han skreiv dette for å tena nokre pengar, på vegen mot betre bøker.

Dei fleste skjønnlitterære bøkene til Steinbeck hentar handlinga frå samtidas USA, oftast California. Her er han fleire hundre år tidlegare ute. Boka er basert på livet til piraten Henry Morgan. I denne romanen reiser han frå England til Karibien, der han etter nokre år i tilnærma slaveteneste vert ein frykta pirat, som herjar som han vil, og som til og med greier å erobra Panama. Han vert henta attende til England, der han vert adla. Då boka sluttar er han i England, gift med syskenbarnet sitt, og litt ulukkeleg og litt gal.

Det heile vert for tradisjonelt. Her er preg av eventyrforteljing, i England bur det til dømes ein vismann både far og son går til for å få gode råd. Det sprudlar ikkje av dette, både språket og handlinga er rimeleg livlaust. Hadde eg ikkje visst at dette var skrive av Steinbeck, ville eg aldri ha tippa at det var han som var forfattaren.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

26. mars 2017

Stories We Tell (2012)

Eg har sett nokre episodar av NRK-serien Hvem tror du at du er? I den serien går meir eller mindre kjende kjendisar på oppdagingsferd i si eiga slektshistorie. Av og til vart det godt fjernsyn av det, andre gonger var oppdaginga for små.

Denne filmen siglar i eit liknande farvatn, men er langt, langt betre. Den canadiske skodespelaren og filmregissøren Sarah Polley intervjuar sin eigen familie, for å verta betre kjend med mor si. Mora døydde då Sarah Polley var elleve år. Det ho finn ut er ikkje alltid like behageleg, men måten det vert fortalt på er glimrande. Ho plukkar vekk lag for lag. Historia er relativt harmonisk fram til mora døyr - det vert fortalt at foreldra hadde mist mykje av gnisten, men det tok seg opp att om lag då Sarah vart fødd. Men så dukkar det opp litt av kvart. Det viser seg at far hennar ikkje er den biologiske far hennar. Det viser seg at då mor hennar skilde seg frå den fyrste ektemannen sin, fekk han full omsorgsrett for dei to borna dei hadde saman. Både far deira, og stemora, mishandla ungane. Og det viser seg at han mange trudde var den biologiske far hennar slettes ikkje var det. Sarah møter den eigentlege far sin. Den siste halvtimen av filmen handlar mest om korleis denne historia skal forteljast, og også den delen står med glans: Kva historier fortel me om liva våre? Korleis skal dei forteljast? Kven skal fortelja dei, kven skal me tru på? Ein fin, fin film.

Guffen tilrår.

23. mars 2017

Steve Jobs. Billion Dollar Hippy (2011)

Tidleg i filmen seier ein eller annan at Steve Jobs verkeleg har sett spor etter seg i verda. Det er sjølvsagt rett - han grunnla Apple, og var med på skapinga (og marknadsføringa) av iPod, iPhone og iPad. Han døydde av kreft i 2011, altså same året denne filmen kom ut.

Det kan vera ein av grunnane til at dette er heller overflatisk. Kanskje det hasta for mykje å få filmen ferdig, kanskje filmskaparane ikkje ville vera for kritiske så kort tid etter at Jobs var død. Filmen fortel historia om Jobs, og er for så vidt informativ nok, men det burde altså vore langt meir grundig.

Jobs vaks opp i California. Han var hippie, med stor sans for teknologien som utvikla seg utover i 70-åra. Han laga datamaskiner, men maskinene var dyre, og firmaet sleit. Han tilsette ein direktør som noko tid seinare like godt sparka Jobs ut av firmaet. Jobs kom tilbake ti år seinare, og vart då ein like hard sjef som den nemnde direktøren. Det vert sagt, sånn i forbifarten. Mange av utsegnene og anekdotane burde fått langt meir oppfølging. I staden vert det nesten like irriterande som informativt, og viss målet var å fortelja oss noko om kven Jobs eigentleg var, bommar filmen stort på målet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. mars 2017

David Brent. Life on the Road (2016)

The Office er ein av dei aller, aller beste komiseriane som er laga. Den viktigaste grunnen til det er sjefen på kontoret, David Brent, ein person det er komplett uråd å lika. I (minst) ein av episodane snakkar han om då han prøvde seg som popstjerne, og det er den sida av David Brent me møter i denne filmen.

Han arbeider på eit kontor no òg, men har ikkje lenger ei leiande stilling. Så godt som ingen på kontoret likar han, så godt som ingen på kontoret bryr seg om han. Han tek fri nokre veker for å reisa på turné med bandet sitt, som han kallar det, og drøymer om eit liv i velstand. Slik går det sjølvsagt ikkje. Turneen er ingen eigentleg turné, dei reiser berre rundt i sitt eige nabolag, men bur likevel på hotell. Dei andre musikarane unngår Brent, og konsertane går jamt over til pises.

Brent er som før. Han har altfor høge tankar om seg sjølv, han skriv altfor dårlege tekstar, han er altfor teit på scena, og det er her det meste av humoren i filmen ligg. Kor pinlege situasjonar kan ein skapa før ein går for langt? Filmen er, som The Office, ein mockumentary, og i eit intervju seier ein i bandet at dette er det pinlegaste dei har vore med på. Omtrent slik er resten av filmen, det er scener som er så flaue at også me som ser på vert pinleg berørte.

Så mykje av dette er glimrande. Det filmen kunne hatt behov for, var fleire gode birollar. I The Office var det fleire slike, her er det eigentleg ingen. Men alt i alt var dette eit godt gjensyn med Brent.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
The Office, sesong 1 (2001)
The Office, sesong 2 (2002)

16. mars 2017

Asbjørn Øverås (red.): Menn og meiningar om norsk mål (1950)

Dette heftet er ikkje unikt i sin sjanger. I 1999 gav til dømes Ottar Grepstad ut Nynorsk sitatbok, der han hadde samla ei rekkje korte fyndord frå målstriden. Då dette heftet kom ut, om lag femti år tidlegare, var Asbjørn Øverås formann i Noregs Mållag. Han er ikkje like oppteken av korte sitat, han tek med tekstutdrag som gjerne kan vera over ei side lange. Skilnaden er lett å sjå - der Grepstad likar utsegner med snert i, legg Øverås vekta på argumentasjon. Heftet ser er i langt større grad ut til å vera tenkt som hjelp til dei som arbeider i mållaga, dei som treng hjelp i debattar.

Det er ikkje det same som at boka er utan gullkorn. Problemet er at det vert litt for langt mellom dei. Mange av sitata er så livlause at det går trått å koma gjennom dei. Det er òg rart at Øverås kjem inn med forklarande kommentarar midt i sitata; eg ville heller hatt dei før eller etter.

Så det er heller ujamt. Men av og til glimtar det altså til. I eit langt sitat frå biskop Eivind Berggrav står det mellom anna: "Det er to ting aa merke ved riksmaalsbevægelsen. Den er uden haab, og den er nationalt uklar. ... Derfor er riksmaalsbevægelsen ifølge selve livsloven en dømt bevægelse. Aa slutte sig til den er gammelmands daad." Og dette sitatet frå Oslo riksmålsforenings pressekomité er reint gull: "Vi hevder at det i dag er 3 språk i Norge: Landsmål (nynorsk), riksmål (som De og jeg bruker), og til slutt bokmål (pølsemål, som påtvinges våre barn i skolen, blomstrer på våre skjemaer og knotes i radio. Pølsemålets spesialitet er nemlig å snu setningenes meningsinnhold tvert om eller grumse det grundig til."

Guffen er lunken.

12. mars 2017

Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)

Ja, eg har lese mange bøker om The Beatles. Og ja, eg har difor ei viss innsikt i historia deira. Og endå meir ja: Dette er ei av dei suverent beste bøkene eg har lese om dei.

Når det fyrst skal skrivast eit nytt verk om The Beatles, eit som handlar om heile historia deira, må det tenkjast stort. Det må òg skrivast av den rette forfattaren. Slik er det her. Mark Lewisohn bør vera kjent for dei som har lese mykje om The Beatles - han har skrive The Complete Beatles Recording Sessions (1988) og The Complete Beatles Chronicle (1992), som begge var resultat av svært omfattande granskingar.

Slik er det også i denne boka. Det gjekk ikkje lenge mellom kvar gong eg vart imponert over kor langt han går for å finna ut kva som eigentleg skjedde. Av og til kjem han ikkje i mål, av og til sprikar kjeldene altfor mykje, men som regel får han på plass det meste. Og han går detaljert til verks - boka er på 750 sider, og når ho sluttar er han komen til utgangen av desember 1960. I alt er det planlagt seks slike bøker.

Lewisohn har altså med ei rekkje detaljar, og det tek litt tid før boka tek skikkeleg av. Han fortel inngåande om historia til Liverpool, om korleis dei harde tidene i Irland i 1840-åra førte til stor innvandring frå Irland til Liverpool. Men det tek seg opp, og etter at heltane i boka tek til med musikk er det ein fryd å lesa. I tillegg til dei fire store følgjer Lewisohn liva til Brian Epstein og George Martin relativt detaljert, slik at i boka er det bakt inn ei rekkje biografiar.

Han peikar òg på kor tilfeldig mykje er: I 1960 prøvde bandet ut fleire trommeslagarar. Ein av dei som greidde seg godt, Norman Chapman, måtte i militæret, og tenestegjorde to år i Kenya. At ingen i The Beatles måtte i militæret var reint tilfeldig - hadde Ringo Starr eller John Lennon vore nokre månader eldre, hadde dei òg vorte kalla inn (sjølv om Starr hadde vore så skrøpeleg i oppveksten at han kanskje hadde vorte friteken). At The Beatles fekk ei god læretid i Hamburg var også til dei grader tilfeldig - Lewisohn skriv at det er ein så stor tilfeldigheit at det er vanskeleg å tru på det: Derry and the Seniors, eit band frå Liverpool reiste til London for å gjera det stort der. Dei gjekk inn på ein klubb for å prøvespela, og der sat ein klubbeigar frå Hamburg, på leit etter eit London-band som kan spela på klubben hans. Dei gjorde det bra, han ville ha fleire band frå Liverpool, og ingen av dei tre fyrste banda som vart spurd kunne ta på seg dette. The Beatles var arbeidslause, utan skuleplass, og hadde foreldre som masa og masa om at dei burde få seg arbeid. Sjølvsagt takka dei ja til å reisa til Hamburg. Det einaste dei mangla var pass og ein trommeslagar, men dei fekk tak i begge delar i løpet av dei få dagane før avreise. Det var einaste grunnen til at Pete Best kom inn i bandet - sjølv om dei hadde kjent han lenge, hadde han vore heilt uaktuell som trommeslagar.

Boka vart altså betre og betre. Der verkar nærmast feil å pirka i noko her, men måten Lewisohn vekslar mellom fot- og sluttnotar er ikkje god. I sluttnotane burde han avgrensa seg til reine referansar. Notar med utfyllande informasjon vert no delt mellom fotnotar og sluttnotar, og det er sløvt. Der står så mykje i desse notane at alle burde ha vore fotnotar.

Band 2 står klart, men deretter må eg venta litt på framhaldet. Bok 3 og 4 kjem etter planen i 2020, medan dei siste banda er venta rundt 2028. Me får vona at Lewisohn held seg frisk til dess.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)

Denne DVD-en er todelt. Begge delane er bra, men det er bonusdelen som verkeleg tek kaka.

The Go-Betweens var, slik eg har skrive her før, eit aldeles glimrande band. Dei kom frå Brisbane i Australia, gav ut nokre fabelaktige plater i åttiåra, skilte lag, kom saman att rundt tusenårsskiftet, og fann verkeleg igjen toppformen med plata Oceans Apart, som kom i 2005. Hovuddelen av denne DVD-en er ein konsert i Brisbane same år, der dei spelar 16 songar - nokre nye, nokre gamle. Det er ein flott konsert, der det meste handlar om dei to gitarist/vokalistane Robert Forster og Grant McLennan. Dei to andre, Adele Pickworth på bass og Glenn Thompson på trommer, gjer eit uvanleg godt inntrykk, og får meir plass, både visuelt og musikalsk, enn på plate.

Men godbiten er bonusplata, som vart teke opp dagen etter. Forster og McLennan sit i stova til ein av dei, med kvar sin akustiske gitar. Dei snakkar saman, fortel om korleis dei hadde det då dei ulike songane vart skrivne, og framfører i alt elleve songar. Her plukkar dei jamt over frå øvste hylle heile vegen, og kjem med fantastiske versjonar av meisterverk som "Head Full of Steam" eller "Bye Bye Pride". Etter fleire av songane utbryt Forster "that was fantastic" (eller noko liknande), og han har heilt rett.

Diverre ligg det noko trist over det heile. Dei sluttar med den siste hit-en deira, "Finding You", som vert introdusert som radiohiten deira. McLennan tek av seg solbrillene for den songen, han seier at det ikkje passar seg å ha solbriller når ein spelar ein radiohit. Etter at songen er ferdig får han spørsmål om framtida til bandet. Han er optimistisk, og sluttar med å seia at "I personally think the future's so bright that I'm not gonna wear shades", medan han nikkar mot solbrillene på golvet. Han tok diverre feil - under eit år seinare, nokre månader etter at DVD-en kom ut, døydde han av eit hjarteslag.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

8. mars 2017

Requiem for the American Dream (2015)

Noam Chomsky er ein av amerikanarane det alltid er verdt å høyra på. Eg har lese ei eller to av bøkene hans, fleire artiklar og ei rekkje intervju, der han jamt over framstår som ein uvanleg innsiktsfull person. Han er professor i lingvistikk, men snakkar og skriv meir og meir om politikk.

Chomsky er fødd i 1928, og var altså 87 år gamal då denne filmen var ferdig. Han framstår som ein klok bestefar, der han teiknar og fortel kva som har gått gale med det amerikanske samfunnet. Utgangspunktet hans er at den amerikanske draumen er død - det er ikkje lenger råd å klatra frå botn til topp. Han meiner situasjonen minner om 1930-åra, med den eine skilnaden at dei som levde då hadde eit håp om at ting skulle endra seg til det betre.

Problemet er, i følgje Chomsky, at det er altfor sterke koplingar mellom velstand og makt. Dei rike vil ikkje dela rikdomen sin, og gjennom filmen er han innom ti prinsipp for korleis dei rike bruker og påverkar makta. Eit poeng han kjem tilbake til fleire gonger er at folk vert meir opptekne av sitt eige. Det finst ikkje nokon altomfattande solidaritet meir. Chomsky meiner at 15. april, som er den dagen amerikanarane leverer sjølvmeldinga, burde vera ein festdag. I staden er det ein dag alle er triste.

Det er altså ikkje noko lystig film. Han sluttar med å seia at held utviklinga fram, vert resultatet an extremely ugly society. Men det er likevel ein finfin film, der Chomsky på ein overtydande måte får fram poenga sine.

Guffen tilrår.

1. mars 2017

Elvis Costello (Grieghallen, Bergen, 28.2.2017)

I never thought that it would come to this. Elvis Costello solo, i ein fullsett Grieghall. Eit publikum (stort sett) endå lengre oppe i åra enn eg er.

Eg har vore på Elvis-konsert éin gong før, heilt tilbake i 1989. Då såg eg han på Roskilde-festivalen, og utan at eg skal påstå at eg hugsar mange detaljar, hugsar eg det som ein flott, flott konsert. Då hadde han med seg eit band, i går var han heilt åleine på scena.

Det var truleg grunnen til at det tidvis var heller kjedeleg. Det vart for likt, det var omtrent den same gitarlyden heile tida. Bortsett frå då han sat ved pianoet, sjølvsagt, men det var ein kveld utan den variasjonen eit band ville ha gjeve. Nokre av songane hadde òg fått ein ny melodi, og her var det oftast slik at eg tenkte at dette kunne vore ugjort.

Men alt var ikkje like svart. Costello har jo ein svært god og variert katalog å plukka songar frå, og her var mange godbitar. "Shipbuilding" opna aldeles glimrande, og "Alison" var fabelaktig. Det var ei av dei gongene han berre ignorerte mikrofonen, og song utan. Han tok det rett nok litt lengre ut under "Alison", slik biletet over viser - han gjekk ut blant publikum, og tok turen nesten heilt opp til nittande rad, der eg sat. Alle i salen sat heilt stille under denne vandringa, slik at både ord og tonar nådde fint fram.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Bruce Thomas: Rough Notes (2015)
Elvis Costello: Unfaithful Music and Disappearing Ink (2015)