29. november 2018

Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)

Tidlegare denne månaden las eg sjølvbiografien til Odd S. Lovoll. Den boka kom ut i år, det året Lovoll fyller 84 år. Tilfeldigvis fann eg fram denne boka, og halvveges i lesinga slo det meg at der er ein stor parallell - den boka kom ut det året Holand fylte 85. Begge var fødde i Noreg og emigrerte til USA, begge har skrive mykje om norsk-amerikanarar, men om lag der er det slutt på fellestrekka. Lovoll er ein høgt respektert forskar; Holand vert ikkje teken altfor alvorleg.

Grunnen er måten Holand kjempa for Kensingtonsteinen, og det er vel òg grunnen til at eg henta fram att denne boka. Han skreiv òg De Norske Settlementers Historie (1908) og fleire historiebøker om Door County, delen av Wisconsin han budd i. Eg har ikkje lese desse, men dei skal vera meir å stola på enn bøkene om Kensingtonsteinen.

I denne boka fortel han litt om oppveksten i Akershus. Mora døydde, og Holand utvandra då han var 13. Han flytta inn hjå broren, men likte seg dårleg der. Han vart etter kvart student, finansierte studiane ved å selja bøker på dørene hjå folk, bygde seg eit hus og seinare eit til, og levde etter kvart av skrivinga si. Det er rart, for denne boka er ikkje rare greiene. Han har høge tankar om seg sjølv, og låge tankar om mange andre. Han gjev mykje plass til anekdotar utan poeng, og hoppar over ting som kunne verka viktigare (som namn på ungar og slikt). Han har ei merkeleg avsporing midt i boka, der det kjem nokre kapittel om personar som levde for lenge sidan. Han er veldig oppteken av pengar, og veit kva alt han har kjøpt i livet kostar. Han skriv mykje om Kensingtonstein (som vart funnen i Minnesota i 1898, med ei runeskrift dei aller fleste meiner er ei forfalsking, men som Holand meiner at fortel om ein norsk/svensk ekspedisjon i 1364), han skriv mykje om Verendrye-steinen (ein stein funnen i Nord Dakota rundt 1740, der det var gravert inn nokre teikn som ingen har sett, men som Holand er overtydd om at er runeteikn), og han skriv mykje om Newport Tower (eit steintårn i Rhode Island som er datert til midten av 1600-talet, men som Holand er overtydd om at var sett opp av vikingar). Det er dette som er det viktige for Holand å få fram, og det er typisk at den eine illustrasjonen inne i boka er ein faksimile frå Chicago Daily News, der artikkelen fortel om at Holand har vore i Paris og diskutert innskrifta på steinen.

Han gjer altså ikkje noko godt inntrykk i boka, og det vert forsterka av tittelen på kapitlet der han fortel om korleis han møtte ho han seinare gifta seg med: How I Chose My Wife.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)

26. november 2018

Siri Hustvedt: What I Loved (2003)

Eg les meg gjennom forfattarskapen til Siri Hustvedt på ny, og eg vert stadig overraska. Dette er den tredje romanen hennar. Eg las han då han kom ut, utan altfor store voner. Eg hadde vore sånn mellomnøgd med dei to fyrste, men las denne av di han fekk strålande meldingar. Eg likte boka stort, og hugsar ho som ei bok eg omtrent ikkje kunne leggja frå meg. No er ting annleis. Eg likte dei to fyrste bøkene hennar langt betre når eg las dei på nytt, spesielt Lily Dahl, medan denne ikkje var like god som fyrste gongen.

Me er i New York, og me er i kunstmiljøet. Forteljaren er kunsthistorikaren Leo Hertzberg, som vert kjend med kunstnaren Bill Wechsler etter å ha kjøpt eitt av bileta hans. Dei vert vener, familiane deira vert vener, og dei vert foreldre om lag samstundes. Dei to gutane, Mark og Matt, er begge einebarn, og har eit godt forhold, heilt til den eine av dei døyr. Den andre, Mark, vert eit problembarn - han lyg, han stel, han dopar seg, han stikk av, osb.

Leo vert etter kvart åleine. Han har mist son sin, kona hans flyttar til California, Wechsler døyr, og Mark vert altså eit problem. Han prøver å fungera, han prøver å finna ut av alt, men greier det ikkje.

Boka vart langt mindre fengande enn eg trudde. Spesielt den fyrste delen av boka var uventa stilleståande. Det tek seg opp midtveges, etter at Matt døyr, men det tek liksom aldri heilt av.

Guffen er lunken.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
Memories of the Future (2019)

25. november 2018

Bill Bryson: Down Under (2000)

Australia er eit merkeleg land. Eg har aldri vore der, men har sjølvsagt fått med meg at det er noko utanom det vanlege. Mange dyr, plantar og mineralar finst berre der. Dei som er på jakt etter noko kuriøst kan altså trygt ta turen. Det er såleis eit perfekt reisemål for Bill Bryson. Han er alltid på leit etter det uvanlege og etter dei gode historiene, og i Australia finn han dette overalt.

Turen hans ser ut til å vera tredelt, også i tid. Han opnar med ei reise til den tettast befolka delen av Australia, det sørvestlege hjørna. Så er han i nordaust, nord og sentralt, før han avsluttar på vestkysten. Han vekslar mellom eigne opplevingar og historiske tilbakeblikk.

Det siste har han mange av, kanskje av di han fleire gonger er inne på at ingen andre bryr seg om det som skjer i Australia. Dels på grunn av det er det mange rare hendingar å dra fram: Han skriv til dømes om den fyrste gongen etterkomarar av europeiske immigrantar var på ekspedisjon langt ute i ørkenen. Dei trefte nokre innfødde, og det fyrste ein av dei innfødde gjorde var å bøya seg ned og knyta skolissene til ein av immigrantane. Heilt perfekt skoknute, knytt av ein som ikkje brukte sko sjølv. Kven hadde han lært det av? Ingen veit.

Han skriv godt, og her er sjølvsagt mykje å le av. Han viser òg fram fine haldningar, slik han har for vane - han er heilt på lag med det australske urfolket, han er kritisk til dei som vassar i pengar utan å bruka dei til noko fornuftig, og han er kritisk til korleis folk øydelegg naturen og naturressursane.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
Notes from a Small Island (1995)
A Walk in the Woods (1998)
Notes from a Big Country (1998)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)

22. november 2018

Jakob Naadland: Penneteikningar [1925]

Slike bøker burde det eigentleg vera fleire av. Naadland har skrive korte skisser over personar han set høgt. Det gjer han med vekslande hell, men ideen er god. Dei fem han skriv om er forfattaren Arne Garborg, læraren og stortingsmannen Olav Sveinsson, stortingsmann og statsminister Johannes Steen, skulemannen og stortingsmannen Viggo Ullmann, og forfattaren og bladmannen Aasmund Olavsson Vinje.

Dei to beste artiklane er om dei to eg visste minst om på førehand. Når Naadland skriv om Sveinsson og Steen lagar han gode biografiske skisser, og skriv grunnleggande og godt om begge to. Best er artikkelen om Sveinsson, som Naadland ser ut til å setja nesten urimeleg høgt. I dei tre andre artiklane legg han mindre vekt på det biografiske. Han vil heller skriva om tankeverda deira, han prøver å finna ut kva som påverka dei til å få dei meiningane dei har. Slike artiklar kan sjølvsagt vera minst like interessante som biografiske artiklar, men det verkar ikkje som om Naadland har fullt tak på dette. Han vinglar, han er usikker, og poenga hans kjem ikkje spesielt tydeleg fram.

Guffen er lunken.

Meir Naadland på kulturguffebloggen
Noreg er namnet (1954)

21. november 2018

She's Gotta Have It (1986)

Dette er debutfilmen til Spike Lee. Dei hadde ikkje rare budsjettet, og filmen vart spelt inn på to veker. Det er tydeleg, her er både skodespel og scener som gjerne skulle vore forbetra.

Hovudpersonen i filmen er Nola Darling. Ho bur i Brooklyn, og har eit godt liv. Ho har tre kjærastar på ein gong. Dei veit alle om kvarandre, og sjølv om dei seier at det stort sett er greitt, er ho den einaste som er hundre prosent komfortabel med denne løysinga. Til Thanksgiving inviterer ho like godt alle tre til ein middag, og det går om lag slik ein kunne venta.

Det er ein fin film, om ein greier å sjå vekk dei openberre manglane eg nemnde over. Her er mykje å le av. Filmen verkar òg som ei helsing til Manhattan av Woody Allen. Også den filmen handlar om folk som ikkje finn heilt ut av forholda dei er i, og også der er Brooklyn Bridge med i ei eller fleire scener. Skilnaden er at i denne filmen skjer alt på Brooklyn-sida av brua.

Guffen tilrår.

17. november 2018

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Barnet (2018)

Kjersti Skomsvold skriv fine bøker. Ho hentar ofte stoffet frå eige liv, og slik ser det òg ut til å vera her. Eg-personen har nett vorte mor, ho har fått to ungar på under to år. Boka er skriven til den yngste av desse. Mora fortel om korleis det er å vera mor, om korleis den nyfødde oppfører seg, og ho fortel om korleis ho og barnefaren, Bo, møtte kvarandre.

Ho fortel òg om ein skrivelærar ho har hatt, ein forfattar som etter kvart stod henne nær, men som seinare tok livet sitt. I ei tidlegare bok av Skomsvold hadde òg eg-personen eit nært venskap med ein skrivelærar/forfattar, og det var då svært tydeleg kven den karakteren var inspirert av. Det er ikkje like tydeleg no, men det er nærliggjande å tru at det er den same personen som har inspirert denne romankarakteren.

Det er ei fin bok, men av og til vert det litt for personleg. Av og til verkar det som om dette er noko ei mor kan seia til barnet sitt, utan at ho treng å dela det med fleire. Men det er berre av og til, det er altså ei fin bok om det å verta mor, og det å finna nokon å høyra til saman med.

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)

14. november 2018

Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)

I serien rare samantreff (der det rett nok tek litt tid før eg kjem til poenget): Eg har skrive to artiklar om kunstaren Lars Fletre til den lokale årboka. I det høvet har eg hatt litt kontakt med dotter hans, som bur i New York City. Mor hennar var assistent for Lovoll då han skreiv boka A Century of Urban Life (1988). I ein e-post for ein månad sidan skreiv ho at ho hadde ein avtale med Lovoll midt i oktober, og at ho nett hadde kjøpt denne boka. Eg hadde ikkje fått med meg at ho var gjeve ut, men tinga ho på Amazon nokre dagar etterpå. Før boka var komen i hus, fekk eg ein e-post frå Lovoll, der han fortalde om møtet med dotter til Fletre. Lovoll og eg er på nikk frå gamle dagar; han var til god hjelp då eg skreiv hovudoppgåva mi. Det er minst ti år sidan sist eg høyrde frå han, og eg kjenner han uansett ikkje spesielt godt.

Det var difor mykje nytt i denne boka. Han er i dag den største kjennar av den norske utvandringa til USA, og han har skrive fleire bøker og mange artiklar om emnet. Her viser han at han har fyrstehandskjennskap til utvandring. Han var fødd på Sunnmøre i 1934. Faren var fiskar, og då den andre verdskrigen braut ut var faren på fiske. I staden for å reisa heim til eit okkupert land reiste han til USA. Han kom heim i 1945, og året etter utvandra heile familien. I 1952 flytta dei til Noreg igjen, og slo seg ned i Volda (der dei bygde eit amerikanskprega hus eg må ha gått forbi hundrevis av gonger utan å vita at dette var eit Lovoll-hus). Han studerte, han gifta seg, han arbeidde som lærar, før familien i 1966 utvandra til USA igjen. Her vart han etter kvart professor ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota, og redaktør for NAHA, det norskamerikanske historielaget.

I denne boka viser han korleis han ved fleire høve var den nye, den som var innflyttar frå eit anna land. I 1946 tok han til på ein amerikansk skule utan å kunna engelsk; seks år seinare var han norsk elev på gymnaset i Volda utan å vera heilt stø i norsk. Det er ei fin skildring av eit rikt liv, og boka er langt meir enn ein rein sjølvbiografi.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

11. november 2018

Paul Auster: Auggie Wren's Christmas Story (2004)

Ein forfattar, eg-personen i denne forteljinga, har fått eit akutt tilfelle av skrivevegring. Han bur i Brooklyn, og New York Times har bede han om å skriva ei joleforteljing, som skal trykkast i avisa fyrste joledag. Han er klar over at det er ei fjør i hatten, men han har ingen idear, og fristen er berre nokre dagar unna. Dette fortel han til eigaren av den lokale tobakksforretninga, Auggie Wren,som seier at han kan mange joleforteljingar. Viss forfattaren spanderer lunsj, skal han gjerne fortelja ei.

Og det er ei finfin forteljing han kjem med. Ein gong tok han nesten ein butikktjuv på fersken. Tjuven, Roger Goodwin, sprang frå han, men mista lommeboka si. Adressa stod i lommeboka, så ei jol fann han ut at han ville returnera henne. Der fann han berre den blinde bestemora til tjuven. Han gjev seg ut for å vera barnebarnet, dei feirar jol i lag. Då han går på do finn han tjuvgods det eigentlege barnebarnet må ha sett der, og han tek med seg eit kamera når han går.

Denne forteljinga var utgangspunkt for filmen Smoke. Der er det sluttscena, og der er ei tydeleg endring: I filmen kjem det to klare hint om at Wren berre diktar opp det heile. Rett før han fortel, les han namnet Roger Goodwin på framsida av ei avis. Og rett etter at forteljinga er ferdig, seier forfattaren noko slikt som at "you have a real talent for bullshitting".

Og det er kanskje litt av poenget. Alle har gode historier å fortelja, men dei skal forteljast på ein god måte, og det er der talentet til Auggie Wren ligg. Forteljinga vart skriven i 1990, filmen kom i 1995, og denne utgåva kom i 2004 - fabelaktig illustrert av Isol.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)

7. november 2018

Willa Cather: Death Comes for the Archbishop (1927)

Eg har lese to bøker av Cather før. Begge to var frå prærie-trilogien hennar, og begge var finfine. Denne boka vert gjerne omtalt som eit høgdepunkt i forfattarskapen hennar, så eg venta meg mykje her. Det vart i staden ein nedtur.

To katolske prestar reiser til New Mexico for å etablera ei kyrkje der. Dei møter lokale folk, dei vert kjend med lokale skikkar, dei får erfara det lokale klimaet, og dei arbeider som prestar. Boka er sett saman av fleire små historier som høyrer saman, men som likevel ikkje har nokon direkte samanheng.

Det heile er keisamt. Ualminneleg keisamt. Eg veit ikkje om det er dei mange skildringane av den litt ukjende kulturen, om det er dei mange reisene dei to prestane legg ut på, eller om det er noko heilt anna, men det er i alle fall lite som fascinerer her.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Cather på kulturguffebloggen
O Pioneers! (1913)
My Ántonia (1918)

6. november 2018

Tomas Espedal: Elsken (2018)

Me er i relativt vanleg Espedal-terreng her. Hovudpersonen er forfattar, han bur i Bergen, han er glad i damer, han er glad i å drikka, han er glad i å gå. Hovudpersonen heiter like godt Jeg, slik at det er lett å tenkja at Espedal hentar inspirasjon frå eige liv.

Jeg har bestemt seg for å dø. Han vil leva eitt år til. Han møter ei kvinne, ho vert gravid, og han vert i tvil om han verkeleg vil gjera slutt på livet sitt. Slutten på boka er ørlite open, han er på veg ut på ei bru, og han tenkjer på kva han skal gjera når han kjem til det høgaste punktet på brua.

Lenge er dette svært bra. Espedal skriv jo så godt og flott, og den fyrste halvdelen av boka er finfin. Men det skjer eit eller anna rundt midten av boka, det fengar ikkje like mykje, det flyt ikkje like godt.

Guffen er lunken.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbok (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)