28. april 2016

Elvis Costello: Unfaithful Music and Disappearing Ink (2015)

Eg har absolutt ikkje full oversikt over karriera til Elvis Costello. Det hadde eg ikkje før eg las denne boka, og eg har det heller ikkje no etterpå. Det hadde eg vel heller ikkje rekna med.

Eg kjenner fire-fem av platene hans godt, trur eg, og kjenner sikkert like mange halvgodt. Best likar eg dei tidlege åra hans, men har òg sansen for litt seinare plater, som Spike (1989) eller Painted From Memory (1998, saman med Burt Bacharach). Dei to platene er høgst ulike, og kan godt stå som symbol på korleis Costello arbeider: Han vekslar mellom mange ulike sjangrar, og han finn heile tida nye samarbeidspartnarar. Det siste kjem svært godt fram i denne boka, der det står om mange møte med kjende og mindre kjende musikarar han møter og arbeider med.

Costello er produktiv, han har gjeve ut om lag tretti album, og har vore sentral i mange, mange andre, anten som produsent eller som komponist. At han har stor arbeidskapasitet kjem òg fram i denne boka, som er på bortimot 700 sider, og der det nok hadde gjort seg med strammare redigering. Langt frå alle kapitla er like interessante. Dessutan er det hendingar han ikkje skriv stort om - det eg saknar mest er ei forklaring på kvifor det skar seg med backinggruppa The Attractions, og kanskje spesielt kvifor det skar seg mellom han og bassisten Bruce Thomas. Eg las nyleg ei bok av Thomas der han skreiv mykje om brotet, og det hadde vore interessant å ha Costello sin versjon av det. Samstundes er det jo slik at viss dei to verkeleg kom på kant, kan det henda at det svir ekstra mykje for Thomas at Costello ikkje tek seg bryet med å forklara kva som skjedde, ikkje ein gong i ei så tjukk bok. Dei to andre i The Attractions, Pete Thomas og Steve Nieve, har Costello samarbeidd med gjennom heile karriera.

Men her er òg mykje å gle seg over. Costello skriv mykje om foreldra og om besteforeldra. Faren var òg musikar, og levde godt av det. For den unge Costello var det mest stas at faren heile tida fekk dei ferskaste singlane, slik at han kunne læra dei utanåt. Når han var ferdig med dei, overtok Costello dei, slik at han fekk mykje musikk inn frå ung alder, og han fekk mykje fersk musikk inn i ung alder. Det er òg stas å lesa om den ekstremt hyppige turneringa i nokre år rundt 1980, der det verkar som om bandet aldri kvilte.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Bruce Thomas: Rough Notes (2015)
Elvis Costello (Grieghallen, Bergen, 1.3.2017)

21 Days Under the Sky (2016)

Fire kjenningar køyrer motorsykkel gjennom USA, frå vest til aust. Dei køyrer alle på syklar dei har laga sjølv - stilige syklar, men samtidige syklar med liten bensintank, og syklar som ikkje er av dei mest driftssikre.

Utgangspunktet er kanskje ikkje det mest originale. Det har vore laga nok av dokumentarar om å køyra rundt i USA, og det kjem sjølvsagt mange fine scener, der dei susar gjennom naturen på syklane sine. Det er likevel ikkje nok til at filmen verkeleg engasjerer. Me vert aldri kjende nok med dei fire til at me skil dei frå kvarandre, dei vert fire relativt identiske menn med relativt identiske syklar. Kanskje det hadde vore betre om filmen hadde vore lenger, no er det over på godt og vel ein time.

Dei fire snakkar heller ikkje så mykje med kvarandre. Det er vanlegare at dei snakkar med filmskaparen, eller at ei forteljarstemme fortel om dei eller turen deira. Her er det mykje visdom, men det heile vert ofte presentert i reine klisjear - det handlar om fridom, det handlar om å realisera draumane sine før ein vert for gamal, og alt det der.

Guffen er lunken.

25. april 2016

Grease (1978)

Både Marit og eg hadde sett denne før, men me bladde oss gjennom Netflix utan å finna noko som freista, og fann ut at me kunne friska opp denne. Det vart ein rar seanse - eg trur eg lo langt meir enn det filmskaparane trudde publikum kom til å gjera.

Dette er ein highchool-musikal frå dei amerikanske femtiåra. Alle dei viktigaste personane i filmen er eindimensjonale, det er ei oppvising i overspeling, replikkane prøver så godt dei kan å vera noko anna enn dei er, og det er ein historie der ein skal leita lenge for å finna ei overrasking. Den australske jenta Sandy møter amerikanske Danny på ein ferie i USA. Dei trur det er ein sommar-romanse, men det viser seg at ho skal gå på same skule som han. Det passar dårleg for han - Sandy er langt meir mainstream og pynteleg enn han prøver å vera. Han vel likevel å visa at han er glad i henne.

Det er glatt, det er falsk, og det er komisk. Der er mange likskapstrekk med Rebel Without a Cause (1955), som at ein av hovudpersonane tek til på ein ny skule, eller som at filmen har ei kappkøyring mellom ulike fraksjonar i filmen. Men der Rebel verkar ekte og er fascinerande, er altså dette så godt som ingenting. Bortsett frå at det alltid er stas å sjå John Travolta dansa.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. april 2016

Stein Torleif Bjella (Voss kulturhus, 21.4.2016)

I gamle dagar gjekk eg ofte på konsert utan å vita noko om den eller dei som skulle spela. Av og til var det fulltreffar; som regel var det ikkje det. No er det annleis, eg går omtrent berre på konsert med artistar eg har sett før. Og det vert færre og færre av dei, slik at det vert dei same få eg ser år etter år.

Stein Torleif Bjella er ein av dei. Dette var femte gong eg såg han på fire år, og det er framleis stas. På same måte som i fjor sommar var dei tre på scena, Bjella har med seg gitarfenomenet Geir Sundstøl og kontrabassfenomenet Eirik Øien. Sjølv spelar Bjella gitar, slik at det vert mykje strengar. Det er likevel nok strengar til at det vert lyd nok, og Sundstøl varierer mellom ulike gitarar, slik at det vert variasjon i lydbiletet.

Det var ein fin kveld, der Bjella som vanleg var i fin form mellom songane. Det aller siste ekstranummeret var, uvanleg nok, ein heilt ny song, og han introduserte det om lag slik: "Me skal ta ein ny ein. Kanskje mest for vår eigen del." Skulle det vera noko å trekkja for, var det kanskje at her var få nye songar - det kom vel berre tre eller fire slike. Dei tre soloplatene han har gjeve ut er like i tematikk, og dei nye songane bar vel litt preg av at han søkjer inn på andre tekstområde. Kanskje humoren vert tydelegare (som i songen om han som var så glad i hunden sin); kanskje dei han syng om har meir hell med seg i kjærleiken (som i det siste ekstranummeret, der eg-personen hadde det svært godt med kjærasten sin).

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)

20. april 2016

Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per-Olav Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)

Desse tre forfattarane har gitt ut fire slike bøker saman, trur eg, bøker der dei kombinerer reising og musikk. I denne boka stoppar dei i nokre byar i dei amerikanske sørstatane (Nashville, Memphis og Austin), før dei reiser til Chicago. Undervegs stoppar dei òg så vidt nokre andre stader. Dei snakkar med folk (som får fortelja om seg sjølv i eg-form), dei fortel om byane dei er i, dei skriv om samtalar dei har hatt med kvarandre, og dei skriv dikt.

Musikken dei leitar etter er i hovudsak blues, kanskje òg litt country, og både dikta og andre tekstar i boka er kraftig inspirert av tekstane til blues- og countryartistar. Det handlar mykje om lengting, om drøyming om damer, og om drikking. Tidvis er det godt, av og til er det svært godt, men tidvis er det òg mindre godt. Nokre av tekstane verkar som hastverksarbeid, som tekstar som kunne vorte langt betre om dei hadde teke ein runde til med dei.

Guffen er lunken.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

18. april 2016

Att angöra en brygga (1965)

Nja. Eg såg denne filmen midt i åttiåra. Eg hugsa han vel som ein middels god film, og valde å prøva igjen ein kveld. Filmen vert gjerne presentert som eit høgdepunkt i svensk filmkomediehistorie. Viss det er sant, må dei verkeleg ha laga få gode komediar. For dette er verkeleg tynne saker.

Historien er kort fortalt: Det skal vera krepsekalas på ei svensk øy. Dei siste fire gjestane er nesten framme, men får ikkje fortøyd båten på brygga. Dei på land prøver å hjelpa dei, men får det ikkje til. Til slutt kjem dei seg i land, men av di huset deira diverre brann opp, og av di dei ikkje har båt lenger, døyr alle saman.

Før filmen endeleg er over kjem det mange vitsar. Eg har sikkert skrive det før, men det er lite som er så irriterande som skrekkeleg dårlege vitsar. Eg smilte nok eit par gonger, og det er eit høgdepunkt når den lokale fiskaren får ordet, men stort sett var dette på grensa til vondt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

12. april 2016

Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)

Einar Haugen var ein stor amerikansk språkforskar. Han var fødd i USA, men begge foreldra var frå Oppdal, der han òg budde eit par år i oppveksten. Han forska spesielt mykje på det norskamerikanske språket og på tospråklegheit. I føreordet til denne boka skriv han at han i 1938 vart invitert til Oslo for å halda ei foredragsrekkje om norsk språk i Amerika. Foredraga hans vart samla i denne boka, som fyrste gong kom ut i 1939. Ho kom i ny utgåve i 1975, hundreogfemti år etter at den norske masseutvandringa tok til.

Det er ei ujamn bok. I dei fyrste kapitla skriv Haugen om bakgrunnen for utviklinga, og om korleis emigrantane fann seg fotfeste på eit nytt kontinent. Her verkar det for meg som om han har eit svært forenkla bilete på korleis bygde-Noreg var. Han skriv òg litt seinare i boka at lese- og skrivekunna var låg på den norske landsbygda, og det har jo Jostein Fet seinare vist at aldeles ikkje stemmer.

Haugen er betre når han skriv om språket, som jo er fagfeltet hans. Han skriv om korleis norskamerikanarane plukka opp engelske ord, og korleis desse orda oftast skildra noko dei ikkje var vane med frå heimlandet. Han skriv om korleis det var stor skilnad på tale- og skriftspråket til emigrantane. Han skriv om norske stadnamn i USA, og han skriv om korleis personnamn, både føre- og etternamn, vart endra. Så sluttar boka med to kapittel om skrivande norskamerikanarar. Akkurat det har eg lese meir om før, til dømes i den norskamerikanske litteraturhistoria til Orm Øverland. Likevel er Haugen forfriskande klar i talen når han skriv om bøker han ikkje ser verdien av: Om ein forfattar heiter det til dømes at "fortellende evne og dramatisk sans var [Jon] Norstog fullstendig blottet for". (Norstog var forresten ein av dei fremste nynorskdiktarane i Amerika.) Om Valdemar Ager heiter det at "han kan sies å ha innført humoren i norsk-amerikansk litteratur" - det seier truleg mest om dei som kom før han. Økonomien til avisa Decorah-Posten vart redda av at dei trykte Husmandsgutten som føljetong. Boka var skriven av H.A. Foss, og om den boka skriv Haugen at "den røper mangel på dikterisk begavelse, stilen er knudret og ubehjelpelig, og skikkelsene blir ikke stort annet enn dukker som manipuleres av forfatteren".

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

11. april 2016

Truman Capote: First and Last (1995)

I 1990-åra, for å feira sin eigen 60-årsdag, gav forlaget Penguin ut nokre (60?) miniatyrbøker. Lite format, få sider. Eg kjøpte rundt ti av dei, men har ikkje lese alle. Eg var ein snartur til Bergen i helga, og tok med denne som lesestoff.

Her er to korte forteljingar i boka. "Master Misery" er frå tidleg i forfattarskapen, "La Côte Basque" er frå slutten - eg reknar med at det er forklaringa på boktittelen. Den fyrste var skriven som ei avslutta forteljing, den siste var tenkt som eit kapittel frå ein roman (som aldri vart fullført). Begge er verdt å lesa.

"Master Misery" handlar om ei ung kvinne i New York. For å spe på inntekta sel ho draumane sine til ein velståande mann - ho (og mange andre) møter opp og får mellom fem og ti dollar per draum. "La Côte Basque" handlar om sosieten i New York - to kvinner sit på ein fasjonabel kafé og sladrar om andre som kjem innom. Forteljinga/kapitlet vart publisert i 1975, og det var rimeleg opplagt at Capote hadde skildra verkelege personar. Det likte dei forståeleg nok dårleg, dei to sladrande kvinnene sparar ikkje akkurat på krutet.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
The Early Stories of Truman Capote (2015)

10. april 2016

Motorpsycho (Røkeriet, Bergen, 9.4.16)

Det er heldigvis ikkje så lenge mellom kvar gong eg ser Motorpsycho. Eg såg dei i Trondheim i desember, og det var litt å trekkja for den konserten. I februar kom dei med ei ny plate, Here Be Monsters, og den har eg høyrt såpass mykje på at eg merka at eg gleda meg meir enn vanleg til denne konserten. Og eg vart ikkje skuffa. Det var ein solid kveld, ein svært solid kveld, der det einaste å trekkja for var at basslyden tidvis vart litt for dominerande.

Setlistene til Motorpsycho har vore relativt like så langt på denne turneen, slik at det låg ikkje an til dei store overraskingane. Eller - det som overraska meg var at eit par songar eg ikkje har så stor sans for vart langt betre på scena enn på plate. Slik var det til dømes med "The Jig is Up", som opna heile konserten. Middels på plate, eksemplarisk her. Og slik var det med "Here Be Monsters". Den har eg rett nok ikkje høyrt på plate, men på konserten i desember var den ein stor nedtur. Her var det så til dei grader annleis, den vart ei monumental avslutning på ein flott kveld. Dei spelte og heile Here Be Monsters, og der er songar der som vil utvikla seg til noko stort i løpet av turneen.

Og så er det sjølvsagt dei gode, gamle songane. Høgdepunkta for meg var "Feedtime", som jo er noko av det ypparste dei har laga. Den kom i ein versjon som låg tett opp til plateversjonen, ein annan gamal travar, "Hogwash", kom i ein annleis versjon, som òg var stor.

Det er berre kjernen i bandet som er på tur no, dei er altså ein trio denne gongen. Det er likevel tett og solid, og det slår meg igjen kor fabelaktig det er at desse tre har fått halda på med sitt så lenge, og at dei har musikalske evner som står i stil med ambisjonane deira - dei er jo uvanleg solide musikantar, alle tre. Og det slår meg igjen kor stas det har vore å følgja denne utviklinga - eg er oppe i om lag førti konsertar med dei.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.15
Begynnelser, Trøndelag teater 7.9.16

Tonje Glimmerdal (DNS, Bergen 9.4.16)

Tonje Glimmerdal, skrive av Maria Parr, er ei av dei finaste norske barnebøkene frå dette hundreåret. Det er ei bok som skriv seg inn i både den nynorske og den internasjonale barneboktradisjonen - her er referansar til "Leitande etter Blåmann", og til Heidi. Tonje Glimmerdal bur òg i eit landskap ein kjenner frå andre nynorske barnebøker - me er så til dei grader på bygda. Samstundes er her ei rekkje element me ikkje fann i eldre nynorsk barnelitteratur: Her er ein homofil frisør. Ein av bipersonane er ein triveleg alkoholikar. Bestevenen til Tonje, den gamle ungkaren Gunnvald, hadde for mange år sidan besøk av ei tysk dame i nokre veker, og det gjekk ikkje betre enn at ho fekk ei dotter ni månader seinare. Denne dottera får ei sentral rolle i boka.

Noko av det beste i boka er språket. Her er nok av gode replikkar, slik at grunnlaget er lagt for å overføra romanen til teaterscena. Det vart (visstnok) gjort med stort hell i Oslo i fjor, og denne framsyninga ved Den Nationale Scene i Bergen har òg sine gode sider. Ungane som var med smilte og lo, og også eg drog på smilen nokre gonger. Scenografien var fin, og fleire av rollene vart spela svært godt - best var Eirik del Barco Soleglad i rolla som den irriterande campingplasseigaren Klaus Hagen. Andre roller var ikkje meir enn midt på treet - både tittelrolla og rolla som Gunnvald kunne vore betre. Det var litt for mykje overspeling, og det var kanskje litt for mykje skriking og roping. Så det kunne godt vore betre, men det var likevel ein fin kveld.

Guffen tilrår.

Meir Parr på kulturguffebloggen
Tonje Glimmerdal (2009)
Vaffelhjarte (DNS, Bergen, 18.10.2014)

9. april 2016

Christopher McDougall: Natural Born Heroes (2015)

I etterordet til denne boka skriv McDougall at han opphavleg hadde planlagt å skriva to bøker - éi om motstandskampen på Kreta under andre verdskrigen, og éi om kosthald knytt til idrettsutøvarar. Han valde å fletta dei to bøkene saman. Det var ikkje ein heilt ulogisk tanke, all den tid kosthaldet han ville skriva om var mykje brukt på Kreta, men det gjer at boka vert mindre vellukka. Det sprikar for mykje.

Tre historier vert fletta saman her. Den som får mest plass er frå ein episode frå andre verdskrigen, der motstandsfolk på Kreta kidnappar ein tysk general, og smuglar han over Middelhavet til Egypt. Den delen av boka er spanande og god, og McDougall får godt fram både kvifor Kreta var så sentral i andre verdskrigen, og korleis og kvifor innbyggjarane og øya var perfekt eigna til å driva motstandskamp. I kjeldelista skriv han at Anthony Beevor har skrive ei heil bok om krigen på Kreta, og det verkar som ei bok verdt å lesa.

Dei andre historiene fengar mindre, og bryt òg opp flyten i boka. Den eine av desse, som rett nok er den minste, er det vanskeleg å sjå poenget med. McDougall får med seg ein engelskmann som kjenner krigshistoria og Kreta, og saman går dei fluktruta som vart brukt då generalen vart kidnappa. Den andre handlar altså om kosthald, der hovudargumentet er at me i dag et for mykje sukker, og at me bør eta slik dei gjer på Kreta - det samsvarar meir med kosthaldet menneska har hatt gjennom historia,

Guffen er lunken.

Meir McDougall på kulturguffebloggen
Born to Run (2009)

5. april 2016

Thomas Pynchon: Bleeding Edge (2013)

Det tok nokre år før eg vågde meg på denne. Å lesa Pynchon er til tider krevjande, her er lange setningar med enorme mengder komma, her er gjerne avsnitt på avsnitt der det ikkje er lett å skjøna kva som skjer, og det er historier som ikkje alltid er lett å hengja med på. Men å lesa Pynchon er som regel verdt bryet. Han skriv annleis alle andre, og det er eit språk som boblar over. Her er både setningar og passasjar å le av; her er nok av ordspel og gode namn.

Handlinga er denne gongen lagt til New York, 2001. Det heile tek til på vårparten, slik at midt i boka kjem 11. september. Hovudpersonen, Maxine Tarnow, arbeider med å avsløra økonomisk rot og/eller svindel, og finn ut at alt ikkje er som det skal vera i dataselskapet Hashslingrz. Ho prøver å finna ut kva det skuldast, men kjem vel eigentleg aldri heilt i mål med den leitinga. Mange gjev ho tips, og ho er fleire gonger ned i ein hemmeleg del av Internett, DeepArcher, der ho opplever ein slags alternativ røyndom.

Ho kjem seg altså langt ned i Internettet, men ho kjem aldri heilt til botnar i mysteriet ho puslar med. Det er heller ikkje så nøye, ein les ikkje Pynchon for å finna svar på spørsmål. Det er ikkje den aller beste Pynchon-boka, dette, men det er likevel ei lesverdig bok. Mykje av det som kjenneteiknar Pynchon er her og vel så det - her er konspirasjonar, her er paranoia, og her er dette fabelaktige språket. Av og til verkar det som om Pynchon har funne opp det engelske skriftspråket, eller i alle fall at han skriv eit språk ingen andre bruker.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Inherent Vice (film, 2014)