28. oktober 2023

Killers of the Flower Moon (2023)

Det er ei rimeleg ubehageleg historie. Osaka-indianarane fann olje på landet sitt, og vart ekstremt velståande. Det likte sjølvsagt ikkje dei kvite i området, både dei fastbuande og dei som kom flyttande inn. Fleire av dei prøvde å overta eigedomane til indianarane på lovleg vis - dei gifta seg med dei som eigde landet. Alt som stod att før dei vart eine-eigarar av landet var å ta livet av ektefellene. Det gjekk bra ei stund, før det endeleg kom føderale etterforskarar til området. 

Historia er godt fortalt i boka til David Grann. Slik er det ikkje i denne filmen. Det vert altfor, altfor langdrygt. Filmen varer tre og ein halv time, og eg trur det hadde gått heilt greitt å halvera lengda. At filmen er lang treng ikkje vera noko negativt, men då må det koma noko overraskande eller noko glimrande, osb. Her vert det tidleg tydeleg kva som skal skje med hovudpersonane, og det kjem ingen uventa vendingar. At den mannlege hovudpersonen vinglar litt att og fram er ikkje det same som at han utviklar seg, det handlar like mykje om at han er lett å manipulera.

Heilt til slutt kjem det ei god løysing: Oppsummeringa, altså korte referat som fortel om kva som skjedde i og etter den avgjerande rettssaka, er laga som innspelinga av eit radioprogram, med publikum i salen. Skodespelet er òg bra, spesielt Robert de Niro, men filmen burde vore annleis. Ein kortare film hadde (truleg) nådd eit breiare publikum, og historia fortener at mange får høyra ho.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
David Grann: Killers of the Flower Moon (2017)

26. oktober 2023

Donna Tartt: The Secret History (1992)

Ein gong i studietida, sånn rundt 1994, sat eg heime hjå Eivind og Geir. Me snakka om bøker me las, og Geir kom til å nemna denne. Me hadde rimeleg samanfallande smak, og eg kjøpte boka nokre dagar seinare. Ho fenga meg enormt, kanskje litt for mykje - eg var midt i ein heimeeksamen som truleg hadde gått noko betre dersom eg ikkje vart så fanga av denne boka. For nokre veker sidan høyrde eg eit radioprogram der dei snakka om boka, og eg tenkte at det kunne vera spanande å henta ho fram att. Fengar ho like mykje no?

Svaret er vel både ja og nei. Boka bruker lang tid på å presentera dei seks hovudpersonane og skulen dei studerer ved, men så tek det av: Delane av boka der forteljaren, Richard Papen, gradvis avdekkjer kva fire av dei fem med-studentane hans har gjort, og korleis han gradvis vert involvert i planane deira for å stoppa munnen på den femte, er bra og vel så det. Slutten på del 1 av boka er fabelaktig skrive. 

Del 2 er ikkje like bra. Der slit dei med det dei har gjort, og det tærer på venskapen deira. Alle er skeptiske til alle, og dei slit med ein grunnleggjande tanke: Var det verdt å drepa nokon for å sleppa unna sjølv? Denne delen vert altfor lang, og slutten, der ein av dei overlevande tek livet sitt, er ikkje like truverdig som resten av boka.

Kortversjonen: Dei seks studerer gresk ved Hampden College. Fire av dei fem prøvde å attskapa ein gresk bakkanal, og den enda med at dei i pur ekstase drap ein lokal bonde. Den femte, Bunny, fekk vita om det, og han kjem med mange hint om kva dei har gjort. Han snakkar litt for mykje når han drikk, så dei fem tek livet av han. 

Noko av det beste med romanen er at han opnar med ein prolog som fortel kva som skal skje i del 1. Me veit det altså, men vert likevel sugne inn i boka. Prologen sluttar med ei setning som (diverre) er dekkjande for den vidare forfattarskapen til Tartt: "I suppose at one time in my life I might have had any number of stories, but now there is no other. This is the only story I will ever be able to tell". Dette var debutboka til Tartt, og ti år seinare kom oppfølgjaren, My Little Friend. Den boka var det eit slit å koma seg gjennom.

Guffen tilrår. 

22. oktober 2023

Hells Angels Danmark - Storhed og fald (2023)

 Eg har eigentleg ikkje tenkt over at det dei siste åra har vore snakka mindre om motorsykkelklubbar. På slutten av 1900-talet var dei oftare framme i media, også i Noreg: Dei to store klubbane her var (vel) Hells Angels og Bandidos, og striden mellom dei var alvorleg. I Noreg vart til dømes ei uskuldig kvinne drepen då ei bombe eksploderte utanfor Bandidos-lokala i Drammen.

Denne serien handlar om tilhøva i Danmark, og der var det meir alvor. Frå 1980 var der ei Hells Angels-avdeling i København, og det er den avdelinga fortel om. I 1980-åra var dei i kamp med ein annan motorsykkel-klubb, Bullshit, men det heile tok av i 1990-åra. Då var det bomber og granatar, og det vart ikkje spara på noko. Etter nokre år innsåg dei at det hadde gått for langt, og i 1997 skreiv dei under ein fredsavtale.

Her er mykje arkivklipp, men det er òg ferske intervju med dei som var med. Alle er samde om at MC-krigen hadde éin vinnar: Politiet. Dei fekk langt meir ressursar, og fekk òg klarsignal til å driva med telefonavlytting. Det var noko nytt i Danmark, og avlyttinga gav politiet enormt mykje informasjon. 

Det er ein fin serie. Fleire av dei som vert intervjua, både i Danmark og USA, er fargerike og fascinerande personar. I den siste av dei seks episodane er me tett på samtida, og no ser det ut til at gategjengar har teke over den rolla MC-klubbane hadde. Ut frå serien verkar det som om rekrutteringa til desse miljøa er mindre enn før.

Guffen tilrår.

21. oktober 2023

Fedrelandet (2023)

Mykje i denne filmen er veldig bra. Margreth Olin tek oss med tilbake til røtene sine, i Oldedalen i Nordfjord. Det er dels eit portrett av faren, dels eit portrett av naturen. Faren er ein fascinerade kar - han er 85 år og går tur kvar einaste dag. 

Han går i nærområda, og han går roleg og seint. Han ser alt rundt seg, han kjenner kvar flekk, og han ser korleis ting har endra seg. Han sit lenge og ser på flotte utsikter. Han seier ikkje så mykje, men omtrent alt han seier er fornuftig. Han er fullt klar over at han ikkje har lenge att, men er heilt avslappa når han tenkjer på døden. Kona hans er ikkje like frisk, men dei snakkar godt med kvarandre, og det er tydeleg at dei har eit godt liv saman.

Desse delane av filmen er veldig bra, og av og til rørande. Det som ikkje alltid er like bra er dei mange naturbileta. Javisst er naturen fin, men når kameraet flyg over brear og fjell og vatn er det vanskeleg å ikkje få kjensla av at eg ser ein film på eit nasjonalparkmuseum. Det vert litt klisjefylt.

Guffen er lunken. 

14. oktober 2023

Cormac McCarthy: The Stonemason (1995)

Cormac McCarthy har alltid skrive gode dialogar, og han har alltid hatt eit godt øyre for korleis folk snakkar. Slik sett er det ikkje uventa at han skreiv nokre skodespel. Det er litt meir uventa at skodespelet berre fungerer sånn middels.

Det handlar om familien Telfair. Handlinga går føre seg i ein treårsperiode, med fleire tilbakeblikk. Hovudpersonen er Ben, ein mann i trettiåra. Han braut av universitetsstudia sine for å arbeida i familieverksemda, der dei driv med steinhogging. Den viktigaste grunnen ser ut til å vera at han er uvanleg nært knytt til bestefaren som grunnla verksemda. Han har hatt eit langt liv, og meiner at det er gjennom arbeidet at me viser kven me er. 

Ein grunn til at skodespelet ikkje tek heilt av er truleg at me møter altfor mange personar. Det er ikkje rom nok til at me vert godt kjende med mange av dei. Nevøen til Ben, Soldier, rømmer til dømes heimefrå og går til grunne i eit liv med narkotika og kriminalitet. Han skulle me gjerne høyrt meir om, om ikkje anna så for å få stadfesta inntrykket av at han flyktar av di han ikkje vil vera bunden til familieverksemda.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

13. oktober 2023

Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)

Mot slutten av denne boka omtalar Smith seg, presist nok, som ein historieforteljar. Boka har undertittelen "Straffesparkets historie", men Smith fortel ikkje denne historia slik ein historikar ville ha gjort. Her er absolutt nokre historiske fakta, men det som gjer at boka fungerer er dei mange fotballhistoriene der straffespark har vore viktige.

Han skriv sjølvsagt om det mest vidgjetne straffesparket i norsk fotballhistorie. Han skriv om korleis det engelske landslaget lenge sleit med å vinna straffesparkonkurransar. Han skriv om korleis truneringane til landslaget til Elfenbeinskysten gjennom mange år støtt vart avgjort av straffar. Han skriv om Antonin Panenka, som avgjorde EM-finala i 1976 med å lobba eit straffespark inn midt i mål. Han skriv om psykologien knytt til straffespark. Og så bortetter.

Det er ei underhaldande bok; Smith har òg auge for dei artige detaljane. Han har enorme fotballkunnskapar, og drysser ut små og store fakta der det passar. 

Guffen tilrår.

Meir Smith på kulturguffebloggen
Manhattan Skyline (2007)
Austerrike (2009)
Se ilden lyse over jord (2014)
Entusiasme og raseri (2021)

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

11. oktober 2023

Alf van der Hagen: Ønsk meg heller god tur. Samtaler med Ingvar Ambjørnsen (2023)

Ingvar Ambjørnsen er ein fascinerande forfattar. Det var i alle fall noko befriande annleis med han då eg vart merksam på han midt i 1980-åra. Det var stas å lesa intervju med han, både av di han var fritalande og av di han gjerne la for dagen noko avvikande meiningar.

Bøkene hans var ikkje like pirrande. Eg las Sarons ham kort tid etter at ho kom ut, og var sånn middels interessert. Eg likte Hvite niggere betre, men deretter gjekk det nedover. Stalins øyne var så keisam at eg la ho vekk på ei lang reise der eg ikkje eingong hadde anna lesestoff, og eg trur ikkje eg har lese nokre av bøkene han har skrive dei siste tretti åra. Kanskje eg burde prøva ei av dei.

I denne boka fortel han om livet sitt. Det verkar ikkje som om det er så mykje igjen av det, han har kols og er avhengig av rullestol for å koma seg langt. Det er ei finfin bok, der han møter godt førebudd. Fleire gonger får van der Hagen beskjed om at han går for fort fram, og kjem med spørsmål som passar betre i eit seinare kapittel. 

Ambjørnsen er framleis fritalande, og snakkar ope og fritt om både liv og verk. Han snakkar om vener, han snakkar om oppvekst, han snakkar om rusmiddel, han snakkar om livet i Tyskland, osb. Han snakkar om alt. Han greier seg stort sett åleine, og det verkar som om ein av dei viktigaste grunnane til at han flytta saman med den tyske kona si i Hamburg var at der kunne han vera heilt i fred. Han snakkar om bøkene sine, inkludert manus som aldri vart bok, og fortel mykje om korleis den og den boka vart til. Ei fin bok om å verta og å vera forfattar.

Guffen tilrår. 

Meir Ambjørnsen på kulturguffebloggen
Hvite niggere (1986)
Den siste revejakta (film, 2008)

10. oktober 2023

Olaug Nilssen: Hybrideleg sjølvgransking (2005)

Denne boka kan vel karakteriserast som ei samlebok, med tekstar Nilssen hadde publisert mange andre stader - tidsskrift, aviser, bloggen hennar, og kanskje andre stader. Boka har fire bolkar - ein med tekstar om å vera ung, ein om religion, ein om nynorsk, og ein lang ein til slutt om bøker og bokmeldingar. 

Det er ein leiken skribent me møter. Her er ein rein teikneserie, og eit par av dei andre tekstane er òg rikt illustrerte av Nilssen. Her er ein test lesaren kan ta for å finna ut kva slags nynorsking dei er, og her er resultata av ei undersøking som vil finna ut kva litteratur som er mest populær. Her er mange tilvisingar til annan litteratur. Her er ein artikkel eg hugsar eg lo godt av då han stod i Syn og Segn, der Nilssen saman med Gunnhild Øyehaug reiser på ei slags pilgrimsreise til Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

Ho vert mindre leiken og (stort sett) meir alvorleg når ho skriv om bøker og litteratur. Her skriv ho både om (for meg) ukjende og kjende forfattarar, og det vert slik det ofte er: Nokre av dei ukjende verkar interessante; andre ser ut til å vera mindre eigna for meg.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)
Uønska åtferd (2023)

8. oktober 2023

Jon Fosse: Bly og vatn (1992)

Ei sann historie: Eg sette meg inn på toget frå Bergen, fann fram denne boka for å lesa litt i ho, men måtte nett sjekka om det var noko nytt på telefonen. Det var det absolutt - eit kvarter tidlegare hadde Jon Fosse fått nobelprisen. Det vart ikkje like mykje boklesing som eg hadde tenkt; eg brukte mykje tid på å lesa kva nettavisene skreiv om denne hendinga. Denne storhendinga. 

Nobelprisen er sjølvsagt vel fortent og vel så det, men denne boka vart ikkje nemnt av mange i den samanhengen. Det var den fyrste Fosse-boka eg las, eg kjøpte ho same året ho kom ut, og eg hugsar det som ei god oppleving. Det er framleis ei bra bok, men ho bleiknar nok mot dei mange høgdepunkta i forfattarskapen hans. 

Ein journalist kjem til ein by for å gjera tre intervju. Før han får gjort det fyrste møter han ei ung kvinne, med store rusproblem og som truleg er prostituert. Han tek ho med seg på hotellrommet, han tek ho med seg på bar, han tek ho med tilbake til hotellrommet. Fleire gonger ringjer kona hans for å få snakka med han; kvar gong er det den unge kvinna som svarar. Det vert, ikkje overraskande, ikkje noko av dei planlagde intervjua.

Det er kanskje her Fosse dreg dei mange repetisjonane lengst ut, og det er heilt greitt. Journalisten er ein kar det er vanskeleg å lika og endå vanskelegare å forstå. Han verkar aldeles tiltakslaus, der han stort sett heile tida gjer noko anna enn det han har tenkt, og der han ikkje får gjort noko av det han er komen til byen for å gjera. Boka sluttar med at han reiser frå byen, og me kan vel berre tippa kva som ventar han då.

Guffen er lunken. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

5. oktober 2023

Timothy Egan: A Fever in the Heartland (2023)

I lunsjpausen for nokre veker sidan sat me og snakka om amerikansk politikk. Me kom inn på at Lincoln var valt frå det republikanske partiet, som altså var det mest inkluderande partiet i 1860-åra. I dag er det omvendt, og me prøvde å koma på kor tid den vekslinga skjedde. Ingen visste. Etter å ha lese denne boka veit eg det, og forklaringa er mørk: Republikanarane i midtvesten valde å støtta kandidatar som var støtta av Ku Klux Klan, slik at dei farga veljarane gjekk over til Demokratane.

Hadde eg sagt det på jobb ville dei andre ha spurt om KKK var viktige nok til det. Og svaret er, uventa nok, ja. Dei var massive i 1920-åra, og merkeleg nok var dei størst i Indiana, ein av nordstatane. Forklaringa var relativt enkel: D.C: Stephenson var ein salsmann av dei sjeldne, som greidde å verva titusenvis av nye medlemer. Med alle dei i ryggen greidde han å kontrollera politifolk, politikarar og andre med makt, og han skal ha hatt planar om å stilla som presidentkandidat i 1928.

Det verste er at han truleg hadde hatt gode sjansar for å nå det målet, hadde det ikkje vore for at han var ein alkoholisert overgripar. Dei mange unge kvinnene han hadde forgripe seg på vågde ikkje å ta til motmæle, før han ein gong gjekk for langt: Han kidnappa, forgreip seg på og skada Madge Oberholtzer så mykje at ho nokre veker seinare døydde av skadane. Noko av det siste ho gjorde var å skriva under på ei forklaring på kva som hadde skjedd, og sjølv om Stephenson kjende seg trygg, vart han dømd av ein samrøystes jury. Det vart ikkje dødsstraff, men han sat nokre år i fengsel. Då det kom fram kva slags person han var, trekte dei aller, aller fleste seg ut av KKK.

Det er ein sterk historie, som vert fortald på ein god måte. Egan bruker bra med tid på forhistoria, og viser kven Stephenson var. 

Guffen tilrår.

3. oktober 2023

Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

I gamle dagar hadde eg litt kontakt med sjølvaste Paul Wesolowski. Han hadde brukt mykje av livet sitt på å samla inn Marx-relatert materiale - avisutklipp, filmar, lydopptak, bøker, sikkert òg gjenstandar. Han gav òg ut fanzina The Freedonia Gazette, og det var vel slik eg kom i kontakt med han. (Eg kjøpte sjølvsagt alt han hadde av gamle utgåver.) I alle fall - på ein eller annan måte kom me inn på Susan Marx, enkja til Harpo. Han sa at ho hadde skrive ein sjølvbiografi, og at det var eit finfint manus. Diverre kom det aldri til å verta utgitt. 

Der tok han visst feil. Susan døydde i 2002, og manuset låg ubrukt ein eller annan stad. Robert S. Bader, som har skrive om Marx-brørne før, vart alt i 1990-åra spurt om han ville gjera manuset klart til trykking, men det tok mange år før han kom så langt. Boka kom ut i fjor, tjue år etter at Susan døydde, og det er ei bok det var verdt å venta på.

Susan Fleming Marx er fritalande, passe underhaldande, passe kritisk, og ein god forteljar. Ho fortel fyrst litt om livet før Harpo; ho sluttar med å seia litt om livet etter Harpo, men hovudvekta ligg på livet med Harpo. Ho var ein ikkje altfor suksessrik eller dyktig skodespelar før ho trefte han. Etter at dei vart gift vart ho hemmafru, og tok seg av heimen, dei fire ungane dei adopterte, og om den lett hypokondriske mannen sin. Det er velkjent at han var eit slikt menneske som alle likte, men denne boka viser at Susan må ha vore lett å lika, ho òg. Dei ser ut til å ha hatt eit godt samliv.

Ho er derimot ikkje like raus når ho omtalar brørne hans. Der finn ho mange feil, anten det er hjå surpompen Groucho, gamblaren Chico, eller dei to andre. 

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)

1. oktober 2023

Frode Grytten: Den dagen Nils Vik døde (2023)

Det er lenge sidan sist Frode Grytten gav ut ein roman. Denne romanen var det verdt å venta på.

Tittelen fortel noko av det som skal skje - me er på ei fjordreise den dagen hovudpersonen skal døy. Det er rett nok noko han veit skal skje, nesten noko han har bestemt seg for, og på reisa møter han mange kjenningar. Han har ført fjordabåten heile livet, han har vore med på alt som tenkjast kan, han har frakta naboar og kjendisar, og møter mange av dei igjen. Putrar han forbi ein kjent stad har han minne knytt til staden; plukkar han opp ein person har han minne knytt til vedkomande. 

Mange av dei han møter er døde, og den han tenkjer mest på er den døde kona si. Han snakkar med henne heile tida, på same måten som han òg snakkar med hunden sin. 

Minna og historiene er varme, dei er sjarmerande, dei er originale, og det er stas å vera med Grytten på denne fjordturen. Det minner litt om Forkynnaren av Jan Roar Leikvoll, og av og til kjem det noko som kan vera referansar til Jon Fosse - setninga "Morgon og kveld" dukkar opp ein stad, og det er jo ei Fosse-bok som handlar om døden. Undervegs plukkar òg Vik opp ein ung gitarspelande gut som heiter Jon.

Guffen tilrår. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)