24. november 2013

Solan og Ludvig. Jul i Flåklypa (2013)

Ein skal vera bra tøff i trynet for å laga ein oppfølgjar til Flåklypa Grand Prix. Den er eit meisterverk, der det aller, aller meste klaffar. Ein god historie, svært god animasjon, gode replikkar og gode figurar, godt med humor, og der er til og med ein Groucho Marx-lookalike som spelar piano.

Denne filmen er på langt nær i same klasse. Kanskje hadde filmen og historia fungert betre med andre karakterar, men slik det er no vert filmen samanlikna med forgjengaren. Og den samanlikninga kjem ikkje denne filmen godt ut av. Figurane er dei same, men dokkene er ikkje like gode. Historia er høgst uoriginal, replikkane er tafatte, og humor finst det knapt. I alle fall for oss vaksne, Flåklypa Grand Prix var jo ein film alle kunne le av.

Frimand Pløsen, redaktør for Flåklypa Tidende, har lova lesarane snø til jol. Den kjem ikkje, og han bed Reodor Felgen finna opp ei snømaskin. Det gjer han; Ludvig låner maskina ut til Pløsen, og det kjem så mykje snø at byen vert begravd. For å få stoppa det må dei setja maskina i revers, slik at alle snøen forsvinn igjen. Men - under over alle under - jolekvelden tek det til å snøa likevel. Kven i alle dagar skulle trudd det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. november 2013

JFK (1991)

Jubileum skal jo markerast. At mordet på John F. Kennedy ikkje vert gløymt så fort såg eg ved sjølvsyn sommaren 1988, då eg budde i Colorado. Det var 25 år sidan Kennedy vart drepen, og det florerte med minneutgjevingar i butikkane. I går var det femti år sidan drapet, så eg plukka fram denne filmen.

JFK handlar om Jim Garrison, statsadvokat i New Orleans. Eit år eller to etter at Kennedy vart skoten vert han meir og meir overtydd om at Lee Harvey Oswald ikkje kunne vore åleine om drapet. Oswald vart arrestert same dagen, men vart sjølv drepen to dagar seinare, slik at det ikkje vart noko rettssak. Garrison og staben hans finn fleire moglege kontaktar som kan ha vore innblanda, dei meiner at visepresidenten Lyndon B. Johnson var innblanda, dei meiner kort sagt at den offisielle versjonen var feil. Dei anklagar ein av dei som kan ha vore innblanda, men han vert frikjent.

Det er altså ein drøymefilm for konspirasjonselskarar, dette, i alle fall for dei som ser filmen som ei sann framstilling av historia. Oliver Stone, som har regissert filmen, er til tider ekstremt manipulerande, ikkje minst mot slutten av filmen. Filmen sluttar med den nemnde rettssaka, der Garrison held eit halvtimes langt innlegg der han får leggja fram synet sitt uimotsagt. Det heile sluttar med at han ser rett inn i kamera og seier "it's up to you", ei openberr oppmoding til publikum om å nøsta vidare i saka.

Men det er ein film, dette. Ein kan ikkje vurdera han ut frå historiske fakta, og som film fungerer det meste heilt greitt.

Guffen tilrår.

Meir Kennedy på kulturguffebloggen
Gerald Posner: Case Closed (1993)
American Dynasties: The Kennedys (2018)

21. november 2013

Leif Halse/Jens R. Nilssen: Vangsgutane. Bind 1, 1940-42 (2013)

Vangsgutane er ein av dei klassiske norske teikneseriane; avgrensar me oss til dei nynorske seriane er Vangsgutane ein av dei fire store, saman med Smørbukk, Tuss og troll og Ingeniør Knut Berg.

Serien var eit tingingsverk. Hans Aarnes i Nynorsk Vekeblad ville ha ein serie som var ein motsats til Knoll og Tott, og det var akkurat det han fekk. Leif Halse skreiv manus, og dei to hovudpersonane, Steinar og Kåre Vangen, er den rake motsetninga til Knoll og Tott. Vangsgutane misser far sin tidleg i serien, men aldri har det vel eksistert gutar i ti-årsalderen som har vore betre rusta til eit slikt tap: Steinar og Kåre er modige, kloke, arbeidssame, ivrige, ærlege, uavhengige, sterke og snartenkte, og kan greia seg i alle moglege situasjonar. Dei kastar ikkje vekk tida, og veit ikkje noko betre enn å hjelpa mor si med gardsarbeidet - ein stad står det at "dei tek straks til med vedhogginga, og arbeidet går med liv og lyst".

Serien har òg ein motsetnad til Vangsgutane. Larris Skjorhagen har fått i oppgåve å erstatta både Knoll og Tott, og det greier han godt. Han er ein rakkarunge, og det er heilt greitt at han er med i serien, men Halse og teiknaren Jens R. Nilssen dreg det likevel for langt. Larris er eit problembarn, men problemet er større for serien enn for bygda. Der er ingen som bryr seg om han. Den rikaste bonden i bygda skambankar han, læraren gjer narr av rettskrivinga hans framfor heile klassen, og det er ålment akseptert at han skal plagast. Ingen bryr seg om at det er på heimebane dei største problema hans er. Boka sluttar med eit poeng som understrekar dette - faren ber han heim: "Larris heng og dinglar etter ermane og tenkjer på korleis det skal bli når han kjem heim." Litt uti boka verkar det som om Halse og Nilssen vert klar over at det vert for mykje - dei introduserer påsketuristen Fliropp, som fyller rolla som Larris i nokre sider.

Serien vart trykt i Nynorsk Vekeblad frå 1940. Sidene frå bladet vart samla i årlege jolehefte frå 1941. I denne boka er dei tre fyrste jolehefta samla, i det same ståande formatet som Nynorsk Vekeblad hadde. Det er ikkje noko stort poeng; alle sidene har nøyaktig same formgjeving, med seks like store ruter. Viktigare er det at Halse og Nilssen veit korleis ein serie skal fenga - spaninga vert gradvis bygd opp på kvar side, og det er alltid mest spanande i den siste ruta. Du får lyst til å bla om, du får lyst til å lesa vidare.

Med unntak av Larris er manuset heilt greitt. Det handlar mykje om spanande og spesielle hendingar, men av og til kjem og rolegare parti, der det handlar om drifta på garden. Om manuset er greitt, er teikningane langt betre. Jens R. Nilssen var ein meistarleg teiknar.

Nilssen teikna i alt 16 Vangsgutane-hefte, og Fonna Forlag har planar om å samla dei i i alt fem bøker. Det er eit godt tiltak, og viss dei i tillegg til seriane får plass til like gode artiklar som den Nils Nordberg skriv i denne boka, vert det endå betre.

Guffen tilrår.

Meir Vangsgutane på kulturguffebloggen
Bind 2, 1943-45 (2014)

16. november 2013

Ivar Aasen: Symra (2013)

Symra, den einaste diktsamlinga Ivar Aasen gav ut, kom fyrste gong ut i 1863. Ho kom seinare i endra utgåver i 1867 og 1875. Boka jubilerer altså i år, og det jubileet kunne ikkje vore markert på ein finare måte. Terje Aarset har sett saman ei bok der ein ikkje saknar noko som helst. Her er både nye og gamle tekstar om Symra, saman med svært mykje informasjon om korleis dikta har fenge liv utanfor Symra.

Boka opnar med dei 26 dikta i tredjeutgåva av Symra (1875). Deretter skriv både Idar Stegane og Reidar Djupedal godt om Symra, før Aarset går inn i detaljar og avvik i dei tre utgåvene, før merksemda vert retta mot songane. Aasen ville at dikta skulle syngjast; undertittelen på boka var "Tvo Tylfter med Visor og Rim". Dikta var skrivne til kjende tonar, og i ettertid har ei rekkje komponistar sett tone til eitt eller fleire Symra-dikt. Til 1875-utgåva hadde Jakob Kobberstad laga eit notetillegg, og han får sin eigen artikkel. Så kjem det oversikter over kva dikt som har vore med i songbøker, og kva dikt som er gjevne ut på plate.

Det er altså ei grundig bok, som kjem til å verta ståande, ikkje minst som referanseverk. Boka har ei rekkje illustrasjonar, og ikkje minst dei mange bokomslaga er finfine.

Guffen tilrår.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)
Ottar Grepstad: Den bortkomne Aasen-visa (2023)

13. november 2013

The Birds (1963)

Fuglar overalt. Ein ung mann møter ei ung dame i ein fuglebutikk. Han vil kjøpa to dvergpapegøyer til syster si, men går utan å ha handla. Ho sporar han opp, reiser til den vesle heimbyen hans, og leverer to dvergpapegøyer ho har kjøpt. Helga i småbyen vert eit mareritt, der fyrst ho, men seinare heile byen, vert angripne av mannevonde fuglar - duer, sporvar, kråker, osb.

Kvifor fuglane oppfører seg slik kjem absolutt ikkje klart fram. Det vert hinta om at dei reagerer på at dei to dvergpapegøyene er fanga i eit bur, men det er ikkje noko truverdig forklaring på kvifor dei angrip alt og alle, også i nabobyane. For det er verkeleg rabiate fuglar det er snakk om; dei gjer alt dei kan for å angripa menneske, og hakkar seg gjerne gjennom dører for å koma til.

Det vert noko draumeaktig over det heile, det er som eit langvarig mareritt. Den kjensla vert forsterka av at fuglane tidvis er heilt rolege, sjølv om dei framleis er mange. Sluttscena, der fire personar snik seg ut av eit hus før dei køyrer vekk i ein ventande bil, er eit godt døme på det - dei køyrer gjennom eit landskap der tusenvis av fuglar sit heilt roleg.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)

10. november 2013

Frost/Nixon (2008)

Er historia god nok, trengst det ikkje mykje action i ein film. Det klassiske dømet på det er Alle presidentens menn, ein film om korleis dei to journalistane Woodward og Bernstein avslørte Watergate-skandalen. Watergate handla om korleis folk frå den republikanske Nixon-administrasjonen var innblanda i avlytting av eit demokratisk valkampkontor i Watergate-bygget.

Denne filmen handlar om det som skjedde etter Watergate-avsløringane. Richard Nixon gjekk av i 1974, kanskje mest i frykt for kva som ville skje i ei rettssak om avlyttingane. Han vart benåda av etterfølgjaren sin, slik at det aldri kom noko rettssak. Nixon hadde ein stygg plett på rullebladet sitt, men vart altså aldri dømt. Han trekte seg tilbake til California, der han drøymde om å returnera til politikken.

Slik gjekk det ikkje. Intervjuet denne filmen handlar om spelte nok inn; om det var den einaste grunnen veit eg ikkje. Den britiske journalisten David Frost greidde i 1977 å få Nixon med på ei rekkje intervju. Frost var ein talkshow-vert, som tidlegare ikkje hadde vist noko interesse for politikk, og det var ein av grunnane til at Nixon takka ja: Med langt meir røynsle frå debattar ville han truleg greia å styra samtalen til sin fordel. Det greidde han bra, heilt til den siste dagen, då Watergate var tema. Frost hadde førebudd seg ekstremt grundig, og fekk Nixon til å seia noko han aldri hadde sagt før - at han hadde svikta det amerikanske folket, og at det var noko han måtte leva med resten av livet.

Frost er van med å ta ting på sparket, og å spela på sin eigen sjarm, men her må han altså visa at han har litt i skallen, og at han kan vera ein kritisk intervjuar. Nixon har si oppfatning av kva som skjedde i Watergate, og er omgitt av folk som deler den oppfatninga. Eitt av høgdepunkta i filmen er når han seier at den amerikanske presidenten er heva over lova. Frost forstår at dette er ei utsegn som bør få hengja i lufta litt, og ventar med å seia noko. Nixon innser òg at dette vart feil, men seier heller ikkje noko. Fire-fem sekund der dei berre ser på kvarandre.

Sjølv om ein veit kva som kjem, er dette ein framifrå film. Og det er altså heilt utan action - her er knapt nok bilkøyring.

Guffen tilrår.

9. november 2013

Helga Flatland: Det finnes ingen helhet (2013)

Helga Flatland skriv gode bøker. Dette er den tredje frittståande boka i ein trilogi - eg har berre lese dei to siste, og har likt begge. Utgangspunktet for bøkene er ei hending i Afghanistan, der tre barndomskameratar frå same bygd misser livet i ein eksplosjon.

Det er noko lett Tillersk over desse bøkene. Der det i Innsirkling-bøkene handlar om ein manglande person, er det her tre. Også her vekslar forfattaren mellom ulike forteljarar. Også her kan same hendinga verta fortalt ulikt av dei som var med.

Hovudpersonen i denne boka er dokteren i bygda, Ragnhild. Ho bur åleine, og er langt meir einsam enn ho vedgår. Ho veit mykje om mange, og er, som dokterar flest, ein som kjem med både dårleg og godt nytt. Ho står som ein trygg påle for fleire, det er verre med dei mange som framleis slit med å forstå det som skjedde fem år tidlegare. Ein av dei som har det verst er Bjørn. Han reiste til Afghanistan saman med dei tre andre, og var den einaste som kom levande heim. Dei tre andre vart gjort til heltar i bygda, han vart nesten gløymt.

Guffen tilrår.

Meir Flatland på kulturguffebloggen
Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010)
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011)
Vingebelastning (2015)
En moderne familie (2017)

8. november 2013

The Wild Bunch (1969)

Det er stas med filmar som tek ei anna vending enn det ein skulle tru, men i dette høvet er det òg litt irriterande, og litt rart.

Filmen opnar med eit brutalt ran av eit jernbanekontor, ein stad langt sør i USA, svært tidleg på 1900-talet. Mange døyr, men dei to leiarane for bandittane, Pike og Dutch, kjem seg unna, saman med nokre få av hjelparane sine. Han som leia forsvaret av kontoret, Deke Thornton, har tidlegare vore samansvoren med dei to bandittleiarane, og han legg ut for å fanga dei.

Det greier han aldri. Han er på sporet av dei, men får aldri heilt nærkontakt. Den siste halvdelen av filmen har to parallelle handlingar - i den eine jaktar Thornton på bandittane; i den andre, som er langt meir spanande, vert Pike og Dutch hyra inn av ein meksikansk bandeleiar for å rana ein amerikansk våpentransport. Dei får med seg våpna frå toget, der Thornton sit i ei anna vogn, og leverer dei til meksikanaren. Opphaldet deira der sluttar med ein massakre, der noko som verkar som hundrevis av personar vert skotne ned. Thornton kjem for seint, sjølvsagt.

Det er noko nostalgisk over alle dei tre i hovudrollene. Kanskje spesielt Thornton, som ikkje berre leitar etter Pike og Dutch, men som òg lengtar tilbake til tida då dei tre reid saman. Ved minst eitt høve let han hjelparane sine få høyra at dei ikkje kan måla seg med Pike og Dutch, og at han sjølv gjerne skulle vore saman med dei.

Guffen er lunken.

2. november 2013

Morrissey: Autobiography (2013)

Dette har eg sagt før: Eg høyrde svært mykje på The Smiths i åttiåra. Dei var favorittbandet mitt, eg samla på både lovlege og ulovlege utgjevingar, eg abonnerte på den fyrste Smiths-zina, og hausten 1986 reiste eg til England for å sjå dei live. Etter at bandet vart oppløyst miste eg fort interessa for nye utgjevingar; eg likte den fyrste soloplata til Morrissey, men deretter vart det fort keisamt. Kva slags musikk han lagar i dag anar eg ikkje; for rundt ti år sidan fekk eg You are the Quarry frå Alex, og det var triste greier.

Kanskje det er tilfeldig, men boka vert òg veldig uinteressant når Morrissey skriv om tida etter 1990. Det vert uventa mykje oppramsing av konsertar, komplett med publikumstal, og for få engasjerande historier. Unntaket er rettsaka der Smiths-trommeslagaren Mike Joyce drog Morrissey og gitaristen Johnny Marr for retten, i eit vellukka forsøk på å få betre betalt for åra i The Smiths. Det engasjerer - i alle fall ei stund. Morrissey dreg det altfor langt ut. Det er greitt at han framleis er usamd, men det får vera grenser. Det vert for mykje klaging. Han klagar over dommaren, han meiner at andre dommarar er solidariske mot yrkeskollegaene sine, han kjem med nokre utrulege konspirasjonsteoriar, og etter førti-femti sider med dette er ein meir lei enn imponert.

Klaging er det elles i boka òg. Det verkar som om han hugsar ris betre enn ros; når han skriv om The Queen Is Dead, LP-en som av mange er sett på som meisterverket til The Smiths, og som sist veke igjen vart kåra til tidenes beste av NME, nemner han berre dei to (viktige) meldingane som var reint negative, og ser vekk frå dei mange rosande. Dei store syndarane i livet til Morrissey er plateselskap generelt, og Rough Trade-sjefen Geoff Travis spesielt. I tillegg til Mike Joyce ('a flea in search of a dog').

Men det er òg mykje bra i boka. Etter nokre keisame oppramsingar av familiemedlemmar, og oppramsingar av kva fjernsyns- og radioprogram han såg og høyrde som liten, kjem det fleire fantastiske skildringar av kor viktig musikk kan vera. Han likte musikk frå mange ulike sjangrar, og var der då punken braut ut i England. Han har gode skildringar av dei ulike artistane, både musikalsk og elles, vokalisten i Ramones vert til dømes omtalt som ein som 'looked as if he had been murdered in a hospital bed'. Minst halve boka er bra og vel så det, og då får me heller prøva å la vera å irritera oss over at Morrissey visstnok grein seg til å få boka utgitt i serien "Penguin Classics".

Guffen tilrår.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Simon Goddard: Mozipedia (2009)
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)
Julie Hamoll: 15 Minutes With You (2015)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

Sopranos, sesong 2 (2000)

Ja, eg veit eg er seint ute med å sjå Sopranos. Eg likte opningssesongen då eg såg han tidlegare i år; denne er endå betre. Alle verkar sikrare på det dei gjer, både framom og bak kamera. Ikkje minst gjeld det James Gandolfini, som spelar hovudrolla. Han briljerer, og vert mafiabossen Tony Soprano på ein så overtydande måte at det etter kvart vert vanskeleg å sjå at nokon annan kunne spelt denne rolla.

Det er familiar det handlar om, i fleire retningar. Kjernefamilien til Soprano slit, litt av di dei to ungane hans vil vera meir sjølvstendige, men mest av di han ikkje kvittar seg med elskarinna si. Kona finn ut av det, og protesterer tydelegare og tydelegare. Soprano har òg problem med systera, som trulovar seg med ein gangster Soprano ikkje toler trynet på, og med mora og onkelen. Og i mafiafamilien er ein av dei mest trugne medarbeidarane hans informant for FBI.

Og det går unna. Alle episodane er solide, nokre er på grensa til magiske. Eg ser serien åleine, stort sett når eg syklar i kjellaren eller når eg er på tur. Det ser ut til å verta lite reising resten av året, så eg vonar på mange sykkelkveldar framover.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)
The Many Saints of Newark (2021)