29. juli 2017

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)

Dette var ei uventa fin bok. Chapman går gjennom heile forfattarskapen til Tarjei Vesaas, og gjev korte analysar av alle bøkene. Han seier ikkje alltid like mykje, men det han seier er fornuftig.

Eg las gjennom alle bøkene til Vesaas for ti-tolv år sidan. Det var stas, og med litt flaks gjer eg det same ein gong til. Då kan denne boka vera god å ha. Chapman ser sjølvsagt på kvar bok for seg, men ser òg på særtrekk som går att ved bøkene hans. Nokre av desse momenta kjende eg att, medan andre var nye.

Eitt av dei nye momenta var at i dei fyrste bøkene til Vesaas var dei religiøse trekka tydelege. I den andre delen av forfattarskapen er skam eit nøkkelomgrep, t.d. i Fuglane eller i Signalet. Chapman går grundigare inn i prosatekstane, men skriv òg om om poesien til Vesaas. Det fyrste opplaget av boka kom i 1969. Året etter døydde Vesaas, og nokre månader seinare kom den siste diktsamlinga hans. I denne boka, som er andreopplaget, er det teke med nokre kloke ord også om den samlinga, Liv ved straumen.

Eg er ikkje samd i alt han skriv. Han vurderer til dømes Sendemann Huskuld som den sterkaste av dei tidlege romanane til Vesaas; for meg var det kanskje den veikaste. Han er heller ikkje altfor imponert over den fyrste delen av Kimen, og meiner at det er den andre delen som reddar boka. For meg var heile boka eitt av høgdepunkta i forfattarskapen.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

28. juli 2017

John Steinbeck: The Long Valley (1938)

Dette er den andre og siste novellesamlinga John Steinbeck gav ut. Her er tolv noveller, medrekna dei fire som fem år tidlegare var samla i The Red Pony. Det er noveller som hentar handlinga frå det typiske Steinbeck-landskapet, i og rundt Salinas Valley.

Det er jamt over gode noveller. Nokre fortel om dramatiske hendingar, andre er meir stillfarne skildringar av ein eller fleire personar. Steinbeck la ikkje skjul på kvar han stod politisk, og ei av novellene her fortel om to som vil verva fleire til fagrørsla. Det går ikkje så bra, men optimismen deira er det som sit att etter lesinga av den novella. Her er òg ei novelle om ein enkel drankar, som får drinkar etter at han framfører samtalar han har høyrt i løyndom. Og ei novelle om ein gris som vert helgen. Opningsnovella, "The Chrysanthemums". er ei av dei finaste, som fortel om eit par som er svært ulike, men som samstundes veit at dei skal vera saman.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

22. juli 2017

Erling Moss: Saken Per Liland (1997)

At Per Liland vart dømt for å ha drepe to menn i 1970 er ei stor skam. Justismord skal ikkje skje, og det skal i alle fall ikkje skje ved at påtalemakta juksar, slik tilfellet var her. Liland vart dømd til livsvarig fengsel pluss sikring i ti år, og sona i praksis i 24 år. Han døydde i 1996, men opplevde heldigvis å verta frikjent i 1994.

Det var brutale mord han var dømd for. Han var ein del av eit relativt alkoholisert miljø i Fredrikstad, og hadde fram til nokre dagar tidlegare budd i eit hus med tilnamnet "Lille Helvete". Han flytta ut av di det var så mykje drikking og trafikk der at han sleit med å koma seg på arbeid til rett tid - han var ein av dei få i miljøet som hadde fast jobb. To personar vart funne jolafta 1969, begge drepne med øks. Nokre timar seinare vart tre personar frå miljøet pågripne av politiet. Ein av dei var Liland, og politiet arbeidde ut frå ein teori om at han var gjerningsmannen.

Fleire vitne sa at dei hadde sett dei to 23. desember, fleire hadde høyrt bråk frå huset 23. desember, naboane som budde vegg i vegg høyrde bråk natt til jolafta, osb. Det skapte problem for politiet, sidan Liland hadde alibi den kvelden. Difor flytta dei mordtidspunktet til om kvelden 22. desember, altså dagen før fleire hadde sett dei to som vart drepne i live. Til rettssaka vart ikkje alle desse vitna kalla inn, og dei som fekk vitna om at mordet ikkje kunne ha skjedd 22. desember, vart stempla som lite truverdige. For politiet var det altså viktigare å få fengsla Liland, enn å finna den rette drapsmannen.

Det er altså ei stor skam, og saka fortener absolutt ei bok. Diverre er denne boka langt frå god nok. Stoffet er dårleg disponert, boka er dårleg redigert, her aular av repetisjonar, og det heile vert altfor omfattande. Hadde alt dette vorte utbetra kunne boka vore like viktig som saka var; no er det i staden ei bok som nesten er uleseleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Camilla Juell Eide og Erling Moss: "...aldri mer slippes løs" (1999)

21. juli 2017

Dag Johan Haugerud: Enkle atonale stykker for barn (2016)

Denne romanen har tre delar, som i alle fall ved fyrste augekast ikkje heng altfor tett saman. Den andre delen, "Tom og kaninen", heng saman med begge dei to andre, og er òg den lengste. Mellom dei to korte delane, "Sex og kulturformidling i Europa" og "Enkle atonale stykker for barn" er det vanskelegare å sjå fellestrekk.

"Sex og ..." handlar om korleis liv grip inn i kvarandre, korleis alt me gjer er avhengig av kva andre gjer. "Enkle atonale ..." handlar om kva me faktisk hugsar om andre, og om kva me sjølv har gjort. Begge desse emna møte me igjen i "Tom og kaninen". Tom og kaninen dukkar forresten opp i den fyrste delen òg, der ei kvinne er på eit bibliotek for å låna ei avhandling om barneboka Tom og kaninen.

Den boka er skriven av Eivind Ness, og det er han det handlar om i "Tom og kaninen". Eller rettare - det handlar mest om enkja hans, Eva. Ho vert kontakta av redaktøren til ein ung mann som vil skriva biografi om Ness, og litt seinare vert ho kontakta av ei ung kvinne som òg vil skriva biografi om Ness. Ho vegrar seg for å samarbeida med dei, sjølv om ho lenge har fantasert om å kunne hjelpa dei som skal skriva biografi om mannen hennar. Ho greier ikkje hjelpa den unge mannen, mest av di han er aldeles hjelpelaus sosialt, og angrar på at ho hjelper den unge kvinna, mest av di ho ikkje trur at det ho skriv vert godt og djupt nok.

"Tom og kaninen"-delen av romanen er finfin. Der er mange fine karakterer, også dei som krinsar rundt Eva Ness er spanande figurar, og måten dei får fram sider ved Eva er glimrande. Dei to andre delane er ikkje heilt på det same nivået. Den fyrste delen, der me møter nye personar heile tida, er underhaldande nok. men verkar samstundes som om det mest av alt er eit skriveteknisk eksperiment, der Haugerud ser kor langt han kan dra akkurat dette grepet.

Guffen tilrår.

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)

18. juli 2017

Paul Auster: The Invention of Solitude (1982)

Dette var den fyrste boka Auster gav ut under eige namn. Eg las ho fyrste gong midt i 90-åra, då eg oppdaga Auster og las alt eg kom over av han. Det var ikkje ei bok som fenga meg altfor mykje då; no likte eg ho langt betre.

Boka er todelt. Den fyrste delen opnar med at Auster får melding om at faren er død. Saman med kona si må han rydda i huset til faren, og han skriv om kor lite han kjende far sin, og kor lite faren delte av seg sjølv. I eit fotoalbum kjem han over eit familiebilete, der bestefar til Auster er riven vekk. Grunnen til det, viser det seg, er at han fann seg ei anna kvinne, og kona hans drap han. Dette var ukjent for Auster og generasjonen hans. Far til Auster delte altså lite av seg sjølv; far til Auster delte ingenting om far sin.

Den neste delen spinn vidare på desse emna. Her er det litt om forholdet Auster har til son sin, det er litt om forholdet han har til folk han møtte i Paris, som vert som farsfigurar for han, og det er mykje om litteratur. Som i seinare bøker kan han godt bruka tid på å referera andre verk, og her handlar det mykje om Pinocchio, og om Jonas i kvalen.

Boka er full av tema Auster skriv om seinare. Forholdet mellom fedre og søner er eit opplagt slikt, men det er òg andre døme. "I learned the story of my grandfather's death some time ago. If not for an extraordinary coincidence, it never would have become known." Manglande fedre og ekstraordinære tilfeldigheiter - det går knapt an å oppsummera forfattarskapen til Auster betre i éi setning. Når han skriv om far sin, skriv han at "at times I have the feeling that I am writing about three or four different men, each one distinct, each one a contradiction of all the others". 4 3 2 1, anyone? I den andre delen av boka kjem det mange døme på tilfeldigheiter. Den beste er den om han som gjekk i dekning i Paris under andre verdskrigen, før han flykta og kom seg over til USA. Tjue år seinare flytta son hans til Paris, leitte lenge etter ein stad å bu, før han fann ein liten hybel. Det viste seg å vera nøyaktig same rommet som faren hadde gøymt seg i.

Det er ei fin bok. Det går litt tregt i andre delen, men stort sett er det stas.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

17. juli 2017

Sys Christina Vestergaard: Det kunne ikke være anderledes (2015)

På veg til hytteferie i Danmark, for to dagar sidan: Utanfor Randers køyrde me forbi eit hus som såg heilt malplassert ut, det minte mest av alt om ein mansion frå dei amerikanske sørstatane. Eg såg mest på vegen, men Marit meinte det stod noko om Elvis utanfor huset. Seinare på ettermiddagen drog me med oss ei bunke brosjyrar frå eit turistkontor, og det viste seg at dette var eit Elvis-museum. Dagen etter la me inn eit besøk mot slutten av dagen. Museet var overraskande bra, det var haugevis med gjenstandar som kunne knytast til Elvis, anten det var klede, plater, sko eller andre ting. Det var òg mykje som kunne knytast til medmusikantar eller familiemedlemmar, og det var som det skulle vera når me avslutta besøket med ein heilt grei middag på den amerikanske dineren i huset.

Museet er bygd opp rundt samlinga til Henrik Knudsen. Denne boka handlar om han, og om korleis livet hans har vore prega av Elvis. Han har importert Elvis-saker, både bøker, plater og anna, han har arrangert konsertar med folk som har spelt med Elvis, han har arrangert Elvis-gruppereiser til USA, og tenkjer stort sett berre på ein ting. Han greidde å få finansiert dette huset, og ser ut til å stortrivast med det.

Forteljinga hans er eit godt grunnlag for ei god bok, men den boka må me eventuelt venta på. I mellomtida får me denne boka, som er svært amatørmessig. Vestergaard er journalist, og burde vera van med å disponera stoffet sitt. Kanskje ho er van med å arbeida i eit mindre format, kanskje ho er van med å ha ein redaktør som ryddar i stoffet og språket hennar, men det er ei bok det er vanskeleg å ikkje skumlesa. Det vert ikkje betre av at Knudsen, som er hovudkjelda til alt som står her, er svært glad i å framheva seg sjølv. Det er greitt at dette er historia hans, men likevel: Eg har lese tre gonger så omfangsrike biografiar om store personar, der det er langt færre bilete av den biograferte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

13. juli 2017

Franz Kafka: Forvandlinga og andre forteljingar (1915)

Skald forlag gjev ut klassisk litteratur i nye omsetjingar. Denne er omsett av Jon Fosse. Dette er den andre boka eg les i denne serien, og denne er også svært bra. Her er samla fem forteljingar av Franz Kafka - ei halvlang, ei lang, og tre korte. Dei tre korte kjem til slutt. Den siste heiter "Draum", og minst ein av dei to andre har noko draum-liknande over seg.

Det kan ein vel òg seia om den lange forteljinga, "Forvandlinga". Opningssetninga fekk eg servert av Brynjulv då han studerte tysk, og det er ei fin opning på forteljing: "Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp". Han bur saman med systera og foreldra, og dei er sjølvsagt litt usikre på korleis dei skal takla dette. Gregor forstår alt som skjer, men kan ikkje snakka og kan difor ikkje forklara dei kva han vil. Forteljinga er av og til tragisk, av og til morosam, av og til begge delar.

To fulltreffarar av Skald så langt, altså. Eg har teikna meg som abonnent på serien, så det kjem fleire meldingar etter kvart.

Guffen tilrår.

Meir Kafka på kulturguffebloggen
Prosessen (1925)

8. juli 2017

Howard Teichmann: George S. Kaufman. An Intimate Portrait (1972)

Dette var helst skrale greier. George Kaufman var etter alle solemerke ein kar som var uvanleg treffsikker med replikkane sine. Det var teaterverda som stod han nærast, og han sat på dei fleste stolane som var tilgjengelege: Han var dramatikar, regissør, skodespelar og teaterkritikar i New York Times. Han skreiv òg nokre filmmanus, mellom anna to for Marx Brothers.

I boka er det mange døme på replikkunsten hans, og nokre er svært solide også i dag. Men mange er så livlause at det er nærliggjande å skulda på forfattaren. Teichmann kjende Kaufman godt, dei skreiv mellom anna nokre teaterstykke i lag, og noko av det han rosar Kaufman for er timinga. I Teichmann si framstillinga er timinga heller haltande.

Det er òg rart å sjå kva han legg vekt på. Av ein eller annan grunn er det viktig å få fram korleis Kaufman og den fyrste kona hans fort gjekk lei av kvarandre seksuelt, og at dei begge difor stod på med andre både titt og ofte. Det verkar ikkje som det viktige i ein biografi som denne. Boka er òg bygd opp på ein måte det er vanskeleg å forstå.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

6. juli 2017

Telegrafisten (1993)

Skulen til Marit er (altså) nedlagt, og i staden for at ting vert kasta tok me med oss litt av kvart heim. Frå DVD-hylla i biblioteket tok me med ein boks med Hamsun-filmatiseringar, og dette vart opningsfilmen i Hamsun-rekkja i den lokale filmklubben.

Filmen er basert på Sværmere, ei av mange Hamsun-bøker eg ikkje har lese. Om filmen er tru mot boka veit eg altså ingenting om, og det er heller ikkje så viktig. Hovudpersonen, telegrafisten Rolandsen, arbeider for væreigaren Mack, men vil helst driva med oppfinningar. Han får betalt for det arbeidet mot slutten av filmen, då eit selskap i Tyskland (trur eg) vil kjøpa oppfinninga hans for usømeleg mykje pengar.

Eller - det Ronaldsen helst vil driva med er å feia over alle damene i nabolaget. Merkeleg nok er det ein idé alle damene i nabolaget deler, han treng berre å sjå på dei, og vips - der har han fått dei med til sengs. Filmskaparane verkar altfor interesserte i dette temaet, og får like godt dotter til Mack, som er den Ronaldsen helst vil ha, til å kle seg naken framføre ein spegel. Scena er rimeleg malplassert, og det verkar litt i det spekulativaste laget.

Bortsett frå dette er det mange scener med midnattsol, mange scener frå den fine naturen i Nordland, og mange skodespelarar som gjer det dei kan for å snakka nordlandsdialekt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

5. juli 2017

The Beatles: Eight Days a Week (2016)

Det er grenser for kor mange gonger den same historia kan forteljast. Denne filmen fekk meg til å tenkja at den grensa går omtrent her. Det er greitt at eg har lese mykje om The Beatles, og at eg har sett filmar og seriar om dei, men likevel: Var det eigentleg nok nytt her til å forsvara at denne filmen vart laga?

Det handlar om dei åra The Beatles var på turné, altså fram til 1966. Dei fyrste åra spelte dei i hovudsak på små klubbar i Storbritannia, på Cavern i heimbyen Liverpool, og på ulike klubbar i Hamburg. Deretter reiste dei verda rundt, med mindre og mindre entusiasme, før den siste konserten i San Francisco i august 1966.

Historia er kjent, og mange av bileta er kjende frå andre dokumentarar, fyrst og fremst fjernsynsserien Anthology. Men er her òg mykje nytt, fyrst og fremst konsertopptak. Lyden er så som så, men grei nok, og desse opptaka er finfine. Det heile er òg laga på ein god måte. På dei store stadionkonsertane i USA hadde dei altfor puslete lydanlegg - lyden vart køyrt over dei vanlege stadionhøgtalarane, slik at dei av publikum som høyrde noko høyrde berre ein tynn blikkbokslyd. I eitt av konsertopptaka vekslar lyden mellom blikkboks og god lyd, og det illustrerer dette poenget veldig godt. Dette, kombinert med dei evige sikringstiltaka, gjer det lett å skjøna at dei var leie av turneringa. Dei trekte seg heller tilbake til studio, der dei jo skapte nokre godbitar etter 1966.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

3. juli 2017

Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)

Mark Horrell omtalar seg sjølv som ein naturvandrar som vart meir og meir oppteken av høge fjell, og som etter ti år med høgdeprogresjon nådde toppen av Mount Everest. Isolert sett er det ei fascinerande historie, der han lærer meir og meir om korleis fjellfolk skal/bør oppføra seg, og der han gradvis går frå novise til røynd.

Boka er delt inn i sju kapittel, der han i kvart kapittel tek eit nytt steg mot høgare mål. Eg kunne ha skrive "målet", men det er ikkje før på nivå fire eller fem at han ser at han kan ha det som trengst for å nå toppen av Everest. Han er i svært godt form, han toler høgder bra, og han er ikkje plaga av høgdeskrekk. I kvart kapittel skriv han òg om historier knytt til fjella eller områda han er i, og desse delane viser at han har sett seg godt inn i historia. Og det får han òg plusspoeng for.

Det han må trekkjast for er skrivestilen. Han ser seg sjølv som langt meir underhaldande enn han er, og fyller sidene med metaforar som er meint å vera morosame. Dette har eg sikkert sagt mange gonger før, men det er ikkje mykje som er mindre morosamt enn folk som berre fortel dårlege vitsar. Han minner om ein veldig light light-versjon av Bill Bryson (utan at eg er heilt sikker på kva det vil seia). Det er lettare å lesa dei delane av teksten som handlar om gleda ved naturen og gleda ved fjella, men teksten vert for ofte for irriterande.

Guffen er lunken.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

2. juli 2017

United 93 (2006)

Det er lett å vera skeptisk til ein film som dette. Berre fem år etter terroråtaka mot USA vert det laga ein film som handlar om det flyet som ikkje nådde målet sitt. Der gjorde passasjerane så sterk motstand mot kaprarane at flyet styrta rundt tjue minutt frå Washington D.C., som var det trulege målet for terroristane.

Det ligg såleis godt til rette for ein film om folk som kjempar for USA. Opninga av filmen minskar ikkje skepsisen. Me er på rommet til terroristane, som les i Koranen før dei reiser til flyplassen. Det er altså tydeleg kven som er med oss og kven som er mot oss.

Men det tek seg heldigvis opp. Det meste av filmen er laga i real time, og det vekslar mellom flyplassen, flyet og kontrollrommet for luftrommet over det vestlege USA. Dei siste scenene viser godt korleis landet ikkje var førebudd - det var til dømes uråd å få tak i fly frå flyvåpenet som kunne forsvara terrormåla. (Om dei hadde gjort noko frå eller til er ei anna sak.)

Scenene frå flyet er dei beste. Dei får godt fram kor hjelpelause passasjerane er når noko slikt skjer. Det er trongt, av og til klaustrofobisk, og desse scenene er filma med eit handhelde kamera, slik at ein kjem endå tettare inn på handlinga. Filmen har òg ein god slutt - rett før flyet når bakken vert det heile svart.

Guffen tilrår.

Carl I. Hagen: Ærlighet varer lengst (1984)

Det er god tone å opna med noko positivt: Carl I. Hagen var ein av dei viktigaste norske politikarane i andre halvdel av 1900-talet. Han var med i Anders Langes Parti i 1973, vart vara på tinget for dei, braut ut og skipa Reformpartiet, kom attende i ALP, der han vart formann og partiet fekk namnet Framstegspartiet. Det partiet vart eit stort parti, som etter kvart fekk mykje makt.

Denne boka fortel om tida fram til 1984. Då var det ikkje mykje makt dei hadde, sjølv om Hagen prøver å visa at dei var viktige, og at dei tidvis påverka dagsorden. Han skriv sjølvsagt mykje om seg sjølv, og han framstår som relativt sjølvoppteken. Han kan ta ansvar for feil som vert gjort, men det er langt vanlegare at folk rundt han, eller politiske motstandarar, ikkje gjer ein god nok jobb.

Boka er relativt keisam, Hagen skriv ikkje spesielt godt. Her er òg mykje rart. Framstegspartiet er ei form Hagen aldri ville brukt; han skriv at han fekk avsmak for sidemål på gymnaset, mellom anna av di ein klassekamerat strauk i sidemål, og dermed ikkje kom inn på ingeniørskule. Eit grunnleggjande trekk i FRP-politikken er at alle er ansvarlege for det dei gjer og vil, men det gjeld altså ikkje i sidemålsspørsmålet - her er det faget som har skulda. Lengre ute i boka skriv han om landsmøtet i 1980, der han som formann takka nei på valkomiteen sitt spørsmål om å koma med framlegg til gode kandidatar. Han meinte at han ikkje hadde noko med det, og skriv at han etter det aldri har sagt noko om kven han vil ha inn i sentrale verv. På neste side i boka har han gløymt det, og fortel om då han verva Fridtjof Frank Gundersen til å stå på liste for partiet.

Hagen er ein politikar eg har vanskeleg for å lika, også etter at han gjekk av som formann. Denne boka endrar ikkje noko på det. Det er greitt at han har jobba hardt og mykje, eller at han greidde å gjera partiet sitt så stort at det vart ein maktfaktor, men det er jo uvesentleg. Politikken hans vert ikkje betre av det.

Guffen er lunken.

Smoke (1995)

Dette er ein fin film. Manus er skrive av Paul Auster, og ikkje uventa er mange av kjenneteikna ved bøkene hans synlege også her: Tilfeldigheiter, tilhøvet mellom fedre og born, og ein av hovudpersonane er forfattar. Her heiter forfattaren like godt Paul Benjamin - Benjamin er mellomnamnet til Auster, som tidleg i karriera gav ut ei bok under namnet Paul Benjamin.

Benjamin er altså forfattar, men han har slite med å skriva noko etter at kona hans vart drepen nokre år tidlegare. Han vert kjend med Auggie Wren, som driv ein sigarbutikk, og med den unge guten Thomas Cole, som har stole nokre pengar frå ein kriminell, og som prøver å få kontakt med far sin. Det gjer han, og det meste ordnar seg, før filmen sluttar med historia som var utgangspunktet for heile filmen: Benjamin skal skriva ei jolehistorie for New York Times, og Wren diktar opp ei finfin historie over eit lunsjbord.

Emna til å dikta opp historier er eit anna tema som går att. Wren gjer det, Benjamin har det som yrke, Thomas Cole går under tre ulike namn i filmen, og den gamle dama i historia til Wren spelar òg på lag med han ho får besøk av.

William Hurt er høgst gjennomsnittleg i rolla som Benjamin, men rundt han glitrar skodespelarane. Harvey Keitel er finfin som Wren, og Forest Whitaker er som alltid fabelaktig - han spelar far til Cole.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)