Viser innlegg med etiketten Aukrust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aukrust. Vis alle innlegg

2. november 2025

Kjell Aukrust: Simen. Muntre historier (1958)

Dette var debutboka til Kjell Aukrust, og det var ein sals-suksess av dimensjonar. I fylgje Norsk biografisk leksikon vart meir enn 100 000 eksemplar selde i løpet av nokre veker. Det utrulege er ikkje det høge salet, det utrulege er at det er ei debutbok. Aukrust hadde teikna og skrive mykje, men han verkar så stilsikker og trygg på seg sjølv, både i ord og bilete, at ein kunne tru at dette var arbeidet til ein langt meir røynd kunstnar.

Det er barndomsminne frå Alvdal, bygda der Aukrust vaks opp. Det er mykje nostalgi i det heile, det handlar om ei enkel verd der ein knapt nok hadde meir moro enn det ein laga sjølv. Og då passa det jo godt at dei tre sentrale personane - forteljaren, bror hans, og Simen - har ein fantasi langt utover det vanlege.

Minst like viktig er det at Aukrust har ein fantasi langt utover det vanlege. Det kan godt henda at nokre eller alle av forteljingane er inspirerte av verkelege hendingar, men gode forteljingar skal òg forteljast godt. Aukrust er ein stor skribent, der han med få ord får sagt svært mykje. Han hadde ei eiga evne til å finna det originale, men likevel heilt rette, adjektivet. Det er mange knappe setningar. Og alle historiene har teikningar, som jo òg er suverene. 

Guffen tilrår. 

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

16. august 2022

Kjell Aukrust: Slipp ham inn! (1979)

Me rydda i kjellaren, og dette var ei av bøkene som dukka opp. Eg såg nyleg ein NRK-serie om Aukrust. Der var denne boka nemnt av og til, og eg tenkte jo at dette kunne vera like underhaldande som serien. Det var det ikkje, truleg av di serien ser ut til å vera svært inspirert av denne boka. Her kjem mange av dei same historiene, nokre av dei same bileta, slik at boka på sett og vis vart ein repetisjon.

Dette er den autoriserte versjonen. Det er ikkje nokon full biografi, det veit me at Aukrust ikkje ville skriva, men han kjem med korte historier frå livet sitt. Boka kom fire år etter at Flåklypa-filmen kom ut, men den skriv merkeleg nok Aukrust ingenting om. Boka sluttar i staden med litt for mange halvgode historier frå Italia - her er det av og til historier som russ ville vore nøgde med å fortelja.

Men her er òg mykje bra. Aukrust hadde godt auge og øyre for gode replikkar og gode historier, og han kan òg fortelja dei godt. Her er gode historier frå oppveksten, og mykje godt frå tida i Oslo, der han etter kvart vart ein kjendis.

Guffen er lunken. 

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Simen. Muntre historier (1958)
Ingjald Hoel: 
Slik var'n Kjell (1974)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

9. juli 2022

Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

Ein kort og grei serie på tre episodar. Kjell Aukrust var jo ein artig kar, og serien gjev vel eit greitt bilete av kven han var, og kva som var det store ved arbeidet hans. Samstundes er det nok eit ankepunkt at serien er svært positivt innstilt til han. Kvar episode opnar med ei utsegn om at serieskaparane er på lag med Aukrust, og det er vel om lag slik ein autorisert Aukrust-biografi ville vore. Sjølv om serien, midt i den tredje og siste episoden, fortel om det som var det store mørke feltet i livshistoria hans, altså det politiske engasjementet til faren (og andre slektningar).

Serien er fint sett saman. Her er nye og gamle intervju, her er (enkle) dramatiseringar av nokre av tekstane hans, og her er nye animerte intervju med Ludvig og Solan. Det er ikkje tvil om at Aukrust hadde ekstremt god sans for humor, og her er mykje å le av. Det er heller ikkje tvil om at han sleit med å sleppa folk tett innpå seg, og det kjem klart fram i arkiv-opptaka der han vert intervjua. Ein sjeldan gong slepper han ut vonde kjensler, og fortel om då han vart mobba ut av ein handverksskule han gjekk på i Oslo. 

Guffen tilrår. 

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Simen. Muntre historier (1958)
Ingjald Hoel: 
Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)

28. november 2020

Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)

Kjell Aukrust var ein fargerik kar. Han skreiv godt, han teikna godt, og laga fleire fengande bøker. I bøkene var det gjerne humor, og det var ofte folk frå bygde-Noreg det handla om. Det var likevel heile tida slik at han lo med dei, ikkje av dei. Frå 1950-åra og framover var han ein av dei mest suksessrike norske forfattarane, i alle fall ut frå salstala.

Når han vart intervjua var han gjerne lystig og glad, der han også fysisk illustrerte poenga sine. Han var klar på at det var eit alvor i det han laga, og han var sjølv glad i det ein gjerne kallar for finkultur. Det var òg eit anna alvor i livet hans. Han bar på to store sorger: Den eine var at han og kona aldri fekk born. Det andre handlar om faren, og var grunnen til at ein planlagt Aukrust-biografi ikkje kom ut då han framleis var i live. Faren sympatiserte med NS, og det var eit sår Kjell aldri vart ferdig med.

Dette er altså den fyrste Aukrust-biografien, og Løvåsen kjem godt frå oppgåva. Han bruker kjeldematerialet godt, han har snakka med dei han burde snakka med, og er kritisk nok til at det ikkje vert rein heltedyrking. Han fortel om oppvekst, om vonde og gode år i Oslo, om korleis kona Kari var den heilt rette støttespelaren for Kjell, om oppturen frå 1950-åra og framover, om Flåklypa Grand Prix, osb. Ei fin bok.

Guffen tilrår. 

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Simen. Muntre historier (1958)
Ingjald Hoel: 
Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

Meir Løvåsen på kulturguffebloggen
Brakk (2006)
Mamsell Iversen (2009)

5. april 2020

Kjell Aukrust: Flåklypa Tidende 1-3 (2009)

Kjell Aukrust var ein mangfaldig kunstnar. I Flåklypa Tidende er det humoren som dominerer, også når det kjem korte tekstar av meir samfunnskritisk karakter. Stort sett er dette finfin lesnad.

Avisa er sjølvsagt oppdikta. Aukrust har laga eit fabelaktig persongalleri i og rundt avisa, og dei fleste av desse dukkar opp heile vegen. Dei har alle svært solide namn, og har sine klare særdrag. Til sist i boka vert dei tolv mest sentrale portrettert, og dei fire sidene er Aukrust i eit nataskal: Gode teikningar, gode namn, og ei finstemt språkkjensle. Om Myrullbråten, ein av dei som bur på Krokryggen Gamlehjem, står det at han er "ivrig TV-titter og skjøt under "Naturmagasinet" i NRK en jerv med hagle på kanal 3. Så senere månens bakside ved hjelp av et speil i nakken. Fylte 85 år i år, og uttalte i den anledning at hvis han fikk leve livet om igjen, ville han hatt midtskill".

Slik eg forstår det er denne boka sett saman av høgdepunkt frå Flåklypa Tidende. Den avisa var ei fast spalte i Mannskapsavisa, seinare i Forsvarets Forum, og til sist i Dagbladet. Nokre spalter og moment går att gjennom heile boka. Forfattaren Hallstein Bromskimlet skriv framhaldssoga "Eg baska meg trøytt", der Hjalte og Guringuten ikkje gjer så mykje anna enn å gå på Kooperativen for å handla sukker og gjær. Reodor Felgen lagar stadig nye oppfinningar. Olram Slåpen frå Knøsesmauet i Bergen sender stadig inn dårlege vitsar, som vert analysert (og slakta) av redaksjonen. Det kjem rapportar frå Krokryggen. Osb. Dei fleste av desse gjengangarane fungerer godt, medan nokre få går tom for piff ein stad rundt midten av boka.

Guffen tilrår.

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Simen. Muntre historier (1958)
Ingjald Hoel: 
Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

27. juli 2018

Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)

Kjell er Kjell Aukrust; Ingjald Hoel var ein som vaks opp om lag same tid og same stad. Han har samla nokre minne frå oppvekståra i denne boka, og det er diverre ei oppgåve han ikkje kjem spesielt godt frå.

Her er ti-tolv historier, som handlar om Aukrust som ung musikar, som idrettsmann, som unge, som nabo. Ein skal leggja veldig mykje godvilje til for å finna noko å gle seg over i desse historiene. Dei flest opnar med altfor mykje bakgrunnsstoff, som Hoel tek med for å gje lesaren eit bakteppe til historiene. Når han bruker så lang tid på dette, bør historiene vera gode, og dei bør òg ha eit godt sluttpoeng. Det er dei ikkje, og det har dei ikkje. På grunn av dei lange opningane tek det òg tid før Aukrust vert omtala, slik at sjølv om boka er tynn, er det berre litt av ho som handlar om Aukrust.

Det verkar òg som om Hoel prøver å leggja seg opp til skrivestilen til Aukrust. Han, altså Aukrust, har skrive godt og særeige om eigen oppvekst, og viss Hoel hadde vore ein betre skribent kunne eit slikt skrift-slektskap vore fruktbart. No vert det berre pinleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Simen. Muntre historier (1958)
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)