22. juni 2022

Torgny Amdam: Life... But How To Live It? (2022)

Life ... But How To Live It? var eitt av dei sprekaste Blitz-banda. Namnet deira var (nesten) henta frå ein R.E.M.-song, og berre dét hintar mot at dei hadde eit opnare musikalsk syn enn mange av dei andre. Musikken deira var absolutt hard, men her var ein større variasjon enn hjå mange andre. 

Denne boka fortel om debutplata deira og om mykje anna. Amdam skriv mellom anna om korleis han vart dregen til Blitz-miljøet, og om korleis dette miljøet utvikla seg og vart truga av andre miljø. Men det handlar sjølvsagt mest om Life... Dei to brørne Tom og Roger Andreassen flytta frå Harstad til Oslo, primært for å spela musikk. Dei fekk med den noko rutinerte Geir Petter Jensen ("Dyret") frå Bodø og den ferske vokalisten Katja Benneche Osvold frå Oslo. Dei øver målretta - dei vil på turné i Europa, men vil spela inn ei plate fyrst. Skildringa av turen til studio i Amsterdam er finfin. 

Amdam får fram kor ny musikken var, men viser òg slektskapen med det som skjer i andre land, fyrst og fremst miljøet i Washington, DC. På turneane i Europa vert dei kjende med band derfrå, og Roger var faktisk innom ei Fugazi-øving alt i 1988.

Guffen tilrår. 
 

20. juni 2022

Clark (2022)

Denne serien handlar om Clark Olofsson, ein svensk serie-kriminell. Han går inn og ut av fengsel, og det verkar som om det stort sett er det han gjer. Han bryt seg ut, og utfører nye brotsverk. Han er ute på permisjon, og utfører nye brotsverk. Han sjarmerer ein del damer, og seier at han skal skjerpa seg, men det skjer aldri. Han tek kvar dag som han kjem, og bryr seg eigentleg ikkje så mykje om at han vert arrestert. 

Han vart tidleg ein kjent person i Sverige, og etter eit gisseldrama i ein bank i Sverige vart han kjendis. Ein kriminell han kjende tok nokre gislar, og forlanga at Olofsson skulle koma til banken. Det fekk Olofsson lov til, og vart der nokre dagar, til han andre gav opp. Frå då av var han jamleg i avisene, og det er han framleis. No bur han visst i Belgia. Han er noko over 70 år, men det er ikkje mange år sidan han sist sat i fengsel.

Serien er finfin. Det går fort, det er fargerikt, det er lystig, og her er mykje å le av. Clark, slik me møter han i serien, er ein person det er uråd å lika, og ein person det er uråd å mislika. Han gjer kva som helst mot (nesten) kven som helst, men er òg så til dei grader sjarmerande. Han strør om seg med halvgode og dårlege vitsar. Dei mest alvorlege scenene kjem når han tenkjer tilbake på oppveksten, der den valdelege og alkoholiserte faren øydela det som kunne ha vore ein harmonisk familie.

Guffen tilrår.  

19. juni 2022

McCartney 3, 2, 1 (2021)

Det er rart. Eg kjenner Beatles-historia ut og inn, i alle fall i grove trekk. Eg har sett filmar, eg har lese bøker, eg har sett fleire filmar og lese fleire bøker, og eg har lese fleire bøker om att. Sjølvsagt dukkar det av og til opp noko nytt, men ikkje alltid. I denne serien dukkar det ikkje opp så mykje nytt, men likevel: Dette var tre flotte timar.

Det heile er veldig enkelt: Paul McCartney sit med eit miksebord, saman med Rick Rubin. Han er ein stjerneprodusent - han grunnla Def Jam og har seinare produsert plater for svært mange store artistar. Han kan òg musikkhistoria hans, men det er ikkje rolla hans her: Han stiller McCartney spørsmål han har fått mange gonger før, og McCartney svarar. 

Det som gjer det stort er at dei sit ved miksebordet. Når dei snakkar om ein song kan Rubin spela han av, og variera kor mange av spora dei høyrer. Av og til er det alt; av og til er det berre eitt spor. Dei kosar seg, dei skrur opp musikken, reiser seg opp og små-dansar. Rubin er imponert, og det er imponerande korleis han skapar inntrykk av at mykje er nytt for han. Av og til kjem det uventa spørsmål, av og til handlar det om songar McCartney spelte inn etter Beatles, men stort sett er det Beatles det går i. Og det er jo kjekt.

Guffen tilrår. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

18. juni 2022

Emil André Erstad: Mørkemann (2022)

Erstad vaks opp i ein ikkje spesielt religiøs familie på Radøy, nord for Bergen. Det var ikkje flust med fritidstilbod der, slik at dei aller fleste gjekk på bedehuset. Erstad vart påverka av det han høyrde om der, han vart kristen, og vart gradvis meir og meir konservativ. Han vart fylkesleiar i KrFU, og i ein Twitter-debatt greidde han å seia at han var mot abort ved valdtekt og incest. Ikkje uventa førte den utsegna til ein del oppstyr. Boka opnar med at Erstad vert fotografert til eit intervju med Dagbladet, og fotografen vil ha Erstad med til eit folketomt område ute på Oslo S. Det slår Erstad at dette kan vera farleg - korleis veit han at fotografen faktisk er knytt til avisa? Kan det vera lurt av ein av dei mange som har truga han på livet?

Boka har undertittelen "Mi reise til kristenkonservatismen og tilbake", og hendinga på Oslo S er med på å senda Erstad på veg tilbake. Det same er boka Betre død enn homofil? av Arnfinn Nordbø. Både denne boka og boka til Nordbø viser glimt av kva som finst av haldningar hjå dei mest konservative kristne her til lands, og det er ikkje lystig lesnad. Begge bøkene fortel om eit samfunn der du anten er med oss eller mot oss, og om samfunn med haldningar som kan øydeleggja familiar. 

Erstad skriv godt og ærleg om vegane inn og ut av dette miljøet. Det er ei bok som godt kan lesast av alle, men eg trur det kanskje er viktigast om folk frå det kristenkonservative miljøet les ho. Mange vil nok stå fast på synet dei hadde, men det kan henda at nokre lesarar frå det miljøet kan koma på andre tankar. 

Guffen tilrår. 

17. juni 2022

Per Sivle: Streik (1891)

Dette er den einaste romanen Per Sivle skreiv. Handlinga er sterkt inspirert av ein verkeleg streik i Drammen ti år tidlegare. Sympatien i boka ligg hjå arbeidarane, og romanen vert rekna for å vera den fyrste arbeidarromanen i Noreg. Sivle skildrar korleis direktørane og verkseigarane berre tenkjer profitt og gjer som dei vil med arbeidarane. Han skildrar korleis arbeidarane lever i tronge rom, heilt i nærleiken av fattigdomsgrensa. Han skildrar korleis ein av dei få utvegane for unge jenter var å reisa til Kristiania for å selja kroppen sin.

Sivle peikar altså på problem som fortener stor plass, og det skal han ros for. Men det er òg omtrent alt. Romanen er rimeleg hjelpelaus, og her er lite, kanskje ingenting, som fungerer. Språket er stivt, dialogane verkar absolutt ikkje ekte, personane er pappfigurar, og handlinga er ikkje så interessant. 

Sivle skreiv nokre gode dikt, og han hadde òg eit godt grep om kortare soger og vossa-stubbar. Men han taklar ikkje dette litt større formatet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Anders Hovden: Per Sivle. Ei livssoge (1905)

15. juni 2022

Garrison Keillor: We Are Still Married (1989)

Eg vert liksom aldri heilt klok på Keillor. I nokre bøker er han han glitrande, i andre bøker er han heilt på det jamne. Dette er ei av dei tidlege bøkene hans, der han har samla nokre forteljingar, dikt, stykke og brev, og her er han begge delar. Det er altså ei ujamn bok.

Det opnar ikkje altfor bra. Den fyrste bolken, "Pieces", er ikkje så mykje å skryta av, og heller ikkje den andre, der det kjem historier frå Lake Wobegon, er altfor bra. Det tek seg opp i den lange "Letters"-delen, der han fyrst klagar litt over at ingen skriv brev lenger, før han kjem med godt og vel tretti korte tekstar. Dei er (truleg) ikkje brev, men dei kunne ha vore det - han fortel om likt og ulikt han har vore med på. Her er han god, det er noko nært og varmt og menneskeleg over det heile.

Så kjem det ein liten bolk med dikt, før han sluttar med nokre "Stories". I form er ikkje desse så ulike den fyrste bolken, men desse forteljingane fungerer langt betre enn opninga av boka. 

Så eg sit att med ei litt rar kjensle. Eg har lese mykje av Keillor, og av og til forstår eg ikkje heilt kvifor. 

Guffen er lunken. 

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)

13. juni 2022

Out Of Africa (1985)

Det er noko med episke filmar. Dei har lett for å vera for lange, det kjem gjerne flotte naturbilete, og dei har lett for å vera litt keisame. Slik er det absolutt her. Viss filmen var kortare, og viss filmen konsentrerte seg meir, men samstundes litt meir diskret, om utviklinga hovudpersonen går gjennom, ville det vore betre. Her er mykje bra, men totalinntrykket vert sånn middels.

Det handlar om den danske forfattaren Karen Blixen. Ho flyttar til Kenya, der ho og mannen skal driva med kyr. Han har endra planane, dei prøver i staden med kaffi. Dei har ikkje noko godt forhold, og det vert ikkje noko betre når han smittar ho med syfilis. Dei glir frå kvarandre, og ho vert i staden dregen mot den friske eventyraren Denys Finch Hatton. Det er heilt opplagt at dei likar kvarandre, men han greier ikkje slå seg til ro, og er jamleg på reis. Ho driv farmen sin, og får etter kvart eit langt betre inntrykk av dei innfødde.

Her er altså mykje som er bra. Noko av det beste er skodespelet. Robert Redford har ei drøymerolle som den sjarmerande og spreke Hatton; Meryl Streep er òg finfin som Blixen. Men det vert altså for langt og for seigt. 

Guffen er lunken. 



11. juni 2022

Mr. Good. Gåten Eirik Jensen (2022)

Andre har skrive at denne serien ikkje fører så mykje nytt til torgs, men for oss som ikkje var altfor langt inne i denne saka då ho rulla gjennom rettssalane er dette ei grei innføring. Kortversjonen er at Eirik Jensen var ein respektert politimann, som arbeidde mykje med gjengar i Oslo og narkotika i det same området, og som var med på å løysa fleire store saker. Han var kjent for å ha mykje kontakt med kriminelle miljø, men dette verkar å ha vore heilt vanleg. Han knytte til seg informantar, og det var kontakten med éin av desse som felte han.

Gjermund Cappelen var ein av dei store narkotikasmuglarane. Politiet i Asker var på sporet av han, og det viste seg at han hadde svært mykje kontakt med Jensen, spesielt rett før det skulle koma store leveransar av hasj frå utlandet. Dei sende kvarandre tekstmeldingar i kode, det handla ofte om vêret dei neste dagane. Meldingar frå Jensen til Cappelen om at det var meldt strålande sol dei neste dagane vart tolka som om Jensen gav Cappelen klar bane. Dei to møttest ofte - politiet og Cappelen meinte det handla om å planleggja og leggja til rette for smugling; Jensen seier at det var vanlege møte mellom politi og informant.

Jensen snakkar mykje i denne serien, og det gjer òg fleire av dei rundt han. Mange frå politiet snakkar òg, både dei som arbeidde på same kontor/avdeling som Jensen og dei som arbeidde på kontor i nabokommunar. Cappelen snakkar ikkje sjølv, men har gjeve advokatane sine lov til å snakka fritt. Serien skapar klart inntrykk av at Jensen var skuldig, og det er nesten rart at han har gått med på å verta intervjua. Det han seier styrka ikkje saka hans. 

Guffen tilrår. 

9. juni 2022

Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

Endå eit foredrag frå serien til Nasjonalbiblioteket. Dei inviterte forfattarar til å snakka om ein forfattarskap som var ny for dei, og Solstad valde å snakka om Olav Duun. Kortversjonen er at han aldri hadde lese Duun før, og at han, etter å ha lese nokre av verka til Duun, skjøna at tida har gått frå Duun.

Konklusjonen verkar litt lite gjennomtenkt, og det kom mange reaksjonar etter foredraget. Det er nok likevel slik Solstad hevdar, at Duun ikkje er mykje lesen i dag. Men det er jo òg slik at gløymde forfattarskapar kan hentast fram att, men at dei då gjerne må ha hjelp. Om fire år er det 150 år sidan Duun vart fødd, og for alt eg veit er det planlagt store markeringar då. 

Solstad er ikkje negativ til bøkene til Duun, og han finn mykje han likar. Slettes ikkje alt, men det han nemner av mindre gode ting verkar mest som bagatellar. Han ser at Duun skriv godt, han ser at Duun tek opp store spørsmål, men meiner likevel at bøkene hans er forelda. Og kva er den viktigaste grunnen til det, slik Solstad ser det? Tarjei Vesaas. Han meiner at fram til Kimen var Vesaas nærmast å rekna for ein Duun-elev, men frå 1940 endra forfattarskapen seg. Då var Duun nyleg død, og slik Solstad ser det tok Vesaas det rommet Duun hadde. Vesaas vart ein nyskapande modernist; Duun vart sett på som gamaldags og utdatert.

Guffen tilrår. 

Meir Duun på kulturguffebloggen
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)

Meir Solstad på kulturguffebloggen
Spiraler (1965)
Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne notater (2013)

6. juni 2022

Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

Jan Inge Sørbø skriv mykje og godt om norsk litteratur. Han har tidlegare skrive bøker om fleire forfattarar, og i 2018 kom storverket Nynorsk litteraturhistorie ut. Denne gongen skriv han om fire forfattarar. Alle fire var med i litteraturhistoria, og der han skriv han mellom anna om Hulda Garborg at det er på tide at bøkene hennar kjem i fokus att. Denne boka kan vera eit godt steg på vegen mot at det skal skje.

I tillegg til Garborg skriv han om Marie Takvam, Gro Holm og Aslaug Vaa. Han finn fleire gjennomgåande trekk i omtalen av dei. Dei vart gjerne vurderte som kvinnelege forfattarar, som om det var ein eigen undersjanger i litteraturen. Han skriv om den vidgjetne bokmeldinga André Bjerke skreiv om debutboka til Takvam, der han opnar med å skriva om korleis ho tek seg ut. Eit anna trekk som går att for fleire av dei er at forfattardebuten deira kjem relativt seint i livet. Dei er, som dei fleste forfattarar, prega av litteraturen dei las i ung alder, og når dei endeleg får tid til å skriva nokre tiår seinare, har litteraturen endra seg og dei kan verka gamaldagse.

Sørbø les dei fire forfattarskapane nøye, og argumenterer godt for at dei har høge litterære kvalitetar. Eg fekk spesielt lyst til å lesa romanane til Garbor og Holm. Slik sett fungerer boka godt - det er jo alltid kjekt å få tips om nye forfattarar ein kan lesa. Den eine innvendinga mot boka er at det verkar som om fleire av dei same poenga og argumenta dukkar opp både i føreordet og etterordet.

Guffen tilrår. 

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Meir Sørbø på kulturguffebloggen
Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009)
Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Meir Takvam på kulturguffebloggen
Magnus Takvam: Hun skrev for å kunne leve (2021)

5. juni 2022

Borgen, sesong 1 (2010)

Denne serien har fått mykje skryt, og det er vel fortent. Men likevel - når nokre omtalar Borgen som den beste serien i verda, tek dei litt for hardt i. I alle fall viss ein skal døma etter denne fyrste sesongen.

Det handlar om dansk politikk. Etter eit jamt og dramatisk val vert Birgitte Nyborg Christensen frå Dei Moderate statsminister. I kvar av dei resterande episodane i serien møter ho ei politisk nøtt som ho må løysa. Ho er ofte usikker, men vert gradvis tryggare på si eiga rolle. Ho tek fleire kontroversielle avgjerder, og vert dermed òg mindre populær blant andre politikarar.

Så er der (sjølvsagt) andre dramatiske liner. Rådgjevaren hennar, Kasper Juul, er ein sånn politisk luring som alltid veit kva som er lurast (sjølv om han er langt yngre enn Christensen). Han har tidlegare vore kjærasten til Katrine Fønsmark, profilert journalist på TV1. Dei to er anten nære vener eller bitre fiendar gjennom sesongen. På heimebane slit statsministeren stort - mannen hennar skal vera heimeverande, men vert lei av at han får alt ansvar for dei to ungane. Han får tilbod om ein toppjobb, men må takka nei av di firmaet har vore underleverandør i ein stor kontrakt staten skal inngå. Det vert for mykje for han, og sesongen sluttar med at han vil skilja seg frå kona.

Det er ein fin serie, og eg ser nok dei seinare sesongane òg.

Guffen tilrår.