28. mars 2016

House of Cards, sesong 4 (2016)

Etter ein litt skuffande tredjesesong tok serien seg opp igjen. Den amerikanske presidenten Frank Underwood er i gang med valkampen, og tidleg i serien rekna eg med at denne sesongen kom til å slutta med sjølve valdagen. Så langt kom ikkje serien, men det skjedde langt meir enn sjølve valkampen.

Forholdet mellom Underwood og kona Claire er merkeleg. Dei søv i kvart sitt rom, dei har (eller hadde, for Frank sin del) elskarar/elskarinner, og då serien tek til har Claire så godt flytta ut. Dei vert samde om å flytta saman att, og ting tek ei merkeleg vending - dei greier å få det demokratiske landsmøtet til å røysta Claire fram som visepresidentkandidat. Målet er altså å få eit ektepar som president og visepresident.

Parallelt med valkampen kokar det minst to andre stader. Det er bråk i Syria, og mot slutten av sesongen kidnappar amerikanske ICO-sympatisørar ein familie, som dei ikkje vil sleppa fri før Underwood slepp fri ein syrisk leiar USA har fanga. Og like mykje bråk vert det når ein journalist grev litt for grundig i historia til Underwood. Han har mange svin på skogen, og det er heller ikkje vanskeleg å finna folk som mislikar han nok til at dei fortel det dei veit. Når sesongen sluttar er alt uavklara, og det er jo eit godt utgangspunkt for sesong fem.

Guffen tilrår.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)

27. mars 2016

Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)

Alfred Hauge var djupt oppteken av utvandringspioneren Cleng Peerson. I 1963 gav han ut reiseskildringa Gå vest, der han reiste gjennom det norske Amerika, til ei viss grad i Peerson sine fotspor. Då var han langt inne i arbeidet med ein trilogi om Peerson. Den fyrste boka kom i 1961, dette er den andre.

Her fortel han om utvandrarane frå 1825, dei som reiste frå Stavanger i sluppen Restauration. Det var ikkje dei fyrste frå Noreg som reiste til Amerika, men det er oftast dei som vert rekna som dei fyrste. Peerson var ein slags leiar, men han var flinkare til å snakka enn å handla. Han hadde alt vore ein tur til Amerika, kom attende til Stavanger i 1824, overtalte folk til å reisa året etter, og reiste sjølv i førevegen for å ta mot dei.

I denne romanen er det litt annleis, her reiser han like godt saman med dei andre i Restauration. Det er truleg eit grep Hauge gjer for å la Peerson vera med overalt, boka er fortalt i eg-form. Hauge gjer seg så fri som ein romanforfattar kan vera, han let òg Peerson stå i vegkanten og sjå den langt eldre kona si (som han ikkje hadde mykje kontakt med) verta gravlagd - i røynda døydde ho nesten ti år seinare.

Tidvis er dette ein fin roman, der Hauge fortel godt om reisa over havet i ein altfor liten båt, og om korleis dei fann seg til rette i eit altfor stort land. Peerson vert ikkje presentert som ein rein helt, det kjem ofte fram at andre har mistillit til han. Og i og med at det er Peerson som fører ordet i boka, må ein gå ut frå at han skjuler mykje av kritikken. Men tidvis er det òg skrale saker. Det vert litt for detaljert, oftast då Hauge vil skriva faglitteratur og ikkje skjønnlitteratur. Han skriv for mykje om kva som skjedde med dei andre frå båten, og i dei sekvensane er det som om boka stoppar opp.

Guffen er lunken.

Meir Alfred Hauge på kulturguffebloggen
Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Gå vest - (1963)
Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Ungdom (1977)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

19. mars 2016

Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)

Av tidlege nynorske reiseskildringar er det ingen som kan måla seg med Ferdaminne, som Aasmund Olavsson Vinje gav ut i 1861. Der Vinje gjekk frå Kristiania til Trondheim i 1860, går Henrik Krohn ein kortare tur om lag ti år etterpå. Han eigde ein stor fruktgard i Sogndal, og saman med ein anonym musikarven går han frå Sogndal til Veitastrond og over breen (der han er samlast, vel) til Fjærland. Planen er å gå heile vegen attende til Sogndal, men dei tek i staden båt frå Fjærland. Dei har med seg lokalkjende store delar av turen.

Det er ein tur utan den store dramatikken, det mest dramatiske er då musikaren held på å gli ut på veg ned ein bratt bre. Sikring driv dei ikkje med. Det er heller ikkje dramatikken som gjer denne boka lesverdig. Krohn var ein av dei tidlege målmennene i Bergen, og skriv godt. Han er full av respekt for bygdefolket, og klagar ofte over at byfolk ikkje greier å sjå kor høgt bygdefolk bør setjast. Krohn skildrar òg naturen rundt seg godt, og det er stas å sjå kor godt han får fram gleda ved å vera i naturen. Det dreg litt ned at det mot slutten kjem eit langt dikt om Geirstad-Trond, ein lokal helt, men det får me heller leva med.

Boka har eit føreord av Johannes Gjerdåker, der han gjev eit greitt oversyn over livet og arbeidet til Krohn.

Guffen tilrår.

Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss, 24.1.14)

Saving Private Ryan (1998)

Den fyrste halvtimen av denne filmen er rimeleg blodig. Det er D-dagen, der allierte soldatar prøver å ta seg i land i det tysk-okkuperte Frankrike. Det vert eit blodbad utan like, dei tyske soldatane ligg i bunkerar og skyt ned det aller meste som rører seg. Det handheldne kameraet og dei konsekvente nærbileta gjer at me er på stranda der invasjonen skjer. Det er brutalt, det er ekkelt, og det gjev inntrykk.

Resten av filmen er ikkje like inntrykksfull. Tilbake i USA vert det oppdaga at tre av fire soldatbrør i ein familie nyleg har mist livet, og ei gruppe soldatar som overlevde invasjonen får i oppdrag å finna den fjerde og få han heim til USA. Den fjerde, som altså er menig Ryan frå filmtittelen, har hoppa ut i fallskjerm ein stad i Frankrike, så det vert litt nål i høystakk-leiting. Dei finn han, sjølvsagt, men før han kan sendast heim misser dei fleste i den åtte mann store redningsgruppa livet.

Den leiteaksjonen er ikkje altfor original. Soldatgruppa er sett saman av ulike typar, sjølvsagt - ein er hissig, ein er røynd, ein er fersk, ein er modig, ein er feig, osb. Dei er alle lunkne til dette oppdraget, og må fleire gonger overtalast til å halda fram. Skytescener er her nok av. Det er relativt vanlege greier, altså, og det heile vert i lengste laget.

Guffen er lunken.

14. mars 2016

Dear Mr. Watterson (2013)

Mr. Watterson er sjølvsagt Bill Watterson, teiknaren som skapte Calvin and Hobbes. Etter ti år slutta serien i 1995, og i dei tjue åra som har gått har Watterson lege endå lågare enn før. Han vil (stort sett) vera usynleg, og er det (stort sett).

Joel Allen Schroeder har likt serien heile livet. Det er han ikkje åleine om, og i denne filmen prøver han å finna ut kvifor serien vart og er så populær. Det lukkast han diverre dårleg med. Han snakkar med andre som likar serien, og dei har stort sett ingenting å seia. Han snakkar med folk i forlaget til Watterson, og dei har litt meir å seia. Han snakkar med (altfor mange) andre teiknarar, og dei har litt å seia, sjølv om alle seier omtrent det same. Og han snakkar med dei som arbeider på arkivet der originalteikningane til Watterson ligg - for meg var det dei det gav mest meining å høyra på.

Eitt emne dominerer i filmen. Watterson ville at serien hans berre skulle vera serie, så han ville ikkje at teikningane skulle brukast på kort eller t-skjorter eller andre ting, han ville ikkje laga Calvin og Hobbes-dokker, og han ville ikkje at det skulle lagast film av serien. Han ville laga teikneserie, og i ei av bøkene han gav ut skriv han varmt om korleis teikneseriar er eit fantastisk medium, og korleis sidene med teikneseriar i sundagsavisene tidlegare var reine festsider. No er det ikkje det same, men han lengtar attende. Dette vert det snakka mykje om, men det kjem ikkje fram noko nytt.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Bill Watterson: Calvin and Hobbes. Sunday Pages 1985-1995 (2001)
Nevin Martell: Looking for Calvin and Hobbes (2009)
Exploring Calvin and Hobbes (2015)

13. mars 2016

Groundhog Day (1993)

Phil Connors er vermeldar på ein lokal fjernsynsstasjon i Pittsburgh. Kvar februar vert han sendt til småbyen Punxsutawney, der det er tradisjon at ei jordrotte signaliserer kor lang tid det er att av vinteren. Han vil (ikkje uventa) vekk frå byen så fort som råd, men uveret gjer at han må overnatta der. Når han vaknar morgonen etter, merkar han at alle oppfører seg som dagen før. Og det same skjer dagen etter. Og alle dei påfølgjande dagane. Connors er den einaste som merkar at livet kjem i reprise; for alle andre er kvar dag ny. Fyrst er han oppgitt, etter kvart skjønar han at han bruka denne kunnskapen.

Det er ikkje noko dårleg utgangspunkt for ein komedie. Difor er det skuffande at dei ikkje bruker dette utgangspunktet til noko fornuftig. Det tek ikkje lang tid før filmen går på tomgang, og det heile utviklar seg til ein film der det einaste det handlar om er om han får ho. Det vert mindre livlaust og mindre originalt, og meir og meir keisamt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

12. mars 2016

John Steinbeck: The Pastures of Heaven (1932)

Denne romanen er ein tidleg slektning av Bikubesong. Boka kunne like gjerne vore ei novellesamling, der novellen har det til felles at dei skjer i det same geografiske området. I Bikubesong er området i hovudsak avgrensa til Murboligen; i Pastures of Heaven er området avgrensa til dalføret boka er kalla opp etter. Men så lenge Steinbeck (og Grytten) kallar boka for ein roman, er det jo det det er.

Pastures of Heaven er busett av ulike folk, sjølvsagt. Ulik fortid, ulike draumar, ulike måtar å løysa desse draumane på. Dei to systrene som ikkje får restauranten til å bera seg før dei inkluderer kroppane sine i salssummen. Den avstandsforelska mannen som i løyndom byggjer eit hus drøymedama vil ha, men som etter at huset er ferdig finn ut at ho er trulova med ein annan. Familiefaren som byggjer eit stort hus med tanke på framtidige generasjonar, før han finn ut at det einaste barnet hans vil flytta til San Francisco. Boka er full av varme og gode historier, i eit landskap Steinbeck skulle skriva mykje meir om i seinare bøker. Før Pastures of Heaven hadde han berre gjeve ut éi bok.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
East of Eden (1955, film)
Travels With Charley (1962)
Of  Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

6. mars 2016

Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)

Eg har mange Groucho-biografiar - nokre handlar om Marx Brothers, andre handlar berre om han. Hadde det kome nye Groucho-biografiar hadde eg sikkert kjøpt dei òg, men denne boka har ei litt annan vinkling: Lee Siegel prøver å analysera og forstå humoren til Groucho. Det er ei forfriskande og interessant vinkling. Diverre løyser ikkje Siegel oppgåva spesielt godt.

Det er fleire grunnar til det. Han har ein tendens til å over-analysera hendingar og vitsar. Den vidgjetne brevvekslinga mellom Groucho og forfattaren T.S. Eliot, der Groucho mellom anna undrar seg kva T-en står for, og funderer seg fram til at det kan vera Tom. I eit seinare brev omtalar han kona til Eliot som "Mrs. Tom". Eg har aldri sett dette som noko anna enn rein humor, som ein freistnad på å få ein av dei litterære gigantane i verda til å smila litt. Siegel ser derimot dette som respektlaust, nærmast ondskapsfullt, og meiner det kan henga saman med at Eliot tretti år tidlegare, altså før andre verdskrigen, hadde skrive nedsetjande om jødar.

Denne boka kjem ut i serien "Jewish Lives", utgitt av Yale University Press. Marx-brørne var jødar, og det var dei stolte av. Harpo donerte til dømes ei av harpene sine til det jødiske museet i Jerusalem. I humoren deira, anten det var film eller fjernsyn eller litteratur, er det derimot langt mellom noko som fortel at dei var jødar. Det ser Siegel vekk frå, han gjer derimot det han kan for å leita etter detaljar som kan knyta dei nærare jødedomen, slik at han kan skriva dei inn i ein jødisk humortradisjon. Han overtyder ikkje i desse kapitla. Han slit òg med å halda seg til emnet - boka skal handla om Groucho, men rett som det er skriv han mest om Harpo.

Så det var ikkje all verda, dette. Det vert ikkje betre av at humoren til Siegel fell på steingrunn dei gongene han prøver seg på ein vits.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

Clerks (1994)

Denne filmen likte eg svært godt då eg såg han på kino for veldig lenge sidan. Eg lo ikkje like mykje no, men det er framleis ein sjarmerande film.

Hovudpersonen Dante må ta ei ekstravakt på storkiosken han arbeider i. Vegg i vegg arbeider bestevenen hans, Randal, i ein videobutikk. Begge mislikar jobben sin, og ingen av dei er spesielt desperate etter å gje kundane ei god oppleving. Dante er høfleg, men er oftast heilt uinteressert. Randal er meir konfronterande, og gjer oftast noko heilt anna enn det han er betalt for å gjera.

Dei snakkar mykje saman, og det er dialogane som fengar i denne filmen. Det er ofte lange scener, der dei to snakkar om damer, om venskap, om livet, og om det meiningslause i jobbane dei har. Dei er ikkje åleine, Dante får besøk både av kjærasten og eks-dama. Dei får problem med ein kunde som dør på toalettet. To gonger stengjer dei butikkane sine - ein gong for å spela rulleskøytehockey på taket, ein gong for å vera med på ei likvake.

Guffen tilrår.

Goodfellas (1990)

Her kan seiast mykje godt om denne filmen, men det kan òg seiast mykje mindre godt. Hovudpersonen, Henry Hill, veks opp i mafiaen, der han gjer det godt. Han er mellom anna sentral då dei i 1970-åra ranar seks millionar dollar frå Lufthansa. Parallelt med arbeidet for mafiaen tener han pengar på å selja dop, noko sjefen hans ikkje likte.

Hill vart arrestert i 1980, og, sidan han visste at  han song på siste verset i mafiaen, gjekk han med å å tysta på andre. Ei rekkje leiande mafiafolk vart fengsla. Hill gjekk fri, og levde resten av livet i dekning. Filmen er basert på verkelege hendingar.

Her er mykje godt skodespel. Ray Liotta gjer ein god figur i hovudrolla, og Robert DeNiro er jo Robert DeNiro. Lenge er filmen god, men han vert altfor, altfor lang. At kona til Hill ikkje likte at han hadde ei elskarinne treng ikkje repeterast. At dei lengre nede på rangstigen smiska med dei høgare oppe treng ikkje repeterast. At ein tredje sentral figur, spela av Joe Pesci, er aldeles ustabil, treng ikkje repeterast. Det heile dreg ut, slik at når det som burde vera det dramatiske høgdepunktet i filmen kjem, altså når Hill bestemmer seg for å tysta, er i alle fall eg lei.

Guffen er lunken.

Merethe Lindstrøm: Fra vinterarkivene (2015)

Dei siste åra har det vorte vanleg at forfattarar skriv sjølvbiografiske romanar. Det er ikkje ein trend eg har kasta meg over, nokre slike bøker har imponert meg lite, andre har imponert meg så lite at eg har lagt boka vekk relativt raskt.

Denne romanen er annleis. Éin viktig grunn kan vera at dei fleste personane er namnlause, det handlar mykje om "du" eller "han" osb. Ein annan viktig grunn er språket til Lindstrøm. I lange, poetiske setningar dreg ho lesaren inn i teksten, ho skapar ei god stemning, ho skapar ein tekst eg som lesar vil vera i.

Dei to hovudpersonane i boka vil skapa kunst. Ho vil skriva, han er biletkunstnar. Dei har lite pengar, men det er ikkje det viktige for dei. Han slit i tillegg med psyken, og er ein ustabil person å vera saman med. Rundt denne forteljinga kjem glimt frå oppveksten hennar - ho fortel om den fråverande faren og den rastlause mora, som flyttar og flyttar. Når eg-personen vert eldre vert ho like rastlaus, og flytter ofte.

Så det er ei bok med mange tema, men det viktigaste, det som går igjen gjennom heile boka, er kjærleik. Sjølv om den mannlege hovudpersonen er vanskeleg å leva saman med, er det tydeleg at eg-personen vil gå svært langt for å halda på han.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Regnbarnas rike (1992)
Svømme over vann (1994)
Stedfortrederen (1997)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)

5. mars 2016

Escape from Alcatraz (1979)

Eg var i San Francisco i 1988, og ein ettermiddag tok eg turen ut til Alcatraz, saman med hundrevis av andre turistar. Den viktigaste grunnen var nok at eg hadde sett denne filmen nokre år tidlegare. Denne gongen var det omvendt, eg sette på filmen av di eg hadde vore på Alcatraz. Alcatraz er ei øy i hamnebassenget utanfor San Francisco, der det frå 1930 til 1963 var eit fengsel med svært høgt sikringsnivå. Avstanden til land er eit par kilometer, slik at godt trente innsette godt kunne ha klart å symja over. Hadde det ikkje vore for det kalde vatnet. Og dei sterke straumane.

Det vart sagt at Alcatraz var uråd å rømma (levande) frå. Denne filmen handlar om det eine fluktforsøket som kan ha lukkast. Saman med dei to Anglin-brørne kom Frank Morris seg ut av fengselet i 1962. Av nokre regnfrakkar hadde dei laga ein enkel flåte, og dei la ut mot naboøya Angel Island. Morgonen etter oppdaga vaktene at tre fangar mangla, men dei mange og store leiteoperasjonar var resultatlause.

Filmen fortel denne historia på ein grei måte, også for dei som veit kva som vil skje. Til liks med dei fleste fengselsfilmar vert det brukt tid på å visa at der er interne hierarki blant fangane, og der er nokre relativt obligatoriske slosskampar, men sentralt i filmen står det målmedvitne arbeidet til det tre, som vil og skal ut.

Korleis gjekk det med dei? Ingen veit sikkert. Filmen opnar for at dei overlevde; under besøket i 1988 var alle klare på at dei hadde drukna. Ingen kunne prova det, og eit fjernsynsprogram for nokre år sidan hevda å ha funne hemmelege dokument som viste at flåten deira vart funnen på Angel Island, og at dette vart halde hemmeleg for å hindra at fleire fangar ville prøva å rømma. Det var det jo uansett, og året etter var det ein som greidde å symja til land frå Alcatraz. Det same året vart fengselet lagt ned.

Guffen tilrår.

3. mars 2016

Making a Murderer (2015)

Steven Avery vart i 1985 dømd for å ha valdteke ei kvinne. Han vart sett fri atten år seinare, etter at DNA-teknologien var komen så langt at det kunne provast at han var uskuldig. Han gjekk til sak mot det lokale politiet og den lokale påtalemakta, med krav om erstatning, og han hadde sjølvsagt ei god sak.

Heilt til ein kvinneleg fotograf vart meldt sakna i området. Ingen hadde sett ho etter at ho var heime hjå Avery for å fotografera ein bil han skulle selja, og politiet gjorde raskt Avery til hovudmistenkt. Etter at han hadde site i varetekt nokre veker vart nevøen hans, den ikkje altfor oppvakte Brendan, òg arrestert, etter at han hadde tilstått å ha vore med på å valdteke og drepe fotografen.

Serien viser at ingen av dei kan ha gjort det. Politiet har manipulert og plassert bevis, dei pressa ei tilståing ut av Brendan, dei etterforska aldri andre personar, og dei ser ut til å ha gjort dette for å unngå at Avery vinn fram med søksmålet om erstatning. Både Avery og nevøen vert kjende skuldige, og dømt til lange fengselsstraffer. Viss det var slik alt hang saman, gjekk ikkje politiet akkurat etter nokon som var like store og sterke som dei - familien til Avery er ikkje av dei mest ressurssterke.

Men dette er det serien viser. Det er lett å ta nokre rundar på Internett for å finna folk som meiner at serieskaparane ikkje tok med all bevisførsel frå rettssaka. Det kan såleis godt henda at i alle fall Avery var skuldig; Brendan virra så mykje i forklaringane sine at det er uråd å vita kva han eigentleg var med på. I serien ligg sympatien tydeleg hjå Avery og nevøen. Både dei og advokatane deira vert intervjua, medan aktor ikkje vert det i det heile. I ettertid seier han at han gjerne ville vorte intervjua, men at serieskaparane takka nei. Dei nektar for dette.

Uansett - det er ein fascinerande serie. Historia er godt fortalt. Eg var skeptisk til at etterforskinga og rettssaka ville vera fengande nok til å bera serien, men det dukkar heile tida opp nye godbitar. Som då tilståinga til Brendan dukkar opp. Som då det viser seg at ein blodprøve av Avery frå 1985 nyleg har vore opna, og at der er merke etter ein sprøytespiss i loket - blodet hans vart funne i bilen til den drepne fotografen, og kom det blodet frå 1985-prøven?

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Michael Griesbach: The Innocent Killer (2014)