10. juli 2010

Bill Bryson: At Home (2010)

Bill Bryson er ein meir enn habil reiseskrivar. Han har skrive om andre ting enn reising, men det er der han er best. Då eg såg tittelen på denne boka på Amazon, tenkte eg at dette var lovande: Eg såg føre meg at han skulle vera reiseskrivar i sin eigen heim, og skriva om det som møtte han i heimbyen hans. Eg tok feil, og dei fyrste sidene av boka irriterte dette meg.

Bryson har altså skrive om anna enn reising tidlegare. I boka A short history of everything prøver han å fortelja historia til universet på ein veldig kompakt og populærvitskapleg måte. Denne boka følgjer omtrent same malen, men her skriv han om dagleglivet. Dagleglivet i USA og England.

I univershistoria sveipa han innom norske døme nokre få gonger. Etter det eg hugsar var eg djupt skeptisk til alle desse norske døma - minst to av dei var reine feil. Med ei slik utteljing på dei døma eg kjende best, ville det vera rart om absolutt alt det andre som stod der var rett. Begge desse bøkene fungerer difor best om ein les dei som rein underhaldning, der forfattaren gjerne kan ha smurt litt tjukt på, eller der han kan ha drege heilt feil konklusjonar. Dei som vil vita kva som eigentleg skjedde, bør gå til faglitteraturen.

Bryson tek utgangspunkt i eit stort hus han har kjøpt i England. Han bruker teikningane til huset som vegvisar, og går gjennom huset, rom for rom. I kvart rom finn han eit emne som passar, han skriv altså ikkje om historia til huset. Etter ein kort presentasjon av barnerommet skriv han til dømes om korleis born har vore sett på gjennom historia, litt om barnearbeid, litt om sjukdom og dødsfall, og sikkert litt meir. Han følgjer sine eigne innfall, og presenterer mange personar som har vore viktige i ulike sider av samfunnet. Det er ikkje måte på kor mange av desse som er gløymde i dag, og ein anar at Bryson har lyst til å henta fram att gløymde heltar.

Bryson har òg eit godt auge for det kuriøse, og han ser samanhengar som ikkje alltid er heilt openberre. Av og til ser han likevel ikkje langt nok. Han veit at huset vart bygt i 1851, og veit at han som fekk det bygt var barnlaus. Han bygde likevel inn eit barnerom, og Bryson spekulerer litt i om dette kan ha vore av di han drøymde om eigne born. Det kan det sjølvsagt ha vore, men ei minst like plausibel forklaring er at han ville sikra seg at når han ein gong skulle selja huset, ville der vera eit høveleg rom for familiar med born.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Notes from a Small Island (1995)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar