28. mai 2022

Eric Spitznagel: Rock Stars on the Record (2021)

Ideen bak denne boka er enkel og grei: Spitznagel snakkar med rundt 35 musikarar om den fyrste plata som verkeleg var viktig for dei. Svært få av samtalane handlar rett nok om akkurat det, men likevel: Ideen er enkel, grei og god.

Det dei i tillegg snakkar om er kor viktig musikk er og kor viktig musikk kan vera. Musikarane snakkar om korleis den plata eller den songen var viktig, og korleis det kunne vera det einaste ein tenkte på. Det er òg eit gjennomgåande tema at i gamle dagar (altså for meir enn 25-30 år sidan) var både musikken og informasjon om artistane vanskeleg å få tak i. Fleire er inne på kor stas det var å vitja ein god platebutikk, der dei bak disken ofte var læremeistrar for kundane, og tilrådde kvalitetsmusikk.

Det er ikkje noko poeng i å ramsa opp alle som er intervjua, men variasjonen er stor. Nokre slo gjennom alt i 1950-åra, andre er relativt ferske. Nokre spelar punk, andre ligg meir midt i vegen. Nokre snakkar om venta plater, andre snakkar om uventa. Ian MacKaye frå Fugazi (m.m.) snakkar til dømes om ei trippel-plate frå Woodstock-festivalen.

Guffen tilrår.  

26. mai 2022

My Next Guest Needs No Introduction, sesong 4 (2022)

 

Dette er framleis ein fin serie. David Letterman kan snakka med folk - han ler når det trengst, han teier når det trengst, han er sympatisk når det trengst. Han stiller dei rette spørsmåla, og han får dei han snakkar med til å snakka godt.

Samstundes er jo ein god samtale avhengig av meir enn éin person. Dei episodane som fungerer best her er dei der også den andre gjev eit godt inntrykk. Slik er det ikkje alltid. Will Smith verkar altfor høg på seg sjølv, og har ikkje så mykje interessant på hjarta. Episoden med Cardi B tek seg stort opp i den siste halvdelen, men fram til dess er ho litt for mykje stjerne. Samtalen med Billie Eilish og bror hennar er sånn midt på treet - av og til sjarmerande, av og til noko meir livlaus.

Dei tre siste episodane er dei beste. Ryan Reynolds, som eg har sett i nokre filmar eller på fjernsyn, men som eg ikkje ante kva heiter, er aldeles avslappa og sjarmerande. Basketballspelaren Kevin Durant, som eg aldri har høyrt om, er ikkje den som snakkar mest, men han har ein flott humor. Julia Louis-Dreyfus er òg rimeleg underhaldande.

Men fellesnemnaren er altså Letterman. Nokre intervju er på ei scene, andre er i meir vanlege rom (eller utandørs). I tillegg til intervjua kjem det heile tida ein aktivitet - fisking, gocart, pizza-laging, osb - og her er Letterman i sitt ess. Han smalltalkar utan stopp, han seier absurde ting, han får folk til å le, og det er ikkje vanskeleg å skjøna at han fekk ei lang karriere på amerikansk fjernsyn.

Guffen tilrår.   

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)

22. mai 2022

Ragnar Hovland: Fredlaus (2006)

Forteljaren i denne boka får vita at foreldra skal flytta frå kvarandre. Han orkar ikkje meir, og flyttar ut i skogen. Han finn eit hus som står tomt, der han på merkeleg vis greier seg rimeleg godt. Han fiskar litt, han får hjelpa av andre som bur i skogen, systera kjem innom med mat, og han har det eigentleg heilt greitt. 

Han hadde nok sett føre seg at det skulle verta hakket rolegare enn det vart. Det er eit endelaust renn av folk, både kjende og ukjende. I andre Hovland-bøker reiser gjerne hovudperson for å møta nokon, hovudpersonen er gjerne på farten heile tida, men her er det altså annleis. Dei fleste som kjem innom vert godt mottekne, men det vert litt krevjande når ein klassekamerat flyttar inn og vert der store deler av sommarferien.

Det er ei heilt grei bok, sjølv om dei heilt store og originale påfunna til Hovland manglar. 

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

18. mai 2022

Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)

Me er på veg inn i den mest interessante delen av forfattarskapen til Vesaas. Det handlar ikkje lenger om å fortelja historier, no er han meir oppteken av å drøfta spørsmål, av å prøva ut ulike idear. 

Utgangspunktet her er vel eit slags firkantdrama. Johan Tander kjenner det som om han og kona Elise glir frå kvarandre. Han drøymer om Vera, ei av kvinnene som arbeider i vaskeriet hans, men ho er meir interessert i Jan Vang, ein skogsarbeidar som leiger rom i det same huset som vaskeriet er. Elise veit ikkje kva ho skal gjera for å få Tander tilbake, og ei natt skriv ho "Johan Tander har ingen brydd seg om" på veggen tvers over vegen. Tander er overtydd om at det er Jan Vang som har skrive det, og han ser berre ein utveg: Han må ta livet av Vang.

Det går ikkje heilt etter planen, men det er ikkje så viktig. Det er ei fin bok, som av og til vert reint klaustrofobisk. Alle går rundt kvarandre, ingen vågar å ta opp det som ligg og dirrar mellom dei, før Tander omsider vitjar Jan Vang. Akkurat då fell nivået, og slutten fungerer ikkje like godt som resten av boka.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

11. mai 2022

Tore Rem, Espen Søbye og Kjartan Fløgstad: På æren løs (2020)

 

Utgangspunktet var 125-årsfesten til Den norske forfatterforeininga. i 2018. Styreleiaren, Heidi Marie Kriznik, gjekk på talarstolen og bad om orsaking for handsaminga nokre medlemmer fekk i 1945. Ein intern æresrett i foreininga irettesette fleire medlemmer for måten dei hadde oppført seg under krigen, og no var timen komen for å gje nokre av dei oppreising. Kriznik las opp 17 namn. 

Denne boka viser at ikkje alle desse fortente den oppreisinga. Tre namn peikar seg ut - Ejlert Bjerke, André Bjerke og Alf Larsen. Alt kort tid etter 125-årsfesten kom det fleire innlegg frå ein eller fleire av dei tre forfattarane, det vart heftige avisdebattar, og etter kvart vart det ei bok av det. Boka er uvanleg grundig, forfattarane dukkar ned i tallause mengder kjelder, og biletet som står att er eintydig: Larsen og far og son fortente omtalen dei fekk rett etter krigen.

Bjerke og Bjerke var omsetjarar for G. Stenersens forlag, eit forlag som gav ut mykje NS- og nazilitteratur, og som handla mykje med okkupantane. I forsvaret sitt etter krigen hevda begge to at dei ikkje visste at forlaget skulle boikottast, men det er uråd å tru på det argumentet. Det kan ikkje vera tvil om at dei visste kva dei gjorde. 

Guffen tilrår. 

6. mai 2022

Slutten på historia (2022)

 

Den tredje samlinga i det me får tru vert ei endelaus rekkje med nye nynorske noveller. Som i dei to fyrste bøkene er her samle noveller av både kjende og rutinerte forfattarar og mindre kjende og mindre rutinerte forfattarar. Forfattarar eg likar godt frå før kjem godt frå oppgåva, men, slik det ofte er i antologiar, her var òg fine noveller frå forfattarar eg ikkje har lese noko av før. Her er stor variasjon, også i lengd - den lengste novella er på tjue sider, den kortaste på tre.

Frode Grytten har skrive tittelnovella, og han er i eit leikent hjørne. Eg-personen arbeider på ein forfattar-fabrikk, og får meldingar frå avdøde forfattarar i draumane sine. Mads Rage skriv om den gongen eg-personen fall for freistinga og stal ein porselensfugl frå eit ope vindauge han gjekk forbi. Kjersti Rorgemoen fortel om ein mann som kjem i snakk med ein gravar på ein kyrkjegard. Alle desse novellene er fine, men det var to andre eg likte best:

Novella til Gaute M. Sortland, som eg ikkje har lese noko av før, er full av uventa vendingar, og var difor ei som fanga meg heilt. Den finaste er den siste og kortaste i boka - Siri Økland skriv om ei kvinne som har ei halvdaud skjor på badet. 

Guffen tilrår. 


5. mai 2022

Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)

Endå eit foredrag i serien til Nasjonalbiblioteket. Dei inviterte forfattarar til å lesa ein forfattarskap som ikkje vert så mykje lesen no som før. Nilssen skriv om Vestly, og boka opnar med noko heilt ukjent: Bestefar til Nilssen hadde vore kjærast Anne-Cath. Vestly. I alle fall var det det ho hadde høyrt då ho var ung.

Nilssen bruker bøkene til Vestly, spesielt bøkene om mormora og dei åtte ungane, til å snakka om likestilling og kjønnsroller. Litt i litteraturen, mest i samfunnet. I åttebarnsfamilien er faren lastebilsjåfør, medan mora er heimeverande. Då den trygge mormora må hentast inn som ekstrahjelp, er ho aldeles hjelpelaus når ho kjem til byen. Ingen av delane er heilt greitt i dag, men det er ikkje uvanleg: Me har konfirmant i huset neste helg, og mormora må hentast på Flesland - ho greier ikkje å ta seg vidare til Voss åleine.

Andre tema Nilssen finn i bøkene til Vestly er økonomi og sjølvstendige born. Familien har lite å rutta med, men dei ruttar så godt dei kan. Ungane hjelper kvarandre, og får eit ansvar Nilssen kjenner att frå eigen barndom, men som ho ikkje ville gjeve til eigne ungar.

Det er ei fin bok/eit fint foredrag. Det er den tredje boka eg les i denne serien, og sjølv om forfattarane/foredragshaldarane legg det opp ulikt, er det absolutt verdt bryet.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Uønska åtferd (2023)

3. mai 2022

Mike Cidoni Lennox and Chris May with Richard Carpenter: Carpenters. The Musical Legacy (2021)

 

Carpenters var middle of the road og vel så det, men dei gav ut mange fulltreffarar. Syskenparet Richard og Karen utfylte kvarandre godt - han var ein solid komponist og ein suveren arrangør; ho var ein habil trommeslagar og ein fabelaktig vokalist. Glansdagane deira var fyrste halvdel av 1970-åra, då dei jamleg toppa hitlister verda over, og der dei kvart år heldt hundrevis av konsertar.

Det vart etter kvart eit slitsamt liv, og verst vart det for Karen. Ho fekk store eteproblem, og døydde i 1983, 32 år gamal. 

I føreordet til denne boka skriv Lennox og May at dei var usikre på om Richard Carpenter ville samarbeida med dei. Dei visste at han framleis var skuffa over ein annan bandbiografi han var involvert i: Den boka handla mest om sjukdomen til Karen. Richard vart med i dette samarbeidet på eitt vilkår - det skulle handla om musikken.

Og det gjer det. Det er informative og detaljert kapittel om singlar og plater, om konsertar og andre hendingar. Det vert nesten litt for mykje, og av og til tok eg meg i å lengta etter litt meir variasjon. Men boka gav meg lyst til å høyra litt Carpenters igjen, og det går òg greitt, så lenge det ikkje vert for mykje av det gode.

Guffen tilrår.

2. mai 2022

Eirik Ingebrigtsen: Viddesyn (2009)

 

Sara og Mona er på fottur over Hardangervidda. Dei er mor og dotter, og begge har sitt å stri med. Mona har plaga andre elevar på skulen og er difor utvist. Sara slit med synet - det og dei ho ser på glir oppover. Diagnosen hennar er vel ikkje heilt offisiell, men ho og dokteren hennar meiner at det kan vera greitt å gå ei veke på den rimeleg flate Hardangervidda.

Dei to har ikkje ein altfor god tone. Dei er på lag når dei møter andre (og det gjer dei ofte), men er ikkje like mykje på lag når det berre er dei to. Etter nokre dagar møter dei (etter avtale) syster til Sara, og ho tek med seg Mona ned til Odda. Sara går vidare til Vøringsfossen, der ho møter dokteren sin. Slutten av boka er (stort sett) utdrag frå ei diktsamling han har skrive, og det er ikkje den einaste gongen romanen vert broten opp av eit (anna) litterært verk: Midt i boka får me lesa novella "Kongleprøven" av Erik Engebretsen.

Det er ei ujamn bok. Av og til er det på grensa til glimrande, andre gonger vert det for stilleståande og uinteressant. 

Guffen er lunken.  

1. mai 2022

Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)

 

Bortsett frå den litt misvisande tittelen er dette ei fin bok. Tittelen hintar mot at dette er ei samling intervju med Cobain-intervju; det rette er at det er ei samling Nirvana-intervju. Den nyansen er berre dels overraskande - sjølvsagt er Cobain eit stort namn, men samstundes var han omtrent synonym med Nirvana, slik at tittelen like gjerne kunne vore endra.

Det er uråd å seia om Soulsby har valt ut dei rette intervjua, men her er uansett mange nok til at historia vert greitt fortalt. Haldninga til bandet endrar seg - det vert gradvis mindre og mindre stas med intervju, og det vert gradvis meir og meir pes å vera på turne. Det vert meir og meir alvor i intervjua. Haldninga til journalistane endrar seg sjølvsagt òg - dei tidlegaste intervjua (frå 1989) vert gjort med fanziner og små radiostasjonar, dei siste vert ofte gjort med store media. Journalistane har gjerne reist frå andre land.

Cobain tok livet sitt i 1994. Eitt av dei siste intervjua i boka vart trykt etter at han var død, og opninga på det intervjuet minner meir om det som er skrive om Nirvana i åra etter. 

Kvart intervju opnar med nokre nyskrivne avsnitt, der journalist eller reportar fortel om korleis dei opplevde intervjusituasjonen. Her er det ikkje uvanleg at dei a) angrar på at dei ikkje vart fotograferte saman med Cobain, eller b) skriv at dei ikkje ante at Cobain skulle verta ei slik legende.

Guffen tilrår. 

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)