22. juli 2018

Motorpsycho (Moldejazz, 21.7.2018)

Det snedige med at foreldra til Marit bur ein halvtime unna Molde er at ein lett kan kombinera feriebesøk der med konsertar på Moldejazz. Det er rett nok ikkje ofte eg tek turen dit, det er som regel viss det står noko Motorpsycho-relatert på programmet. I 2002 hadde dei med seg blåsarar frå Jaga Jazzist; ein fin konsert som dels vert hugsa for opningskommentaren om at sist dei spelte i Molde var det berre 18 stykk som kom. I 2007 var eg på Kanon, eit prosjekt styrt av Øyvind Brandtsegg, der dei to ur-psychoane mellom anna hadde selskap av Kenneth Kapstad.

I år hadde dei med seg Ola Kvernberg, som sist samarbeidde med Motorpsycho om rockeoperaen The Death Defying Unicorn, og Kristoffer Lo, som var med på store delar av turneen i fjor haust. På førehand hadde dei varsla at det vart mykje frå albumet The Tower, som kom i fjor. Slik vart det òg, seks av åtte songar var henta derfrå.

Dei to andre songane opna og avslutta konserten - ekstranummeret var ein mild og forsiktig "Feel" frå 1994, medan opningsnummeret var ein massiv "Un Chien d'Espace" frå 1997. Denne hadde fått ei ny opning, der dei brukte nokre minutt på å improvisera seg fram til det vanlege opningstemaet. Også før romskipet tok av var det nokre improviserande minutt. Sjølve romturen var solid, om enn ikkje like solid som i Bergen i september i fjor. Ei eg snakka med før konserten var ukjend med bandet frå før, og verka litt mellomnøgd etterpå. Det kan vera ei føremon å kjenna musikken frå før. Eg veit at jazzpublikum har for vane å klappa etter soloar eller andre prestasjonar som fortener applaus, men her verka det som om svært mange trudde at songen var slutt etter opningsversa. Kva dei tenkte då opningstemaet kom attende etter ein halvtime anar eg ikkje.

Også songane frå The Tower fekk tidvis nye og lange parti. Eg trur det var på "Pacific Sonata" at Kvernberg fyrste gong verkeleg viste seg fram, med ein lang fiolinsolo. Både han og Lo fylte ut lydbiletet godt, Lo veksla mellom gitar, tangentar og eit eller anna horn.

Det var ein fin kveld. Av dei siste Motorpsycho-platene er The Tower den eg har høyrt suverent mest på, og songane står seg godt. "Cuckoo" synest eg fungerte mindre godt; dei andre var ein rein fest. Og at dei roa det heile ned med ein svært roleg "Feel" var ei fin avslutning på kvelden.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar