25. november 2018

Bill Bryson: Down Under (2000)

Australia er eit merkeleg land. Eg har aldri vore der, men har sjølvsagt fått med meg at det er noko utanom det vanlege. Mange dyr, plantar og mineralar finst berre der. Dei som er på jakt etter noko kuriøst kan altså trygt ta turen. Det er såleis eit perfekt reisemål for Bill Bryson. Han er alltid på leit etter det uvanlege og etter dei gode historiene, og i Australia finn han dette overalt.

Turen hans ser ut til å vera tredelt, også i tid. Han opnar med ei reise til den tettast befolka delen av Australia, det sørvestlege hjørna. Så er han i nordaust, nord og sentralt, før han avsluttar på vestkysten. Han vekslar mellom eigne opplevingar og historiske tilbakeblikk.

Det siste har han mange av, kanskje av di han fleire gonger er inne på at ingen andre bryr seg om det som skjer i Australia. Dels på grunn av det er det mange rare hendingar å dra fram: Han skriv til dømes om den fyrste gongen etterkomarar av europeiske immigrantar var på ekspedisjon langt ute i ørkenen. Dei trefte nokre innfødde, og det fyrste ein av dei innfødde gjorde var å bøya seg ned og knyta skolissene til ein av immigrantane. Heilt perfekt skoknute, knytt av ein som ikkje brukte sko sjølv. Kven hadde han lært det av? Ingen veit.

Han skriv godt, og her er sjølvsagt mykje å le av. Han viser òg fram fine haldningar, slik han har for vane - han er heilt på lag med det australske urfolket, han er kritisk til dei som vassar i pengar utan å bruka dei til noko fornuftig, og han er kritisk til korleis folk øydelegg naturen og naturressursane.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
Notes from a Small Island (1995)
A Walk in the Woods (1998)
Notes from a Big Country (1998)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)
The Body (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar