29. juni 2018

Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)

Eg har jamleg kjøpt bøker om Marx Brothers sidan slutten av 80-åra, og har det aller meste som er gjeve ut. Denne boka er ei av dei aller beste. Adamson går gjennom karriera deira, og går godt og grundig gjennom stykka og filmane deira. Han er i dag arkivar ved eit filmarkiv, trur eg, og det viser att: Kvar filmomtale opnar med ein gjennomgang av korleis manus endra seg, før han går inn i sjølve filmen. Han ser stort sett vekk frå alt som handlar om å driva historia i filmen vidare, for Adamson er det humoren i filmane som er viktig.

Og det som er så forfriskande er at Adamson skriv morosamt sjølv. Vitsane står ikkje i vegen for analysar og historier, men dei utfyller dei og gjer at boka vert ein fryd å lesa. Han ser òg det som alle andre ser, at mange av filmane deira ikkje er spesielt bra, og då får dei høyra det: I kapitla om dei fire-fem siste filmane er han ikkje nådig. Her dukkar likevel opp enkeltscener som er bra, som i At the Circus, og då vert han nesten nostalgisk - han gler seg over at dei greier å henta fram att det dei gjorde regelmessig berre fem-seks år tidlegare.

Boka er rikt illustrert, her er mange manusutdrag frå dei beste scenene, her er mange gode (og mange mindre gode) anekdotar frå dei ulike filmane, og det vert altså ei av dei heilt sentrale Marx-bøkene.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

24. juni 2018

Mary Shelley: Frankenstein (1818)

Skald forlag gjev ut godbitar frå litteraturhistoria på nytt, og nivået er høgt. Slik er det også ved denne boka. Eg har ho ståande på engelsk ein stad, men har ikkje lese ho før no.

Forskaren Victor Frankenstein skapar liv, og dette mennesket viser seg å sjå så skremmande ut at det held seg for seg sjølv. Det søkjer tilflukt i eit skur, og gjennom å studera dei tre-fire personane i nabohuset lærer det seg både lese- og skrivekunsten. Når det tek kontakt med ein av dei, ein som er blind, går det greitt, men når dei andre ser korleis skapningen ser ut, vert dei redde og spring vekk. Mennesket søkjer opp Frankenstein, og tek etter kvart livet av fleire som står han nær. Til sist tek det livet av Frankenstein, og fortel han som er vitne til det, og som er forteljaren i rammehistoria i boka, at det no skal reisa til Nordpolen for å ta livet sitt der.

Frankenstein gjev ikkje det han har skapt noko eigennamn, og det bruker heller ikkje noko slikt om seg sjølv. I boka vert det av andre omtala som eit monster, men det er det jo ikkje. Denne skapninga søkjer heile tida etter selskap, etter nokon han kan vera saman med, men ingen vil vera nær nokon som ser så fæl ut. Og det er vel det som er det grunnleggjande i boka, dette med å skua hunden på håra.

Det er ei god bok, og det var eg eigentleg ikkje budd på. Ho er velskriven, godt oppbygd, og fenga meg langt meir enn eg trudde.

Guffen tilrår.

22. juni 2018

Ottar Grepstad (red.): Forfattarens skriftstader (2018)

I museums-Noreg er det fleire faglege nettverk. Eitt av dei, Litteraturnettverket, står bak denne boka. Artiklane er skrivne av tolv forfattarar frå seks museum. Fellesnemnaren for artiklane er korleis museum forvaltar arven etter forfattarar, og korleis heimane deira er eller har vorte minnestader.

Artiklane som fengar meg mest er (ikkje uventa) dei som handlar om nynorskforfattarar. Det er ikkje det same som at dei artiklane er dei beste, men det viser noko som fleire av forfattarane er innom - nokre av musea har fungert om lag som pilegrimsmål. På same måte som det for meg er viktigare å vitja museum eller heimar knytt til forfattarar eg likar, er det lettare å verta fenga av artiklar om forfattarar eg likar.

Slik sett er artiklane om feiringa av Aasen og Vinje fram til 1918 og om Garborg og Knudaheio dei som fengar mest. Noko var kjent frå før, men her var sjølvsagt òg mykje nytt. Av dei andre artiklane var den om kjøkenet i huset Ibsen vaks opp god, mest av di han viste korleis museum lett kan presentera noko som ikkje er heilt sant.

Guffen tilrår.

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

20. juni 2018

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)

I hovudoppgåva mi var eg så vidt innom Kensingtonsteinen. Denne steinen har ei runeinnskrift, vart funnen i Kensington i Minnesota i 1898, og teksten fortel om ein svensk/norsk ekspedisjon frå 1362. Eg brukte steinen som døme på ein heimlandsmyte, altså at svensk- og norskamerikanarar brukte steinen som prov på at dei var der fyrst, og at dei hadde ein spesiell rett til å vera i USA. Eg skreiv ein kronikk i BT om steinen, og kom inn i ein fascinerande avispolemikk med ein kar som var overtydd om at innskrifta var ekte. Ein dag eg tusla forbi bokhylla fann eg ut at eg ville friska opp att soga om steinen, og tek til med ei bok av ein annan som var overtydd om at innskrifta var ekte.

Holand skreiv fleire bøker, og dokumenterte mykje frå den tidlege perioden til norskamerikanarar. I arbeidet med ei bok om historia til dei norske settlementa fekk han høyra om Kensingtonsteinen. Han kjøpte (eller fekk) tak i steinen, og gjorde det han kunne for å overtyda andre om at innskrifta var ekte, og at teksten fortalde om ein verkeleg ekspedisjon. I denne boka, som er den fyrste han skreiv om steinen, samlar han argumenta sine.

Holand har ein litt uvanleg argumentasjonsmåte. Han verkar fullt klar over at det ikkje finst prov på at innskrifta er ekte, eller at ekspedisjonen vart gjennomført, men tek for seg punkt for punkt i eigne kapittel. Han sluttar gjerne kapitla med å seia at det han har skrive om så langt viser at dette kan vera sant. Når han kjem til neste kapittel, er det sant.

Steinen vart funnen av den svenskamerikanske bonden Olof Öhman. Han rydda skog på eigedomen sin, og fann steinen i røtene av eit tre. Teksten, som han ikkje greidde å tyda sjølv, fortel om åtte svenskar og 22 nordmenn som var stranda her. Ti menn var drepne, ti menn var att ved havet for å passa på skipa deira. Teksten slutta med "år 1362". Både språkbruk, ordval og runeteikn tyda på falskneri, men Holand prøver å overtyda lesaren om at det ikkje er det. Han koplar det saman med ein mogeleg ekspedisjon som var sendt ut frå Noreg i 1355, utan å ta omsyn til at så kort tid etter svartedauden var det neppe ekspedisjonar til utlandet som var høgast prioritert.

Det verkar som om Holand har ein klar agenda: Han vil ikkje undersøkja steinen og innskrifta for å sjå om det kan vera sant, han vil gjera det for å visa at det er sant. Han har svaret klart før han går i gang med drøftinga. Mot slutten av boka viklar han seg inn noko altfor rare greier. Fyrst viser han til funn av økser i jorda i Minnesota, økser som han meiner folk i ekspedisjonen kan ha hatt med seg. Deretter skriv han om borehol i steinane langs elva ekspedisjonen skal ha padla opp, og meiner at dette er hol dei laga for å fortøya båtane sine. Innskrifta fortel at om ein innsjø med to små skjer, Holand legg ut på leit etter denne sjøen. Han finn ein sjø med to skjer som så vidt stikk opp over vatnet, og legg då heilt vekk det han har skrive nokre sider tidlegare - at vatnet stod høgare i dette området på 1300-talet.

Det er ei merkeleg bok, men ho er òg fascinerande. Det er ei bok som mange les i fullt alvor, og boka vart eit utgangspunkt for den store debatten om steinen.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

17. juni 2018

Toralv Maurstad: For et liv (2012)

I serien bøker eg aldri hadde tenkt eg skulle lesa er me no komne fram til denne. Eg venta på Ivar på kulturhuset, og der har dei ei hylle med bytebøker - du kan anten setja att ei bok, eller ta med deg ei bok. Medan eg venta tok eg ut denne boka, las litt i ho, og tenkte at denne kan eg jo lesa ut ein gong.

Var det verdt bryet? Nja. Det er ein sjølvbiografi, med alt det fører med seg. Maurstad er ein god forteljar, slik at dei mange anekdotane og forteljingane hans vert godt fortalde. Samstundes er boka litt utflytande, og det hadde vore greitt om han av og til samla trådane litt meir, og var meir konkret på kva år dette kapitlet handla om, og kanskje òg kven dei han snakka om var - han kjem ofte tilbake til folk han har skrive om før, og han hugsar ikkje alltid å minna oss på akkurat det. At det er ein sjølvbiografi gjer nok òg at han stiller seg i eit betre lys i situasjonar der han var omdiskutert. Han er open om at han ikkje var den mest populære teatersjefen Nationaltheatret har hatt, men tonar det likevel kraftig ned.

Og mykje av dette handlar altså om forlaget. Ein myndig redaktør kunne ha gjort denne boka langt meir spanande. Sjølv om mange av anekdotane kan vera heilt greie, vert det litt for mange av dei. Og nokre av dei er heller ikkje spesielt gode.

Guffen er lunken.

16. juni 2018

Dunkirk (2017)

Tidleg i den andre verdskrigen, i mai 1940, vart franske og britiske soldatar pressa tilbake av tyske soldatar, heilt til den franske byen Dunkirk. Dei var omringa, og den einaste fluktvegen var over kanalen til England. Dei var enormt mange, men med litt hjelp frå flyvåpenet, litt hjelp frå marinen, og mykje hjelp frå sivile fartøy, greidde meir enn 300 000 soldatar å koma seg attende til Storbritannia.

Denne filmen handlar om denne evakueringa. Historia er både godt og mindre godt fortalt. Det vekslar mellom dei på stranda, dei i lufta, og dei på ein livsviktig molo, og me er heile tida heilt oppe i dei det handlar om. Samstundes saknar eg noko litt meir overordna, som fortel korleis det faktisk let seg gjera å få vekk så mange. Det store spørsmålet, som filmen ikkje svarar på, er kvifor i alle dagar Tyskland ikkje pøste på med fleire fly - dei britiske flya ville ikkje vore i stand til å verna dei mange soldatane som var på stranda, utan noko form for vern. Det tyske luftvåpenet var truleg oppteke på anna hald, men likevel: Det verkar rart at dei ikkje hadde god nok oversikt over situasjonen til at dei såg at her kunne dei laga ein massakre.

Guffen er lunken.

15. juni 2018

Voss Sparebank 175 år (Voss, 14.6.2018)

Voss Sparebank fyller 175 år, og markerer dette ved tre høve. I november vert det både festmiddag og kyrkjekonsert; i går var det bokbad og Odd Nordstoga-konsert. Med eit matøkt midt i.

Bokbadet i Gamlekinoen var svært bra. Banken har fått laga ei jubileumsbok, skriven av Jørn Lekve. Bokbadet var leia av Linda Eide, og ho samtala med Lekve og banksjef Jørund Rong. Det var ein trio som passa godt saman, det var passeleg med alvor og passeleg med humor, og dei fekk fram mange gode poeng. Dei brukte til dømes litt tid på Steffens-pengane, som vart trykt på Voss i april 1940. Dette var dei fyrste pengesetlane med nynorsk tekst, og vart trykt av di det ikkje var pengar nok i omlaup desse dagane. Noko av dette har vore kjent frå før, men Rong, som er uvanleg interessert i historie, hadde funne dokument som utfylte historia.

Etter maten var det konsert med Odd Nordstoga i Vossasalen. Eg likar eigentleg Nordstoga best når han gjer noko anna, både Nivelkinn (med Øyonn Groven Myhren) og Storegut (med Aasmund Nordstoga og ein til, ein Buen-gut, trur eg) var store opplevingar. Her var han saman med eit band, slik at eg hadde relativt låge forventingar. Og det vart relativt livlaust. Songane var like, der var ingen tekstar som greip meg, og det er veldig freistande å dra nokre dårlege vitsar med utgangspunkt i ein av dei fyrste songane hans spelte, "Kjedelig iblant". Av og til livna det til, best likte eg to songar frå Vaffelhjarte-serien, men det var ikkje nokon stor konsert, dette.

Guffen er lunken.

12. juni 2018

Bill Bryson: A Walk in the Woods (1998)

Appalachane er ei rekkje fjellrekkjer i det austlege Nord-Amerika, frå ein stad i Sørstatane i USA til Newfoundland i Canada. I den amerikanske delen av fjella vart det i 1930-åra laga ein gjennomgåande sti, The Appalchian Trail. Denne er i dag om lag 3500 kilometer lang. Mange går heile eller delar av stien, og det er det som er utgangspunktet her.

Bill Bryson finn ut at han vil prøva å gå heile denne ruta. Han prøver å få selskap på delar av ruta, og får ein uventa telefon frå barndomskameraten Stephen Katz. Katz, som eigentleg heiter noko heilt anna, hadde òg ei birolle i Neither Here nor There, ei av dei fyrste bøkene til Bryson. Dei slår seg saman, kjøper altfor mykje turutstyr, og flyg til Georgia. Planen er å gå heile vegen heimatt til Maine. Det går ikkje, dei er altfor dårleg trente, men det gjer ingenting.

Dei møter mange rare folk, dei er redde for dei ville dyra (som dei omtrent ikkje møter), dei lengtar etter god mat og god drikke, og går leie relativt fort. I alle fall leie nok til at dei avbryt turen. Dei møtest igjen seinare for å gå ein vidgjeten strekning i Maine, der ruta går gjennom 160 kilometer med villmark. Dei avbryt også den delen.

Bryson er i toppform i denne boka. Han drit ut dei han kan drita ut, og veldig mange av dei andre turgåarane dei møter får så hatten passar. Samstundes drit han òg seg sjølv ut. Innimellom refereringa frå turane kjem han med historikk, både knytt til ruta og til områda dei går gjennom. Her er han som vanleg open for det som måtte finnast av kuriøse fakta. Det var stas å lesa denne boka igjen, og det passar bra før ein sommar då det ser ut til å verta litt turgåing igjen.

Guffen tilrår.

Meir Bryson på kulturguffebloggen
The Lost Continent (1989)
Neither here Nor there (1991)
Notes from a Small Island (1995)
Notes from a Big Country (1998)
Down Under (2000)
Shakespeare. The World as a Stage (2007)
At Home (2010)
One Summer. America 1927 (2013)
The Road to Little Dribbling (2015)
The Body (2019)

10. juni 2018

Jonathan Franzen: Purity (2015)

Dette var eigentleg litt rart. Eg las to Franzen-romanar for nokre år sidan, og kjøpte denne då ho kom i 2015. Eg har likevel venta med å lesa ho, eg hadde ei kjensle av det var litt seige greier. Etter lesinga henta eg fram det eg hadde skrive om dei to føregåande, og ser at eg var svært nøgd med dei. Kvar kjensla av at dette ikkje var så bra kom frå veit eg ikkje, men det stemde, i alle fall. Dette er noko av det seigaste eg har lese, og eg er heller nøgd med at eg kom meg gjennom heile boka.

Kva det handlar om? Purity er ei jente tidleg i tjue-åra, som ikkje veit kven faren er. Ho arbeider litt for ei kvalitetsnettavis i Denver, og vert sendt til Bolivia. Der har ein kar frå Aust-Tyskland bygd opp ein leir der dei leitar på nettet etter løyndomar. Det viser seg at tyskaren og sjefen for avisa i Denver er gamle kjende, slik at Purity får vita kven faren er.

Dette er kortversjonen, sjølvsagt. Franzen bruker langt meir plass enn dette. Han skriv og skriv. I dei fyrste kapitla vert kvar og ein av hovudpersonane introduserte, med endelause historier om kva dei har gjort før, kva dei gjer på akkurat no, og kva dei kunne tenkja seg å gjera. Det går så makelaust seint, og når personane også er heller uinteressante, vert det altså ikkje mykje att å skryta av.

Av og til snakkar eg litteratur med kulturjournalisten i lokalavisa. Han irriterer seg over at alle romanar skal vera så lange no for tida. Eg plar ikkje vera samd med han i det, men etter at eg las denne ser eg absolutt poenget hans.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Franzen på kulturguffebloggen
The Corrections (2001)
Freedom (2010)

9. juni 2018

Bill Minutaglio & Steven L. Davis: The Most Dangerous Man In America (2018)

Ei rar bok, om to rare folk. Tittelen passar på begge to - Nixon omtalte Leary som den farlegaste mannen i USA, medan mange brukte liknande ord om Nixon.

Timothy Leary var ein ivrig talsmann for LSD og andre psykedeliske rusmiddel, både før og etter at LSD vart forbode i USA i 1968. Han var professor i psykologi ved Berkeley og Harvard, før han fekk sparken i 1963. Han heldt fram med forsøk på stoff, skreiv bøker, og vart ein helt for mange. I 1969 stilte han som kandidat i guvernørvalet i California.

Richard Nixon var president i USA frå 1968 til han gjekk av i 1974. Han var konservativ, han var paranoid, og vert ofte sett på som den minst ærlege presidenten USA har hatt.

I 1970 ville Nixon gjera noko med narkotikaproblemet. Han gjorde Leary til ein hovudfiende. Leary vart fengsla i 1970 for å ha blitt teken med hasj to år tidlegare, og det er omtrent her boka tek til. Leary rømmer frå fengselet, greier å koma seg til Algerie, Der trivst han (og kona) dårleg, dei bur hjå ein av leiarane i Black Panthers, og dei rømmer vidare til Sveits, der dei skil lag. Leary kjem seg til Afghanistan, der han omsider vert fanga og sendt til USA. Han vart fengsla, og ei kort tid sat han i nabocella til Charles Manson.

Historia er grei nok. Leary har kontakt med fleire motkulturelle miljø, slik at det kjem godt fram kor stor motstanden var mot det etablerte. Men det er likevel ei rar bok. Nixon er nesten ikkje synleg. Boka er òg komponert rart, med kapittel som sjeldan er på meir enn fire sider. Språket og skrivestilen er heller ikkje spesielt bra, slik at det tidvis vart litt seigt.

Guffen er lunken.

5. juni 2018

My Next Guest Needs No Introduction. With David Letterman (sesong 1, 2018)

David Letterman var ein av svært, svært få fjernsynsfolk eg såg så mykje som råd av. Han hadde eit talkshow på amerikansk fjernsyn i over tretti år. Eg såg det av og til i USA, og ei stund gjekk det òg jamleg på NRK2. Han var morosam, hadde mange faste gode innslag, han tok ikkje seg sjølv altfor seriøst, og skapte som regel god stemning når han fekk gjestar ved skrivebordet sitt.

Han gav seg som fjernsynsvert i 2015, og etter det han visst ikkje gjort så mykje anna enn å la skjegget gro. I denne serien er han tilbake, og settinga er veldig enkel: Han sit på ein scene saman med éin gjest, og dei snakkar saman i ein liten time. Kjemien mellom dei to er altså viktig, og dei beste av dei sju episodane er når begge to får den andre til å le. Som regel er dette bra, men to av episodane dreg det samla inntrykket ned. Jay-Z er litt for sjølvhøgtideleg, medan Malala Yousafzai har ei litt for alvorleg historie å fortelja. Det programmet bryt med den lystige stemninga elles.

Dei andre gjestane fungerer altså godt. Han opnar med sjølvaste Barack Obama. Fleire ting sit att etter den episoden. Måten publikum helsar han på er fabelaktig, der dei går rett inn i ein jublande, ståande applaus - ei kvinne hoppar opp og ned som om ho var på Beatles-konsert. Obama er òg morosam, og har ein veremåte som står så til dei grader i kontrast med han som overtok som president. Andre gjestar er George Clooney, Tina Fey og Howard Stern, som alle er morosame og gode, og fungerer godt saman med Letterman. Fleire av episodane vert brotne opp av korte innslag der Letterman vitjar stader eller folk som har vore viktige for gjesten hans.

Og til slutt kjem det like godt ein bonus-episode, der det ser ut som om premisset er at Jerry Seinfeld skal intervjua Letterman. Dei intervjuar kvarandre, og sjølv om latteren til Seinfeld verkar litt falsk og innøvd, er det veldig mykje bra her. Som då Letterman spør Seinfeld om han vitsar med Trump, og Seinfeld svarar at det ikkje interesserer han. Men han vitsar mykje om rosiner, fortel han, og han går inn i ein halvlang monolog om ulike rosinprodusentar.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

3. juni 2018

House of Cards, sesong 5 (2017)

Huff. Dette var seige greier. Dei fyrste sesongane av serien var bra, og det er nesten oppsiktsvekkande kor mykje han har tapt seg. Det går seint, det er keisame plott, det er få fengande replikkar, og me fortener nesten ros for å ha kjempa oss gjennom.

Veldig mykje tid går med på å ta oss gjennom det amerikanske presidentvalet. Francis Underwood stiller som presidentkandidat, med kona Claire som visepresidentkandidat. Dei ser at dei kjem til å tapa, og skapar inntrykk av at det er noko terror histen og pisten. Når tala er klare krev dei omval i to statar, av di vallokala vart stengde. Det vert omval, og før det omvalet raknar det for motkandidaten. Underwood-paret vert buande i Det kvite hus, men alt går gale, og sesongen endar med at han går av, og at ho rykkjer opp til president.

Det er altså mykje som går gale. Det går til dømes altfor lang tid før valet vert avklara - det er grenser for kor lenge det er interessant. Det er òg altfor mange referansar til personar som har vore innom i tidlegare sesongar - det kan godt henda at andre sjåarar hugsar desse, men så lenge det berre er namn (og ikkje fjes eller tittel) er det uråd å hengja med. Det er òg slik at det kjem for lite nytt inn - det heile verkar som HOC-episodar me har sett før.

Det kjem visst ein (halv) sesong til, og det ser ut til at mange har bede om å sleppa å vera med der. At Kevin Spacey (som spelar Frank Underwood) ikkje er med der har andre grunnar, men i den siste episoden vert to andre drepne og ei anna sendt på sjukehus med alvorlege skader, så det er mange som har kome seg ut.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)
Sesong 4 (2016)
Sesong 6 (2018)